Veka som gjekk, veke 11, 2014

Share

Det er årsmøtetid i mars, og Setesdølen har hatt mange annonser om årsmøte den siste tida. I veke 11 var det årsmøte i Folkeakademiet Valle måndag, i Setesdal Hagelag på tysdag og Bykle mållag torsdag. I Åraksbø venta dei til fredag, men då hadde dei sju årsmøte etter kvarandre på Åraksbø grendehus. Du finn lista når du slår opp på den aktuelle datoen, 14. mars på Setesdalswiki, http://www.setesdalswiki.no/wiki/14._mars_2014

Av årsmøta i veke 11 dekka Setesdølen møtet i Setesdal Hagelag på Pernille. Då fekk vi vite at Arnar Kjetså overlet leiaroppgåva til Anne Berit Birkeland og at ho har med seg kasserar Eli Tveitå, Harald Kleggetveit, Ingerlise Hannås, Torgrim Moseid, Wenche Johannesson og Marija-Liisa Steinbru i styret. Laget opplever ein ny vår og på årsmøtet var det 28 til stades, fleire nye teikna seg som medlemer, så laget har no 50 medlemer. I tillegg kjem ei avdeling for Valle og Bykle.

Ikkje mange lag sender inn årsmeldinga til Setesdølen, men Hornnes sanitetslag gjorde det. Der fortel Sigrun Smeland om aktiviteten i året som gjekk, og det slår lesaren at dei er rause i laget. Medlemspengane er 450 kroner, men laget stør ein fotpleietime for medlemer over 70 år med 300 kroner, då vert reell kontingent for dei over 70 år bare 150 kroner. Laget deler ut gåver med raus hand frå inntektene dei får ved ein basar og ved å selje fastelavnsris. Åtte forskningsinstitusjonar får 1000 kroner kvar, alle over 80 år får ei konfekteske til jol, barneskulen på Hornnes fekk 1500 kroner til clementinar i desember til alle elevane, Blomsterstiftelsen fekk 1000 kroner, Ferieklubben fekk 10900 kroner til ein tur til dyreparken, Frivilligsentralen fekk 5000 kroner til Prosjekt Sandbøtte, eit tilbod til eldre og uføre når det vert glatt, fredagsklubben på Furuly fekk 3000 og eit nystarta sanitetslag i Etiopia fekk 1660 kroner og lovnad om det same i to år til.

Elles hadde avisa oppslag om at setesdalskommunane hadde fått 80 millionar kroner meir i konsesjonskraft om dei hadde slått seg saman. Det førte til at eg laga ein artikkel om konsesjonskraft på Setesdalswiki basert på artikkelen. Den kan du lese her: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Konsesjonskraft og få med deg kor mykje kvar kommune no får i slike inntekter.

Vindfull og våt

Share

Dei som arrangerte treffet på Tveitetunet for etterkomarar etter Olav Knutsson Tveiten i dag klokka 16, var inne på yr.no for å sjekke veret i går og såg då at det skulle bli opphald. Men det var vel bare så vidt at det vart opphald. Eg hadde tenkt å ta turen opp for å sjå kor mange som kom, men den kalde og sure vinden gjorde at eg snarast mogleg lukka døra i bilen og reiste heim. Etter å ha fått meg mat, vart det ein middagslur, og så vakna eg til sendinga i Valle Radio. Ronny Stavsholt hadde opplegget i kveld og etter ein halvtime med Malla frå Valle kommune, hadde han med seg Monica Kelly Sundt frå Kellys Hundepensjonat. Det vart ein interessant samtale der ho fortalde om hundepensjonatet sitt og der samtalen gjekk om å ha hund. Etter det var det opi sending, og då var eg heldig og kom inn i studio og fekk ein prat med Ronny om vårteikn. Snøklokker og krokus er gode vårteikn, det same er blåveis og turre vegar.

I dag sat Siri Johannessen og eg i Velkomstsenteret i Valle kommunehus for å snakke med folk som kom innom i samband med Eidsvollsmennens etterkommere. Siri fekk ein del informasjon som ho kunne legge inn i den store databasen, då ho var ferdig til klokka 15, var det over 600 namn der. Sjølv såg eg litt i bygdebøkene og fann ut noko om eldste sonen til Bjørgulv Eivindson Uppstad, Eivind Bjørgulvson. Han flytta ut av bygda og bygdeboka var difor ikkje så grundig på den informasjonen. Men i margen på boka på kommunehuset var det nedskrive noko informasjon som eg kunne nytte. Dermed vart det ein liten artikkel på Setesdalswiki: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Eivind_Bj%C3%B8rgulvson

Kristine og Pål

Share

I kveld hadde eg med meg Kristine Hellem Aanstad i Valle Radio i serien Grunnloven 200 år. Ho er journalist i VG, ein av fire personar som jobbar på heiltid med å dekke temaet for avisa. Pål er tidlegare varaordførar i Valle og etterkomar etter Olav Knutsson Tveiten. Dei kjem til å møte kvarandre på Tveitetunet i morgon, då skal også dottera Margit og barna hennar vere med, og Pål ville stille i bunad.

På Tveitetunet vil VG fotografere etterkomarar etter eidsvollsmannen, så det er bare å kontrollere om du er etterkomar og så ta turen til Tveitetunet og bli med på biletet. Sjølv vil eg kanskje og ta turen opp og sjå om det er mange som møter opp og og kven dei er.

Kristine fortalde at Svein Inge Olsen frå Kristiansand hadde teke kontakt og truleg ville ta turen og ho oppfordra alle etterkomarar som høyrde på til å kome. I kveld ordna vi det og slik at Siri kjem til Valle i morgon for å sitje på Velkomstsenteret frå klokka 12 og hjelpe folk med å finne ut om dei er etterkomarar og eventuelt registrere dei i databasen over eidsvollsmennenes etterkommere.

Pål fortalde ei interessant historie om at då han var formann i 17. mai-komiteen i 1972, tok dei opp att tradisjonen med å halde tale ved støtta utanfor kyrkja 17. mai. Den hadde ikkje vore vanleg nokre år, kan hende alt sidan krigen, men no er det ein årleg tradisjon. Han fortalde og at boka Folkefest frå fjell til fjord var laga med tanke på jubileet, slik at det skulle vere noko stoff om feiringa av 17. mai i dei indre bygder i nyare tid. Han meinte at boka no kanskje var utseld frå forlaget.

Grunnen til at samlinga på Tveitetunet i morgon hadde kome i stand, var at VG hadde teke kontakt med Lokalhistorisk Institutt og der hadde Chris Nyborg fortalt at i Valle var det mange etterkomarar etter ein eidsvollsmann og at det var mange som var interesserte i emnet. Chris var jo med meg i radioen sist veke. Så hadde VG teke kontakt med Leonhard Jansen på Setesdalsmuseet, og så rulla ballen vidare. No vert det interessant å sjå kva som kjem ut av det etter kvart.

Takk til Kristine og Pål som var med meg i prgrammet denne kvelden.

Etterkomarar etter Olav Knutsson Tveiten

Share

Onsdag 19. mars 2014 klokka 16 vonar VG å samle etterkomarar etter Olav Knutsson Tveiten på Tveitetunet for fotografering. Journalist Kristine Hellem Aanstad kjem saman med ein fotograf til Valle denne dagen. Dei skal få informasjon som Setesdalsmuseet har samla, og så vil dei møte etterkomarar og ta eit bilete av flest mogleg av etterkomarane, som gjerne må stille i bunad, slik at folk som opnar avisa ser at det er setesdølar på biletet.

Eg veit ikkje kor mange som veit om dei er etterkomarar av Olav Knutsson Tveiten. Då han var på Eidsvoll, var han godt oppi femtiåra, han hadde elleve barn i to ekteskap, det siste ekteskapet gjekk han inn i då han var 66 og kona hans då var bare 21 år gammal. Med henne fekk han fem barn.

For å vite om du er etterkomar etter eidsvollsmannen, må du ha heile bygdeboka for Valle i hovudet, i alle fall dei linjene som går frå barna hans som levde opp. Etter det ein kan lese på Setesdalswiki, levde åtte barn opp og fekk etterkomarar. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Olav_Knutsson_Tveiten_sine_barn Dei lever i Setesdal, Kristiansand og elles i landet så vel som i USA.

Sjølv om folk i Setesdal er flinke til å halde styr på slektene, er det vel vanskeleg å ha alle desse etterkomarane i hovudet. No har vi fått Data i Slektsforskning, DIS Norge, som organisasjonen heiter. Med data er det lettare å finne ut slike linjer. Helge Haugland har nytta bygdebøkene for Valle for å lage eit system på dette, det har han gjort i ledige stunder over fleire år utan å ane at han plutseleg kunne få nytte av det for å finne etterkomarar etter eidsvollsmannen Olav Knutsson Tveiten. Kan hende kan også du ha nytte og glede av nettstaden når du skal finne ut om du bør møte opp på Tveitetunet onsdag. Nettsida http://eskeland.net/olavknutssontveiten/ er ikkje komplett, mellom anna fordi bygdebøkene stoppar på 1980-talet, så få etterkomarar under 30 år er komne med, men også fordi folk som flytta frå Valle og etablerte seg atndre stader i liten grad er med i desse bøkene.

Øverst på nettsida er det nokre sorteringsnøklar. Dei kan hjelpe deg til å få betre oversyn. Om du trykker på valet Ordførere, vil du finne Steinar Kyrvestad, Tarald Myrum og Knut O. Rike.

Eg la og merke til at yngste dottera med første kona, Sigrid, som vart gift med Bjørgulv Eivindsson Uppstad, hadde og mange etterkomarar. Det var eit slektsstemne for deira etterkomarar i 1999 og i samband med det laga Svein Inge Olsen boka Kjempa for Norge og andre setesdøler. I den er det eit slektsregister med ganske mange namn, som altså og er etterkomarar etter eidsvollsmannen.

Lukke til med å finne ut om du er etterkomar etter Olav Knutsson Tveiten.

Program for veke 12, 2014

Share

Tysdag 18. mars 2014

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Siri Johannessen

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Grunnloven 200 år
19.00 Sanger fra en svunnen tid
19.30 Veka som gjekk, veke 11, 2014
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium
21.00 Kyrkjebakken

Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
Les meir om programma: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

Programmet Sanger fra en svunnet tid er ved Bjørn Olav Karlsen. Han er redaktør i Grimstad Misjonsradio og vi får programmet gjennom samarbeidet som vi har med Norea Mediemisjon.

Forslag til Setesdalsprisen 2014

Share

No er tida inne til å kome med forslag på kandidatar til Setesdalswprisen 2014. Fristen er 23. mars, det vil seie at i løpet av neste veke må forslaga ver komne inn til Setesdal Regionråd.

Du kan lese om kven som har fått prisen før om du klikkar på lenka her http://www.setesdalswiki.no/wiki/Setesdalsprisen Den fører til artikkel om prisen på Setesdalswiki, og då kan du føreslå andre enn dei som alt har fått prisen.

Send forslaget til post@setesdal.no Det er styret i Setesdal Regionråd som handsamar forslaga og vel ut den som skal få utdelt prisen. Utdelinga skjer på Setesdalskonferansen 2014, som skal vere på Revsnes Hotell 23. og 24. april. Du finn informasjon om prisen på nettsidene til Setesdal Regionråd, sjå http://www.setesdal.no/setesdalsprisen.311777.no.html

Programmet for konferansen er klart i desse dagar, du har kanskje fått med deg at Geir Lippestad skal vere foredragshaldar på konferansen. Eg vil kome tilbake til konferansen når programmet er offentleg, her er lenke til sida om konferansen på Setesdalswiki: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Setesdalskonferansen_2014

Skrivande menneske

Share

Etter å ha skrive over 3000 bloggpostar, kan eg vel kallast eit skrivande menneske. Eg har alltid likt å skrive. Difor fanga ein artikkel av Paul Otto Brunstad augo mine i går. Han er professor på NLA i Bergen og prest og forskar på Sjøkrigsskolen og oppteken av leiing.

Skriving er en ensom aktivitet. Men skriving og lesing saman lyfter oss ut over vår avgrensa verd, held han fram og peikar på at vi vert førde inn i eit felleskskap med menneske vi aldri fekk møte, men som gjennom sine skrifter etterlet seg eit spor vi kan følge, spor som gjev oss glimt inn i erkjenning og erfaring vi aldri vil kunne hente frå eigne liv.

Orda hans fann atterklang hos meg, for det er jo det ein opplever i skriveprosessen. Medan ein skriv, oppdagar ein nye samanhengar ein ikkje hadde sett før. Brunstad siterer fleire kjende filosofar og skribentar som har reflektert over skrivinga, og det er interessant å lese, for han set ord på tankar eg kjenner meg att i, men som eg ikkje har formulert.

Noko av dette opplever eg når eg skriv bloggen. Men også når eg skriv kåseria Veka som gjekk som eg har i Valle Radio tysdagskveldane. Då les eg Setesdølen med andre augo enn når eg les for å sjå kva nytt avisa bringer kvar tysdag og fredag. Då ser eg samanhengar eg knapt hadde tenkt på før eg tok til å skrive.

I vår tid har skrivinga endra form i høve til tidlegare. I Valle Radio sist tysdag fortalde Chris Nyborg om kjeldematerialet han har nytta for å skrive om eidsvollsmennene. Nokre av dei som var på Eidsvoll, skreiv brev, andre skreiv dagbøker. Orda finst på papir, noko som gjer at ein må lese kjeldene, dei kan ikkje bare googlast, som vi gjer med det som folk skriv no for tida.

Det at alle kan opprette ein blogg og skrive tekstar og dele dei med seg, har gjort at fleire kan få publisert tekstane sine. Det burde føre til at fleire nytta seg av skriving som grunnlag for erkjenning og auke av eigen innsikt, men også til at andre kan få glede av det vi skriv.

Du kan lese Paul Otto Brunstad artikkel her: http://www.pobrunstad.no/?p=2516

Kvedarkurs

Share

Hugsar du at Kirsten Bråten Berg var i Valle Radio og fortalde om kvedarkurset ho skulle ha, men som kan hende vart avlyst fordi det bare hadde meldt seg på to elevar, og ho måtte ha fem. I kveld starta kurset. http://valleradio.blogs.no/2014/02/14/immateriell-kulturarv-17758988/

Eg melde meg på kurset for å vere med og sikre at det kom i gang, og då eg fortalde om det til elevane mine, var det to til som ville bli med. Då var vi fem, og Kirsten kunne gå i gang med planlegginga av kurset, som skulle vere i Spelestoga. Då vi starta i kveld, var vi åtte elevar til stades.

Medan det er 40-50 stevtonar er det kan hende 30.000 stev. Mange kan finnast i stevdatabasen til Agder folkemusikkarkiv, Kirsten samlar på stev frå mange kantar sjølv. Ho fortalde at i stevleik nyttar ein stev ein kan, det er få som er så raske at dei kan lage stev på ståande fot.

I kveld lærte vi to-tre stevtonar til nystev, som vart teke i bruk på 1700-talet og overtok heilt for gamlestev, dei er få i Setesdal. Og nystev er på fire linjer som rimer AABB og der dei to første linjene, føreslag, har lett utgang, medan dei to siste, etterslengen, har tung utgang.

Og så lærte vi ved å herme etter henne, linje for linje, medan ho fortalde små anekdotar innimellom. To timar, då var vi godt samstemde, og ho kytte av oss, vi var flinke.

Tysdag song ho i gravferda til Augund K. Brottveit, onsdag var ho i Mandal og deltok på konsert i Mandal kyrkje der det var 600 i kyrkja, i kveld var ho lærar for åtte, og laurdag reiser ho til Oslo for å halde kurs der. Eit variert reiseliv for vår gode kunstnar. Men ho var energisk og delte energien med seg, så vi gjekk smilande heim etter ein triveleg kveld.

Eidsvollsmennenes etterfølgere

Share

DIS Norge og Lokalhistorisk institutt har gått saman om å lage nettstaden eidsvollsmenn.no, der folk kan legge inn etterkomarar etter eidsvollsmennene. I går var Chris Nyborg frå Lokalhistorisk institutt i studio i Valle Radio og fortalde om prosjektet, med særleg vekt på dei to eidsvollsmennene frå Setesdal.

På sida http://data.eidsvollsmenn.no/tng/descend.php?personID=I49943&tree=Eidsvollsmenn finn du etterkomarar etter Olav Knutsson Tveiten, og om du har noko å føye til, kan du melde inn dette til meg eller teknikar Siri Johannessen eller til Chris Nyborg på Lokalhistorisk institutt. Målet er å få så komplett oversyn som mogleg, og særleg for dei som lever no er det vanskeleg å finne informasjon i offentlege kjelder, for av personvernomsyn er ikke kyrkjebøkene offentleg før om lag 70 år etter at den siste er skriven inn. Dermed må folk sjølv gje opplysningar om sida skal vere komplett. Denne lenka: http://data.eidsvollsmenn.no/tng/descend.php?personID=I23371&tree=Eidsvollsmenn har oversyn over etterslekta etter Eivind Torkelson Lande

Han kunne fortelje at det var mange nolevande etterkomarar etter eidsvollsmennene, kan hende så mange som 30.000. Nokre er blitt inviterte til Eidsvoll til markeringa der 17. mai, andre blir gjort stas på lokalt og tanken er at det skal bli ei sterk mobilisering til 17. mai. Kan hende vert det eiga avdeling i 17. mai-toget med eidsvollsmennenes etterkomarar.

Vi snakka saman i ein time, og den gjekk fort, Chris hadde funne mykje informasjon som han arbeider med å legge ut i artiklar på lokalhistoriewiki, nettleksikonet som Lokalhistorisk institutt har ansvar for. Enno er det ikkje artiklar om alle, men målet er at dei skal vere på plass innan 1. april. For våre to eidsvollsmenn er det artiklar, det er det og på Setesdalswiki: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Eidsvollsmenn_fr%C3%A5_Setesdal

Veka som gjekk, veke 10, 2014

Share

Første del av Kåseri i Valle Radio tysdag 11. mars 2014 klokka 19.30. Tema: Politikk i veka som gjekk

Sist veke var det vinterferie og dermed inga sending i Valle Radio. Difor er det ikkje noko kåseri for veke 9. Likevel vil siste veke av februar, som altså var veke 9, prege kåseriet i kveld, for dei to avisene som kåseriet er basert på, har mykje stoff frå veke 9. Siste veka av februar var det møte i fleire av kommunestyra, men om ein skal satse på at Setesdølen som aviser flest gjerne skriv om konflikter, så er det temmeleg konfliktlaust i dei andre kommunestyra i Setesdal, mens det i Valle går hardt for seg.

Sist tysdag kunne Ole Birger Lien fortelje om skittentøyvask for open scene. Temperaturen i debatten vart uvanleg høg, og det seier ikkje lite når det er snakk om eit kommunestyremøte i Valle, skreiv han og fortalde at møtet heldt på nesten til midnatt.

Du som høyrde på Valle Radio onsdag før vinterferien fekk altså god underhaldning gratis til langt på natt. Enden på visa vart at kommunen og banken dekker halvparten kvar av underskotet etter at Valle Industribygg vart seld for 1,2 millionar kroner mindre enn gjelden selskapet hadde. Margit Dale meinte at ordføraren burde ha klubba då karakteristikkanen vart ekstra usaklege, men den tålmodige og romsleg Tarald Myrum sa sjølv at han hadde lagt lista ekstra høgt denne kvelden, så fekk alle syn kome til orde for open mikrofon.

Opposisjonen i Valle slit med å få med seg resten av kommunestyret sjølv om di nok kan ha gode saker. Steinar Kyrvestad undra seg på om han skulle ta til og føreslå noko han sjølv var imot, då ville han truleg få fleirtal, for uansett kva han føreslår, stemmer dei folkevalde i posisjon i mot. Om han då føreslo noko han eigentleg var i mot, ville han kanskje få det som han ville.

Sentrumsbygget i Valle har vore ein gjengangar i fleire møte, og Kim Pedersen undra seg i møtet over korleis ein kunne tru at ein kunne få med soknerådet inn i det nye bygget når formannskapet no har sagt at ein kross bare må vere 25 cm høg, om lag som eit A4 ark. Ole Birger meinte at slike funderingar nok kunne setje grå hår i hovudet på ordføraren, ordføraren sitt svar var å leggje til rette for livssynsnøytrale bygg som kunne få utforming alt etter kven som brukte det.

Sjølv om Valle kommune er ein Av og Til-kommune, tok kommunestyret anken frå Brokke Alpinsenter om skjenkeløyve til følgje og utvida opningstida slik dei ønskte, etter at dei tidlegare hadde fått lov å skjenke alkohol frå klokka 16, vart det no klokka 15, så kunne ein unngå drikking i snøhaugane, noko som Steinar Kyrvestad ganske rett peika på var ulovleg. Men han meinte problemet kunne løysast med kontroll, ikkje med utvida skje.nketid. Han tapte der og, no kan det skjenkast frå klokka 15 til 01 i Nistebui

Endeleg rapporterte Setesdølen at Toralf Andersen lurte på kva rådmannen si løn er. Kan hende får han vite det på neste møte, løna er ikkje hemmeleg, svara ordføraren.

Sjølv om det har vore mykje skriving om friluftsområdet Hegni i Setesdølen sine lesarinnlegg i februar, fekk ikkje dei skriveføre det som dei ville då Bykle kommunestyre handsama saka. Enden på den visa vart at området kan nyttast til naturbaserte aktivitetar, noko som truleg ikkje betyr camåingplass, kva det betyr, vil eg ikkje spekulere i.

Stoffet frå Valle kommunestyre fylte til saman halvannan side i dei to avisene sist veke, medan stoffet frå Bykle fylte ei spalte. Frå møtet i Evje og Hornnes kommunestyre var det ikkje noko, så der må vedtaka kanskje ha vore samrøystes. Men evjedølane er ikkje samde med resten av dalen, det spegla seg i artikkelen om reiselivssatsinga til regionrådet. Bjørgulv T. Berg var med på møtet og kommenterte at usemje i reiselivssatstinga i Setesdal er ein konstant faktor. Det er eg samd med han i, truleg kan ein ha uendeleg mange møte utan at dei tre store reiselivsbedriftene sør i regionen vil vere med på det som resten av regionen går inn for. Bjørn Ropstad stemde i mot, som i ein del andre saker i Setesdal Regionråd. Men ein stor del av året vil gå før det vert klart om kommunen hans vil vere med lenger. Forhandlingane bør vere ferdige innan oktober, kom det fram på møtet i februar.

I samband med dette kunne eg jo kome med eit hjartesukk: Evje og Hornnes har nytt godt av å vere regionsenter og ei rekke av samarbeidstiltaka for regionen er lagde dit. Om kommunen no vel å trekkje seg ut av samarbeidet og bli ein utkant i region Sør, bør vel regionsamarbeidet mellom dei tre gjenverande kommunane i Setesdal flytte sine aktivitetar på Evje inn i eigen region. Det vil neppe bli til styrke for regionsenteret.

I samband med at det var kvinnedag, kom det eit oppslag i Setesdølen om at kvinner i Evje og Hornnes ville få med fleire kvinner i politikken. Dei er fem av 21 kvinner der. I Bygland er dei fem av 15, i Valle 7 av 15 og i Bykle 2 av 13. Bykle er altså dårlegast i klassen på dette området, noko ordførar Jon-Rolf Næss meir enn ein gong har sagt seg lei for, han leiar største gruppa der, alle menn. Det er ikkje vanskeleg å vere samd med både han og med partikollega Line Vennesland, som seier at kommunen går glipp av noko når kvinner blir underrrepresentert. Samfunnet hadde sett noko annleis ut viss fleire kvinner var med i utviklinga, seier ho og oppmodar alle kvinner som får spørsmål om å stille til val om å svare ja.