Delingskultur

Share

Ei heil veke haustferie utan å skrive på bloggen, det må vel kallast ferie. Men no er skulen i gong att, og dermed er det vel tid å kom i gang med blogging att.

Sist måndag kom eg til å høyre på eit program i EKKO, programmet på P2 som går frå klokka 9 til 11. Dei snakka om delingskultur, det at ein har fått appar på mobiltelefonane som held styr på mange delingsprosjekt som ein før ikkje kunne gjennomføre. Dei fortalde om folk som byttelåner hus og leiligheter, om nettstad der ein kan spørje etter skyss for seg sjølv eller ein pakke og få ordna det med folk som likevel skal same vegen. Heidi Lunde var i studio og snakka om blokker i byar der folk har 60 drillar, det hadde jo vore meir fornuftig å ha tre drillar som folk kunne bytast om å bruke, i staden for å ha 60 drillar som mest aldri vert brukte. Ein byttesentral i ei slik blokk kunne gje grunnlag for mykje sosialt liv og sterk reduksjon i alt folk samlar på. Industrisamfunnet var oppteke av at folk skulle eige sjølv, men i det post-industrielle samfunnet trong det ikkje vere så viktig, i vårt samfunn burde ein heller dele på godene i staden for å eige.

Biblioteket er eit slikt senter for delingskultur. Der er prinsippet om at det skal vere gratis, svært viktig. I programmet vart det og snakka om grupper som gjev bøker vidare når dei er lesne, ein treng jo ikkje eige stappfulle bokhyller, særleg ikkje når ein i tillegg til å finne bøkene på biblioteket, i mange tilfelle også kan finne dei på Internett. Kulturen vår er i endring, ikkje minst musikken syner det. No kjøper ikkje folk CD-ar lenger, musikken vert streama via datamaskinen til musikkanlegget i stova så vel som via mobiltelefonen til høyretelefonar når ein er på farten.

Same dagen som eg høyrde dette programmet, opplevde kona mi og eg tilsvarande delingskultur på parkeringsplassen til Sørlandet Sykehus Kristiansand. Før var det eit system der kor ein drog kort i ein kortautomat og betalte for tida ein hadde stått når ein henta bilen. Men etter at dei for ei tid tilbake endra systemet, har eg alltid med meg kontantar når eg skal parkere der, for systemet med å bruke kort er for innfløkt for ei så enkel sjel som meg. Men denne dagen slapp eg å betale, for det kom ein som hadde blitt ferdig tidlegare enn han hadde trudd, og som difor hadde ein parkeringslapp som framleis hadde mykje tid til overs. Den fekk vi, og vi sa ikkje nei takk til ei slik gåve ein måndagsmorgon.

Delingskultur har ein nok hatt til alle tider. Dugnad kallast det, og Valle Radio er eit slikt produkt. Gled deg over at folk vil dele med seg litt av det dei har også gjennom denne kanalen.