Om å fylgje lovi

Share

Dei siste dagane har eg bladd i boka om Setesdalskjempa Bjørgulv Eivindsson Uppstad som Svein Inge Olsen har skrive. I morgon skal han vere med i Valle Radio som etterkomar etter eidsvollsmannen Olav Knutsson Tveiten, som var svigerfar til Setesdalskjempa.

Det som slår meg er at både Bjørgulv og sønene hans var slåsskjemper som vi i våre dagar heldigvis ikkje høyrer så mykje om. Dei slo seg fram i grender og gardar, så det må ha vore ganske så utrygt å leve og å bu i Setesdal på den tida. Etter det eg kan finne ut, var det ikkje noko drap, men det kan ikkje ha vore langt unna meir enn ein gong.

Svein Olav Olsen har skrive ein artikkel om dette på bloggen sin. http://svein-inge-olsen.com/2014/03/28/kjempene-i-setesdal/ Den er verd å lese.

Eg har så vidt starta på å legge inn litt om etterkomarane etter Olav Knutsson Tveiten på Setesdalswiki. Der vil eg jo gjerne ha meir stoff enn bare fødselsår og dødsår, så det går ikkje så fort å kome gjennom stoffet og finne det leksikalske stoffet. Så får eg sjå kor mykje eg tek med av stoffet som ein til vanleg ikkje har med i leksikon.

Medan eg sit slik og les, kan eg ikkje anna enn glede meg over at tilhøva i Setesdal no ikkje er slik som det var for hundre og femti eller hundre år sidan. No fylgjer ein lovi. Bjørgulv flytta til Gautestad, og då dei spurde korleis det var å bu der, seiest det at han svarte noko slikt som at her var ikkje verande i Evje sokn, dei fylgjer lovi. Men han vart verande, vart gravlagd på Evje kyrkjegard. Etter det eg skjønar var grunnen at kona Sigrid ikkje lenger kunne bu i Brokke etter at sonen drukna ved Håhelleren, 18 år gamal i 1846.

Høyr på Valle Radio i morgon tysdag 1. april 2014 om kvelden klokka 18.30. Då er Svein Inge Olsen med i programmet grunnloven 200 år.

Program for veke 14, 2014

Share

Tysdag 1. april
Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Siri Johannessen

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Grunnloven 200 år. Svein Inge Olsen på telefonen
19.00 På tur med Sissel Åkre
19.30 Sanger fra en svunnen tid ved Bjørn Olav Karlsen
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium med Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken

Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
Les meir om programma: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

Sist veke var det mange problem tysdagskvelden, men takka vere god jobb av Jørund Georg Jore kom sendinga greitt fram onsdagskvelden. Men noko av programmet tysdagskvelden kjem om att komande tysdag. Samtalen med Svein Inge Olsen, som er etterkomar etter Olav Knutsson Tveiten, må vi få til denne tysdagen. Sissel Åkre har vore i Petra, klippebyen i Jordan. Ho var og på Eidsvoll då markeringa av Grunnloven 200 år starta. Ho fortel både om turen til Petra og om korleis ho opplevde starten på feiringa av Grunnloven 200 år. Og så kjem Niklos K. Besteland for å presentere programmet han ikkje fekk delt med oss sist tysdag. Det er litt av kvart i tysdagssendinga denne veka.

Viktig for næringslivet

Share

Onsdagskvelden hadde eg med meg Vidar Homme i Valle Radio. Det har blitt ein tradisjon å invitere han til å seie litt om korleis siste året gjekk for banken, og sjølv om eg ikkje hugsar at han var med meg i fjor, så har vi hatt slike samtalar fleire år no.

Rekneskapen for Valle Sparebank 2013 vart gjort opp med eit driftsresultat på 10,8 millionar mot 5 millionar i 2012. Når 8,3 millionar vart overført til fond, er eigenkapitalen til banken vel 22% av vektlagd balanse, som det heiter på bankspråket. Ein viktig grunn til dette er endring i pensjonsytingane, der det før har vore ein kostnad på 2,5 millionar vart det no ei inntekt på 2,7 millionar, noko som jo vert over fem millionar til saman.

Banken måtte tåle tap på ein halv million kroner meir enn i 2012, til saman 3,6 millionar. Det er alltid ein risiko, men Vidar Homme peika på at Valle Sparebank er ein viktig bank for lokalt næringsliv, som kanskje ikkje ville fått lån om ein ikkje hadde hatt den lokale banken. Målet er å halde fram som lokal bank i ei tid der det går mot større og større einingar.

Etter at eg hadde spelt Å du gode sparegrisen min, i ein versjon av Elin Prøysen, så snakka vil litt om korleis barn framleis har sparebøsse. Den store tømedagen er lille jolaftan, men mange tømer sparegrisen fleire gonger i året. Sparing er viktig, boligsparing for ungdom kan starte når ein blir 18 år og halde på til ein blir 34, trur eg han sa.

Endeleg snakka vi om korleis banken yter gåver til lokalsamfunnet. Det totale beløpet har vore nokså likt nokre år, men banken sponsar ikkje bare små lag og foreningar med små beløp, men også nokre prosjekt med store beløp. Reklameskilta på fotballbanen gjev god effekt og er viktige for å profilere banken for publikum som reiser til Hovden. Veksten for banken må nok kome i Kristiansand, når banken ligg i ein kommune med fråflytting, er ikkje vekstpotensialet så stort i heimemarknaden. Men i Kristiansand får banken stadig nye kundar.

Det er alltid interessant å snakke med Vidar Homme om bankdrift og økonomi, og han er alltid villig til å kome ein tur i Valle Radio, også når det måtte vere andre økonomiske emne ein kunne ta opp.

Grendehusturne

Share

Grendehusturneen til naturfotograf Anders Tveit fekk god oppslutning, fortalde Leif Kvinlog i Valle Radio onsdagskvelden. På tre kveldar kom 80 personar for å sjå filmar om elg, ørn og anna som rører seg i naturen, til grendehusa i Treungen, Oveinang og Gardane i Valle. I tillegg var Tveit på skulane og barnehagane i kommunen, så eit slikt opplegg kan nok Folkeakademiet ha fleire gonger om vi finn høvelege program der honorar til den som har programma ikkje er alt for store.

-Det er jo noko anna å sjå filmane i eit mørkt lokale saman med andre enn å sjå dei på TV, sa Kvinlog, som meiner at når publikum og kunne stille spørsmål til filmskaparen, har slike kveldar ein stor verdi. Han mintest tradisjonelle folkeakademiarrangement med lysbilete eller filmar. No er utstyret digitalt, men opplevinga kan vere den same i ei tid der folk ser flotte filmar på TV. Det sosiale spelar ei viktig rolle når ein møtest slik, og når det vert kombinert med litt servering og ein kaffikopp, då fungerer det svært godt.

At publikum kan stille spørsmål om ting dei lurer på i filmen, gjev og ei rikare oppleving.

Milliardkontrakt

Share

Då eg i går siterte tittelen på innlegget Terje Greibesland skal halde på Setesdalskonferansen 23. april, Frå rutebilselskap i dalen til vinnar av milliardkontrakt., då lo han. Det høyrest veldig ut, sa han, men omsetninga til Setesdal Bilruter er på om lag 110 millionar no, og dette er i kontrakt som varer i ni år, så alt no er vår omsetning på det nivået over ein niårsperiode. Med den nye kontrakten doblar vi omsetninga. Om vi ikkje hadde fått den, hadde vi mista rutekjøringa vår i Birkenes og Froland, og det er like mykje som all kjøringa vår i dei fire setesdalskommunane, sa han.

Vi fekk ein hyggeleg prat i ein pause han hadde i eit personalmøte på Evje. I utgangspunktet hadde vi tenkt at han skulle vere min gjest heile Haralds time i går, men han er ein travelt oppteken mann, så vi måtte gjere intervjuet på telefonen. I løpet av samtalen fortalde han at dei skal kjøpe 90 bussar, kvar til ein pris på mellom ein og to millionar kroner. Men det ordnar dei med leasing, og så vonar dei at innteninga vert slik at dei kan kjøpe bussane etter kvart. Anbodet føreset nye bussar, dei skal vere kvite og ha både setesdalsfargar og stakkejente.

Terje Greibesland fortalde vidare at sjåførane hos Nettbuss har førsterett til å få dei nye jobbane hos Setesdal Bilruter, det er ein del av pakka. Dei sjåførane som no arbeider i Setesdal Bilruter har vore svært entusiastiske i høve til den nye kontrakten, så det er bare smil og glede i selskapet i høve til den nye situasjonen, meinte han.

-Har du førarkort for buss sjølv, spurde eg han, og det bekrefta han at han hadde, men det var ikkje ofte han kjørte buss no. Han står som sistemann på vikarlista, så det er ikkje ofte han må ut på tur.

-Om vi ikkje hadde fått denne kontrakten, måtte vi byggje ned selskapet, sa han. No står vi sterkt for dei neste åra, og om to år vonar vi å vinne kontrakten for kjøring i Setesdal att, kunne han fortelje. I tillegg fekk dei sjukekjøring i nokre kommunar, og det har fungert godt og vore eit tilskot til drifta og til å halde på jobbar for sjåførane, meinte han.

Dermed kunne eg avslutte med å fortelje at songen vi skulle spele etter samtalen, var Det er sjynt å kjøra buss. -Det finnest ikkje herlegare skyss, heldt han fram i same andedrag, og slik går refrenget:

Det er sjynt å kjøra buss,
det finnest ikkje herlegare sjyss
det kostar litt,
og hompar titt,
men det tar ingen kånebag så stritt.

Samarbeid

Share

Å lage radio er samarbeid. I kveld var det Torhild Sandnes som var teknikar, og då eg kom i radioen, fekk ho ein kjø. replan og ei liste med songar, og så fann ho songane og la dei klar til å spele. Men om situasjonen hadde vore som i går, så hadde det ikkje blitt radio i kveld heller, så grunnlaget for samarbeidet vårt i kveld var det Jørund Georg Jore som la i går då han ikkje ga seg før han hadde funne feilen og retta den, slik at vi kunne kome på lufta i kveld.

Då klokka var 18.55 kom Håvard Viki og leverte ei plate med songar til Torhild, og så gjekk han i studio og hadde Tankar frå Bibelen. Men for å få Kommunen informerer på lufta i kveld, måtte eg få med meg Ørnulf i radioen i dag tidleg, for Frode Verpe hadde ikkje høve til å vere med i kveld, så vi måtte gjere eit opptak.

Då det programmet var ferdig, var det tid for Haralds time. For å få med Terje Greibesland, måtte han ta ein pause i personalmøtet i Setesdal Bilruter og svare på telefonen klokka 20, og det gjorde han. Så snakka vi saman i eit kvarter før han gjekk tilbake til sjåførane sine. Leif Kvinlog var på Bykle kulturkafe og høyrde Vetle Lid Larsen fortelje frå si siste bok, og han måtte gå ut derifrå for å snakke med meg klokka 20.20, så gjekk han tillbake for å høyre resten av programmet.

Endeleg kom Vidar Homme i studio for å snakke om Valle Sparebank, også det innslaget var avhengig av samarbeid. Før han kom til orde, sa eg litt om eidsvollsmennens etterkommere, basert på ein tekst Siri Johannessen hadde sendt meg:

No har me 10 generasjonar og 1110 etterkommarar etter Olav K. inne, av desse er meir enn 170 busett i USA og Canada. Av dei andre er nok brorparten truleg i dalen, Bykle og Valle særleg, men og til dømes i Telemark, Møre og Romsdal, Akershus og Rogaland.

Eivind T. Lande si etterslekt er noko magrare, men det blir arbeidd med saka. Der er det no 8 generasjonar og meir enn 470 registrert. Der veit eg mindre om bustadene, men ca 20 er / var busett i Canada og USA, og truleg er dette talet for lågt. Av dei øvrige er brorparten busett i Byglandsområdet, men me manglar mykje. I mange fall stoppar det med det som stend i Bolling sin gard og ættesoge frå 1952.

I morgon er eg i velkomstsenteret på kommunehuset i Valle, og folk kan kontakta meg via facebook eller Valle kommune sitt sentralbord om det er ynskjeleg. Viss alt går etter planen så tek eg ein tur opp til Bykle og kommunehuset der komande tysdag, i den kommunen skal det vere stor etterslekt både på Hovden og lengre sør.

Vel heime att fekk eg ein mail frå Siri der ho spurte om noko i samband med eit bilete som Leonhard Jansen hadde lagt ut på Facebook før VG skulle till Tveitetunet og ta bilete sist tysdag. Det biletet finn du på Setesdalswiki, sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/Eidsvollsmannen_fra_Valle

Det var ei kvinne frå Canada som hadde trykt «liker» på biletet, og så leita vi litt på Internett og plutseleg fann vi samanhengen, ho var ein av etterkomarane etter Olav Knutsson Tveiten i Canada, dermed fekk Siri lagt inn litt meir informasjon i det store treet av etterkomarar.

Alt saman på grunn av samarbeid.

Tekniske problem

Share

I kveld høver det kanskje å seie at sendinga gjekk i dass. Ikkje bokstaveleg tala, men det tekniske var ikkje på vår side i kveld, og det var ikkje Siri si skuld. Ho kopla opp mot Bykle som vanleg, fekk opp Internett og Evje Radio, vi kontrollerte at vi var på lufta og starta sendinga.

Men så mista vi Internett, og utan Internett fungerer ikkje Spotify, så musikken måtte vi finne på CD, og Siri treiv den første og beste plata ho fann, det var Erik Bye, og då gjekk Vandringsvise ut på lufta, trudde vi, i alle fall. Så eg tok mitt kåseri frå hovudet, til vanleg les eg det frå bloggen.

Så var det tid for andakt, og då kom det melding om at sendinga ikkje kunne høyrast på Internett, og ved kontroll var ho heller ikkje i eteren. Vi har jo ikkje gått over til Internettradio, så eg følte vel helst at det var krise, og vi prøvde å kople opp att mot Bykle, men fekk ikkje kontakt.

Når slikt skjer så har eg lært meg å ringe til Jørund Georg Jore, og han kunne då fortelje at det var noko arbeid som skulle gjerast av Setesdal IKT på Evje, men han trudde det var ferdig, noko det altså ikkje var, men at det skulle kome igjen snart. Så venta vi litt, og ikkje lenge etter var Internett på plass og musikken på Spotify kom også tilbake. Men Bykle svikta, vi fekk ikkje kontakt.

-Eg kjem ned, sa Jørund, og eit par minutt etter var han der.

Men det var ikkje nok å få teknisk sjef på plass, han fekk heller ikkje kontakt med sendaren vår i Bykle, der alt går ut frå. Klokka var halv sju, Siri ringde til Svein Inge Olsen og sa at i hadde tekniske problem, men at vi trudde det ville ordne seg og at vi skulle ringe han snart og snakke om Grunnloven 200 år. Men då klokka nærma seg 19, måtte ho ringe og seie at han kunne gjere dei andre tinga han hadde på planen sin i kveld, for vi fekk ikkje sendinga opp.

Så kom Erling Sagneskar, han skulle fortelje om Sesilåmi. Vi ba han sitje litt og vente, Jørund jobba iherdig for å få forbindelse med Bykle. Men etter eit kvarter måtte også han gå. Niklos kom med bussen frå Besteland, og vi måtte informere han om at det var bomtur i kveld og at vi ikkje hadde kunna ringe han så han kunne sleppe turen, for Jørund jobba med å få systemet i orden slik at vi kunne halde fram sendinga.

Men etter kvart måtte vi sjå i augo at vi ikkje kom til å få noko sending i kveld, så Siri pakka sekken og sette kursen heimover, og etter ein kopp te og litt prat tok eg turen til Besteland med Niklos. Då eg kom opp att, var det framleis lys i studio, først klokka 21.48 kom meldinga om at problemet var løyst. Då hadde eg hatt meg kveldsmat og sat og las litt på Internett og lurte på korleis eg. skulle skrive om kvelden i kveld.

No veit du korleis eg skreiv det. Det er frustrerande når teknikken sviktar.

Grendehusturne

Share

Dette var eit ord i ein annonse i Setesdølen sist veke. Det var naturfotograf Anders Tveit frå Iveland som skulle ha ein grendehusturne i Valle i regi av Folkeakademiet Valle. Sundagskvelden var han i Treungen grendehus, der kom det om lag 20 personar. I kveld var han i Oveinang grendehus, der kom det dobbelt så mange og i morgon skal han vere i Gardane grendehus klokka 19.

Eg tok turen til Flateland og svinga inn framom grendehuset klokka 19.20. Då stod det mange bilar parkert utanfor huset, og inne sat Torhild Sandnes og selde bilettar. Det vart bare tid til litt hyggeleg prat med kjende før programmet starta opp. Leif Kvinlog ønska velkommen og introduserte Knut Arne Rysstad, som spelte Førnesbrunen og ein slått til før Anders Tveit fekk ordet. Etter ei kort innleiing synte han ein film om nærkontakt med elg, der ein elg med kvit mule hadde hovudrolla. Vi såg han som sekstaggar og som titaggar og fylgde han til han vart skoten etter tre år. Det er imponerande å kome så nær ein fullvaksen elg og ikkje ta beina fatt og stikke av. Det trur eg at eg hadde gjort, dei er ikkje å spøke med, desse store dyra.

Etter denne halvtimens filmen var det kaffe og kake, men den pausen varte bare til han fekk bytte fil i prosjektoren, så fekk vi sjå filmen Dronninga frå Vasa, ein film om ei kongeørn som var fødd og ringmerka i Vasa, men som hadde ein periode i Iveland, eller kor det no var han hadde sett opp kamuflasjehytta og filma frå. Ettersom ørna var ringmerka, kunne han spore henne, og ho flaug tilbake til Finland etter ei tid. Der vart ho skoten med hagle og fekk øydelagt ein veng, så ho kom etter kvart til ein dyrehage i Riga, der dei prøver å få til at ho skal legge egg og at ein kanskje kan få ruge fram ungar etter henne.

Til slutt synte han ein kort film om rådyrkjeet Truls. Nokre motorsyklistar hadde funne eit kje i vegkanten og teke det med seg, noko ein ikkje skal gjere. Dei trudde vel at mora var drepen, men som regel trykker kjeet når mora går. Kjeet fekk bu ei tid heime hos ein som han kalla Kristian, og der levde det saman med katten, som nettopp hadde fått ungar, og vi såg korleis katten slikka kjeet og korleis kjeet sugde melk frå katten. Men på spørsmål frå salen fortalde Anders Tveit at kjeet fekk lungebetennelse og døydde.

To timar triveleg lag for ein hundrelapp og høve til å kjøpe DVD for 200 kroner. Ta turen til Gardane grendehus klokka 19 i morgon kveld, det blir ei oppleving du kan glede deg over.

Hunderefleksjonar

Share

Onsdagskvelden hadde Ronny Stavsholt med seg Monica Kelly Sundt i Valle Radio. Ho fortalde om Kellys Kennel, tilbodet ho har om å ta vare på hundar når folk ikkje sjølv kan passe dei. Etter det eg fekk med meg hadde ho 10 hundar sjølv på Bjørgum, så det var kanskje ikkje så mykje arbeid å passe nokre til. Då eg høyrde programmet, tenkte eg at det er godt me er ulike programleiarar i Valle Radio, for då får me interessante program og stor breidde.

I dag kom eg til å lese Gjesdalbuen der det stod om besøkshund på Ålgård bosenter. Dei gamle på bosenteret opplevde mykje hygge med å få ein hund på besøk når hunden var opplært til å vere besøkshund. Difor vurderte Frivilligsentralen å sponse opplæring av besøkshundar i Gjesdal om nokon ville starte med dette og sidan besøke eldre som kunne ha glede av hundekos.

Endeleg las eg nyleg om hunden som politi og tollarar brukar. Medan tollarane sine hunder får betalt opplæring, må politiet bruke mykje tid og pengar på sine hundar utan å få dekt utgiftene, etter det eg skjøna. Likevel fann dei det meiningsfullt å drive med hundane, dei var gode hjelparar i tenesta og slik med på å lage tenesta meiningsfull og effektiv.

Tre ulike perspektiv på hundar syner at hunden er menneskets beste ven, som det heiter. I vårt hus er det ein katt som regjerer, han krev mindre stell, men kan jo ikkje måle seg med hunden si evne til å tilpasse seg ulike oppgåver i samspel med eigaren. Katten har sin eigen agenda, og eigaren må nok helst tilpasse seg katten i den grad det skjer noko tilpasning. Men vi slepp å lufte hunden, og katten luftar seg sjølv. Om vi skal bort nokre dagar, kan han klare seg fint med litt tilsyn frå naboen, og når vi kjem heim, sit han fornærma på trappa og anklagar oss fordi vi ikkje var heime og tok vare på dei rutinane han var van med.

Ofsi og filli veir

Share

Uttrykket i overskrifta trur eg er frå ein song på ei av platene Valle Radio gav ut for nokre år sidan. Då VG og Setsdalsmuseet prøvde å samle folk på Tveitetunet onsdag, var veret alt anna enn innbydande, men om det var så ille som sangen seier, er eg nok noko usikker på.

Sjølv hadde eg planar om å kanskje ta turen opp og vere i utkanten og sjå kven som kom etter å ha snakka med VG-journalisten Kristine Hellem Aanstad og Pål Dale i radioen kvelden før. Men eg fann ut at eg ikkje ville risikere å bli kald og kanskje sjuk, så eg droppa det.

Torsdag snakka eg med Lisbeth D. Homme på biblioteket, og ho fortalde at Knut K. Homme og hadde vore heime, han er ein av mange etterkomarar etter Olav Knutsson Tveiten.

I kveld spurde eg Svein Inge Olsen, som hadde lagt ut bilete på facebook som synte at han hadde vore der saman med to barn, om kor mange som var der. Han meinte det var om lag 50, men at det var eit forferdeleg ver. Han vert for øvrig med i programmet til tysdag, då kan du få høyre meir om fotograferinga, men og om etterkomarar etter eidsvollsmannen.

Eg vonar at dei ikkje får slike ver når dei skal gå Sesilåmi frå Furestøyl til Sirdal i morgon. Det er jo trivelegare å gjennomføre løpet etter planen, sjølv om arrangørane har ei uversløype rundt Myklevatn og slik unngår å sende folk over høgfjellet om veret vert for ille. I dag var det kolonnekjøring over Haukeli, så det kan sjå ut som om orda frå songen kanskje må nyttast også i morgon. Eg vil difor ynskje Øystein Berg og alle andre som står på startstreken i morgon god tur.