So gjeng eit år

Share

Tidi renne og alli snåvar,
ho fere fortar hell hesten tråvar.
Det fer ein vetre, so fer ein vår
so renn ein sumår, so gjeng eit år.

Slik heiter det i eit stev der første linja er mykje sitert, men dei tre andre var meir ukjende då eg las dei på framsida i Setesdølen i går. Det kjennest som om tidi renn fortar og fortar dess fleire år ein får bak seg.

Eg er takksam for dagane eg har fått i året som gjekk. Eg har fått vore på jobb for å hjelpe flyktningar i Valle til å forstå norsk, og i år klarte fleire dei aktuelle testane då dei var i Kristiansand for å prøve seg. Det gode kollegafellesskapet vi har hatt, vi som på ulike måtar er med i dette arbeidet, har også vore ein rikdom.

I fritida i Valle har eg gleda av å vere med i Valle Radio. Det er ein rikdom som har gitt ein vitelysten person mykje lærdom. Eg har møtt mange flotte folk som har vore med i programma. Du kan sjå kven det var om du rotar rundt på Setesdalswiki sine sider om programma til Valle Radio. Medarbeidarane i radioen er det og ein rikdom å samarbeide med. I år hadde vi til og med personaltur og då kom eg til Kilden for første gong. Høgt oppe, så høgt at eg burde hatt kikkert, fekk eg høyre Sissel Kyrkjebø live, også det for første gong.

Endeleg så puslar eg med Setesdalswiki. Pr 1. januar har dette leksikonet for Setesdal 4813 artiklar. Av dei kom 1253 i år, om lag 100 færre enn i løpet av fjoråret. Takk til Helge Haugland, Reidar Tveito og Siri Johannessen som har vore mest med i arbeidet, men også dei andre som har levert artiklar. Vel så interessant som auken på artiklar er det at det har vore over 50.000 unike gjester som har funne informasjon der. Sjå meir om det på http://www.setesdalswiki.no/wiki/Setesdalswiki:S%C3%A5pekasse#1253_artiklar_i_2013

Arbeidet med Setesdalswiki er ein del av engasjementet mitt i samband med Setesdalskonferansen. Eg er svært takksam for å få det unike innblikket i næringslivsarbeidet som Setesdal Regionråd står for og ikkje mindre takksam til dagleg leiar Signe Sollien Haugå for den inkluderande måten ho møter oss på.

I året som gjekk har eg vore vekependlar og om eg er takksam for livet i Valle og aktivitetane der, er eg ikkje mindre takksam for å kunne reise heim til Reidun i Mandal kvar fredag. Samværet med henne gjev krefter til å halde fram med dei gjeremål eg har. At barn og barnebarn trivst og har det godt, er og ein rikdom å takke både Gud og dei for. Godt nytt år 2014. Må det bli til velsigning.

Stein Haugland Sjøservice

Share

Det eg skriv i kveld har lite med Valle Radio å gjere. Det har heller ikkje noko med Valle i Setesdal å gjere, men mange som har kjørt E18 frå Kristiansand til Oslo, har nok sett skiltet til Valle i Bamble kommune. Litt lenger aust ligg Sandøya, der dotter vår Margunn og mannen hennar Stein held til.

Eg fortalde i ein blogg for eit par dagar sidan om korleis dei to saman med Helge reiste frå oss i Mandal fredag i romjula for å dra heim til Sandøya og sikre båten i den sterke sønnavinden som reiv og sleit i fortøyningane. Dei heldt på til klokka eitt på natta før båten var trygg. Båten var Fjellvind, ein båt Stein skal bruke til taxibåt frå april når han sluttar i jobben som lagersjef i RHI på Herøya.

Eg har i mitt stille sinn tenkt at det er dristig satsing og eg les i Breviksposten at tidlegare forsøk på å drive ordinær taxibåt i Brevik og Langesund har ikkje vore lønnsomme. Likevel vågar han å starte ei verksemd som har vore draumen hans i mange år, no føler han at tida er inne til å prøve seg. Ettersom det er i Grenland, får han ikkje støtte til prosjektet frå Innovasjon Norge, les eg i avisa, utan at det vert sagt meir om grunnen til det. Han må altså satse sjølv, med innkjøp av ein båt med plass til 16 passasjerer. Investeringa er på tre kvart million, og dette skal gje grunnlag for ein arbeidsplass.

Eg har stor respekt for folk som vågar å satse sjølv. Eg har vore med på Setesdalskonferansen nokre år no og møtt ein del gründarar i Setesdal, den er jo for folk som driv næringsverksemd i Setesdal. Etter kvart har konferansen nådd eit nivå der nærare hundre personar samlast for å få inspirasjon til næringsverksemd. Ulike konsept har blitt presentert for oss, og det er imponerande kva ein kan få til om ein har energi og tru på eit prosjekt. Difor ynskjer eg Stein Haugland Sjøservice til lukke med prosjektet.

Her er lenke til artikkelen i Breviksposten, som er ein del av Porsgrunn Dagblad: http://www.pd.no/breviksposten/article7073352.ece
Og her er lenke til første innlegg på heimesida: http://www.steinsjo.no/

Storfamiliefest

Share

I går reiste vi til Lyngdal på storfamiliefest. Ettersom både dei yngste og den eldste likar betre å feste om dagen enn om kvelden, starta festen klokka eitt og heldt på til tidleg kveld. Vi var heime att mot slutten av Dagsrevyen etter ei triveleg samling der oldemor på 96 møtte 17 oldebarn, fem barn med ektefellar og ganske mange barnebarn, også mange av dei med ektefellar.

Festen baud på gang rundt treet i kjellaren på Å bedehus, eit lokale som var særdeles veleigna til føremålet. Eg hadde vore der ein gong før, men no var det utvida, og ovanpå hadde dei fått ein bruktbutikk som var open kvar laurdag, inntektene gjekk til drifta av huset. Det var i grunnen ein smart måte å sikre seg inntekter for eit bedehus som ikkje har så mange brukarar, etter det eg skjøner, har nok andre bedehus i Lyngdal større nedslagsfelt.

Etter eit godt måltid, spleiselag, må vite, var det tid for gang rundt juletreet og glad julesang. Nokre av oldebarna likte godt å kunne synge for oldemor i mikrofon, det var hatteleik og andre leiker, som det høver seg i eit storfamilieselskap. Ein bordoppgave var å plasser alle oldebarna i rett rekkefølge etter alder, ikkje bare dei 17 som var til stades, men også dei ti som ikkje var der. Eg trur knapt nokon klarte det heilt nøyaktig, men det fekk jo samtalen til å dreie seg om slekta meir enn om ver og vind.

Etter kvart kom kaker på bordet, eit juleselskap utan kaker er kanskje noko tamt, men her var det ti runde kaker og alle slags julekaker i tillegg, så ingen trong reise svoltne heim. Det var nok heler ei utfordring å ta til vitet og ikkje ete seg sprekkmett, slik det vel har vore for nokon kvar i jula.

Som eldste bror takka eg for kvelden og prøvde meg på eit lite dikt, inspirert av sangen No koma Guds englar. Eg har skrive om den på Wikipedia i jula, og fann då ut at det var den første sangen på nynorsk som vart sunge i ei kyrkje, det skjedde i Høydalsmo kyrkje 2. juledag 1884. Det kan ein jo tenkje på når ei køyrer den vegen. https://no.wikipedia.org/wiki/No_koma_Guds_englar

I kveld kom det folk i frå aust og frå vest
God jul og vel møtt dei meg bjoda.
Vi møttest i Lyngdal til selskap og fest,
og sang gjennom romet her ljoda:
Så glad vi kan ver’
som samla er her.
Guds fredsfyrste høgt vere lova.

Slik vart verset etter kvart, ikkje ganske slik då eg avslutta kvelden, men dette var i tankane mine då eg kom heim. Det vart ein tidleg kveld i går, etter ein dag full av gode inntrykk.

Sterk vind

Share

Eg bur på ein lun plass i Mandal. Men meldingane om sterk vind høyrer eg på, og i dag såg eg at det var kolonnekøyring mellom Hovden og Haukeli så vel som over Haukelifjell. Vegen gjennom Hunnedalen var stengt, så det er nok mykje vind der og.

Vi hadde ei fredeleg jolehelg og i dag valde jolegjestene våre å gå ut for å nyte middag på ein utestad i Mandal. Men det varte ikkje så lenge, for medan dei var der, fekk dei telefon om at båten Fjellvind, som dei nettopp fekk før jol, og som ligg på Sandøya utanfor Brevik, ikkje hadde det så godt. Med vind rett frå sør vert det høgt vatn, og sjølv om dei hadde festa båten etter alle kunstens reglar, vart dei urolege. Så difor valde dei å køyre tre timar austover for å sikre båten i stormen. Dei hadde bare tida og vegen, for siste ferja frå Brevik til Sandøya går klokka 23.30, og dei treng om lag tre timar på turen, så eg sit her og vonar dei kjem vel fram.

I morgon var planen at vi skulle ha årets store joleselskap i Lyngdal. Vonleg kjem dei tilbake og har litt å fortelje frå nattas strev. Når sjølv Color Line ikkje kan ligge til kai i Kristiansand, skjønar ein at vinden er sterk og vanskeleg å ha med å gjere.

Sjlv er eg glad for at eg slepp å vere mannen i vinden i jolehelga, men heller kan lese, sjå på TV og skrive litt på Setesdalswiki. I kveld runda leksikonet for Setesdal 4800 artiklar, det var artikkelen om EHbanen som fekk æra, og det var Geir Daasvand som oppretta artikkelen. Det likte eg, sjølv om mitt hemmelege mål om å nå 5000 artiklar innan nyttår ikkje let seg realsiere. Men det kjem nye dagar og vonleg går det ikkje så langt inn i 2014 før målet er nådd.

Andre joledag 2013

Share

Medan første joledag er ein dag der ein etter gamalt heldt seg heime, kan andre joledag nyttast til familiebesøk. Eg hadde fått ei tekstmelding i går då eg sov middag, men den gådde eg ikkje før i dag. Det var ei melding om at søster mi i Lyngdal og mannen hennar ville kome på besøk til oss saman med mor. Planen deira var å kome klokka tolv.

Men då klokka var vel passert tolv, kom det ei ny melding om at dei var forsinka, og ho var vel passert eitt før dei dukka opp. No vart det eit kort, men hyggeleg jolebesøk, for dei skulle sjølv få besøk litt ut på dagen. Då skulle son deira med familie kome frå Vestfold, og medan vi sat ved kaffibordet, kom det tekstmelding om at dei var passert Harebakken.

Kaffien smaka og praten gjekk livleg, ikkje minst fordi vi drøfta familiesamkoma vi skal laurdag i Lyngdal og kven som kom og kva vi skulle ha med. Dermed gjekk tida fort, plutseleg kom det ei ny melding om at dei hadde passert Kristiansand. Vi prøvde å få dei til å svinge innom oss i Tregdeveien, men dei var mest innstilte på å kome seg til Lyngdal, så det vart eit raskt oppbrot slik at gjestene ikkje skulle kome til tomt hus i Lyngdal.

Så gleder vi oss til å møtast, om alle etterkomarane etter mor hadde kome med familiane sine, ville vi vore over seksti, no er det nokre som ikkje kan kome på grunn av jobbar og lang reiseveg, men vi blir ein stor flokk likevel.

Slik er det vel for mange av dykk som les Valle Radios blogg og høyrer på Valle Radio og. Familieselskap og tid til å vere saman i den søte joletid. Så får ein heller spare på det søte og nyte andre godsaker slik at ikkje sukkeret i blodet tek overhand, det er jo ikkje så sunt. Men å møte familie, vener og kjente, det er sunt, anten det stormar eller blæs.

God jol 2013

Share

Så er vi komne til 1. joledag, dagen er til og med på hell når eg skriv dette. For meg har jola vore stille og roleg, ei tid for opplading saman med familien. Eg er glad for at snøen har kome ferdig måka, i rennande form er han mykje lettare å ha med å gjere enn om tilsvarande nedbørsmegnde hadde vore kvit. I år vart vi og ein del av den stadig veksande flokken som skaffar seg joletre i plast og dermed slepp dryss og alt som fylgjer med eit tradisjonelt joletre. Med ferdig jolelys på treet kunne vi endre litt på jolerutinane her i huset, til vanleg har pyntinga vore om føremiddagen joleaftan, men no stod treet med lys klart alt lisle jolaftan. Og pakkar fekk vi plass til under treet, akkurat som andre år.

Det har blitt litt variabelt med blogging i denne tida. Difor kom ikkje programmet for lisle jolekvelden med i bloggen før jol, så eg legg det med her, nærast for arkivet sin del:

Program 23.12.13
Teknikar Jørund Georg Jore
Kl 17-18 Direktesending frå Valle sentrum.
-Trekking av Valle sentrumsforeining sitt jolelotteri
-Premiering av pepperkakehus konkurransen (jury Sissel Åkre, Hallvard Homme og Gunnar Hillestad)
-Nissen kjem
-Koret Syngjandi syng for oss
Frå kl 18.00 og utover kvelden:
-Tankar frå Bibelen med Torleif Harstad, Håvard Viki og Bjørgulv T Berg
-Kvelden før kvelden med Ørnulf Hasla og Bjørgulv T Berg
-Jolehelsing frå ordførar Tarald Myrum
VELKOMNE TIL VALLE SENTRUM!
Nettradio: http://159.171.56.26:8000/live.m3u

Sjølv høyrde eg ikkje programmet, og eg har heller ikkje fått med meg kven som vann i lotteriet som Valle sentrumsforeining arrangerte. Det fungerer jo slik at vinnaren må vere i sentrum for å få premien, det er ikkje nok å ha eit gratislodd om ein ikkje er til stades når trekkinga skjer.

I staden for å vere i Valle i tankane, har eg rota meg til Grønland denne jola. Nordisk Råds litteraturpris-vinnaren i år var romanen Profetene i Evighetsfjorden av Kim Leine, og den fekk eg med meg frå biblioteket før jol. Det er eit interessant tidsbilete frå slutten av 1700-talet og eg er glad eg ikkje levde på den tida. Med dagens teknologi har ein høve å flytte seg frå tidsalder til tidsalder, og dagens program på TV med konsert av St.Olaf’s College Choir og Nidarosdomens jentekor var ei stor oppleving, det same var konserten med KORK i Lommedalen kirke i kveld.

God jol til deg som les bloggen min.

Kvinner og norskopplæring

Share

I kveld vil eg og kommentere ei sak frå møtet i Valle kommunestyre i går kveld. I bolken Førespurnader kom dette spørsmålet:

Astrid Kyte:
Flyktningekvinner som har små born treng skyss til barnehagen før dei kjem til undervisning ? Er det tenkt ut korleis dette skal ordnast dersom bussen vert trekt ut frå budsjettet?
Rådmannen:
Løysingar på dette vert jobba med i administrasjonen, men ei endeleg løysing er det ikkje pr. d.d.

I Valle kommune har det vore eit system med transport av flyktningane sine barn til barnehage. Etter mi meining har det vore ein stor føremon for norskopplæringa, for utan transporten hadde barna blitt heime, og då hadde mødrene og blitt heime. No er alle mødrene på norskopplæring, noko som er ein viktig grunn til at dei etter kvart kan ta språkprøven og på sikt finne seg arbeid. Om dei skulle bli sitjande heime utan å få kome seg på skule, ville språklæringa ta svært mykje lenger tid.

For barna er det og viktig å kome i barnehagen for å lære norsk språk. Erfaringa er at dei som har fått tid i barnehagen før dei kjem på skulen, er mykje betre førebudd på det dei møter i skulen enn dei barna som kjem rett til skulen utan å ha hatt tid i barnehagen først.

Bussen har difor vore ein viktig faktor for så vel kvinnene som barna når det gjeld språkopplæring. Sjølv om fleire av flyktningane etter kvart har fått seg bil, endrar ikkje det situasjonen så mykje, for når far får bil og vert meir mobil, og dermed lettare kan skaffe seg jobb, så blir det mor som får oppgåva med å få barna i barnehagen. Når ho ikkje har fått eige førarkort, er ho like langt med omsyn til dette.

Så eg vonar at rådmannen sitt arbeid vil bere frukt slik at tilbodet ikkje forsvinn.

Bokmål og nynorsk

Share

I kveld var det tid for debatt om bokmål og nynorsk i Valle Radio. Det var kommunestyremøte, og Valle Mållag hadde sendt brev til kommunen med oppfordring til at ein burde undervise på nynorsk i vaksenopplæringa. Eg er jo lærar i vaksenopplæringa, så denne saka engasjerte meg jo litt. Men de som les bloggen veit jo at eg skriv like gjerne nynorsk som bokmål, så sjølv kunne eg jo gjerne ha tolt ein overgang. Då eg var lærar i ungdomsskulen, underviste eg jo i nynorsk.

Men det er eit problem med læremiddel på nynorsk for vaksne som skal lære norsk som andrespråk. Medan ein over år har utvikla fleire gode læreverk på bokmål, har det ikkje vore særleg utvikling av læremiddel på nynorsk. Når vi så er kjende med det som er på bokmål og finn lite på nynorsk, var vi ikkje særleg innstilte på å gå over til nynorsk.

Eit viktig argument for meg er at svært mange av elevane våre ikkje vert verande i Valle. Etter ei tid reiser dei til stader der dei kan få jobbar, svært ofte til det sentrale området rundt Oslofjorden. Eg trur knapt vi har hatt ein elev som har reist til Vestlandet. Og nær Oslo møter dei jo bokmål

Eit anna viktig argument for meg har vore å peike på at elevane ikkje har nokon dialektbakgrunn å stø seg til når dei skal lære norsk, slik barna i skulen har. Det heiter tal dialekt, skriv nynorsk, men når elevane ikkje har nokon dialekt med nynorsk i botn, har dei ingen føremon av å lære nynorsk her i Valle. Dei som skal ta meir utdanning, vil og for det meste møte bokmål som det vanlegaste språket.

Alt i alt er eg difor nøgd med at kommunestyret valde å høyre på desse argumenta og støtte at vi framleis kan halde opplæringa på bokmål på Valle Vaksenopplæring.

Program for veke 51, 2013

Share

Siste ordinære tysdagssending i Valle Radio er 17. desember. Til denne sendinga har programleiar Harald Haugland invitert gjester til å finne jolemusikk. Vi får høyre musikk frå mange kantar av Europa, både kor og instrumentalmusikk. Skru på radioen klokka 18 og leit fram Valle Radio denne kvelden. Vi sender til heile Setesdal, i nedre Setesdal har vi avtale med Radio Evje om å bruke deira nett, I tillegg finn du Valle Radio på internett.

Tysdag 17. desember

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Siri Johannessen

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Nytt frå kyrkje og kristenliv
19.00 Julemusikk frå mange land
19.30 Nine lessons and carols
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 18. desember

Teknikar. Torhild Sandnes

18..00 Møte i Valle kommunestyre

Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
Programinformasjon på http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

Frå Sør-Afrika til Setesdal

Share

I dag var det eit langt spenn i opplevingane mine. Eg var tidleg oppe og fekk med meg det meste av gravferda til Nelson Mandela, det var interessant å høyre og sjå. Før eg sette meg i bilden for å dra oppover frå Mandal til Valle, fekk eg og med meg at Tiril Eckoff for første gong kom på pallen i skiskyting, og i bilen høyrde eg at Johannes Thingnes Bøe forsvarte sigeren frå i går. Begge desse var i Frankrike.

Så kom eg oppover Setesdal og like før klokka fire svinga eg inn framom Valle Motell. Medan folk vifta seg i Sør-Afrika, der sommarferien no tek til, var det is, hålkeføre og tåke i Setesdal. Men inne på Valle Motell stod jolematen på bordet, det var bare å forsyne seg. Eg trur vi var 15 stk. som møtte opp på førjolssamlinga i år. Etter måltidet hadde vi ein prat om arbeidet i radioen før Ørnulf takka alle for innsatsen i året som gjekk. Så gjekk han tilbake til flyttesjau, dei strevar hardt for at Anne og Lars Tarald skal kunne flytte inn til jol. Vi andre vart sitjande ei stund til, men smått om senn var det tid for å ønske kvarandre god jol og skiljast etter eit særdeles velsmakande måltid og ei triveleg samkome.