Hylestad kyrkje 175 år

Share

Til sommaren feirar vi at Hylestad kyrkje er 175 år. I bøkene står det at ho er frå 1838, noko som indikerer at jubileet er eit år for seint. Men 100 årsjubileet vart feira i 1939, og då høver det med 2014 som årstal for å feire 175 år. Kan hende vart kyrkja vigsla i 1838 før ho var ferdig, 1838 er årstalet då kyrkja på Bjørgum vart teken ned. At ny kyrkje stod klar samstundes som den gamle vart teken ned og materialane selde, kan jo ha skjedd, men det kan og ha vore slik at ein gjorde ferdig kyrkja etter at den var vigsla.

I 1989 feira ein at kyrkja var 150 år, og det fall saman med at Theis Salvesen vart insett som sokneprest i Valle, så då var det stor festivitas med mykje folk og mange prestar på besøk. Prestane som hadde gjort teneste heilt frå krigens tid var til stades. Om det blir så stort oppmøte no, veit eg ikkje, men eg er med i ein komite som planlegg jubileet og som legg opp til ei stor markering. I kveld hadde vi komitemøte, og etter kvart teiknar konturane av markeringa seg. Det heile skal gå føre seg siste sundagen i juni, du bør setje av den sundagen i kalenderen alt no.

I dei siste 25 åra har det skjedd ein del i samband med kyrkja. I 1991 fekk kyrkja pipeorgel levert av Brødrene Torkildsen Orgelbyggeri på Åsen i Trøndelag. Det la grunnlaget for ei ny tid med aktivitet i kyrkja, ettersom ein la opp til ein del konsertverksemd. På eit av arrangementa i Vegkyrkja kom Pieter Leebeek innom, han var turist frå Nederland på Norgesferie. Den kontakten vi fekk der, gjorde at vi fekk lagt til rette for å utvide organistjobben til full stilling, og Pieter søkte, og dermed fekk vi ei ny tid når det gjaldt musikk i Hylestad kyrkje. I mange år hadde vi fleire konsertar dagleg i samband med vegkyrkjeverksemda og fleire tusen gjester innom kyrkja i sommarmånadene.

Program for veke 11, 2014

Share

Så er det tid for eit nytt tysdagsprogram i Valle Radio etter at vinterferien er over. Denne kvelden held vi fram med serien om Grunnloven 200 år, og Chris Nyborg frå lokalhistoriewiki, som vi tidlegare har hatt med på telefonen, er med oss i studio denne kvelden. Difor er programmet utvida til ein heil time.

I Postludium får vi høyre sju engelske salmer når Niklis K. Besteland presenterer ei plate innspelt av Wells Cathedral Choir, dirigert av Malcolm Archer og med Rupert Gough ved orgelet.

Tysdag 11. mars

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Siri Johannessen

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Grunnloven 200 år. Chris Nyborg i studio
19.30 Veka som gjekk
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium med Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 12. mars

Ansvarleg Kåre Rike
Teknikar Ørnulf Hasla
Telefonvakter frå klokka 20.30: Ingebjørg Helle Haugen og Torbjørg Hoftuft

19.00 Tankar frå Bibelen v/ Håvard Viki
19.30 Kommunen informerer v/ Frode Buen
20.00 Kåres time – Gjest Johnny «Guitar» Augland
21.00 Opi sending v/ Kåre Rike og Jorunn Lund Harstad.

Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

8. mars – Kvinnedagen

Share

Etter det eg såg på TV i dag, har det vore stor oppslutning om kvinnedagen i 2014. I alle dei store byane var det lange tog, og intervjua tyda på at det var eit stort engasjement.

I fjor feira vi 100 år for kvinners stemmerett, og eg hadde fleire innslag i Valle Radio i høve jubileet. Jubileet peika på at det ikkje har vore sjølvsagt at det skulle vere likestilling mellom menn og kvinner, korkje i politikken eller i næringslivet. Men etter kvart har utviklinga gått i ei slik retning, og på fleire og fleire område har det blitt naturleg at kvinner er aktive og drivande deltakarar i det som skjer.

Men i Valle Radio har vi ikkje kalrt å få kvinner med som programleiarar etter at Britta Lise Homme valde å konsentere seg om facebooksida vår. Det burde vi fått ei endring på. Difor tek eg det fram i bloggen på kvinnedagen 2014: Vi burde hatt ei kvinne med valledialekt som programleiar i Valle Radio også i andre postar enn open sending, der Jorunn Lund Harstad gjer ein god jobb. Det er ikkje vanskeleg å sjå at perspektivet i sakene som dei ulike programleiarar tek fram i radioen er ulikt. Men kvinneperspektivet manglar. Bak spakane i teknikken har vi kvinner dei fleste kveldane og som telefonvakter er det som regel kvinner, men i mikrofonene høyrer vi stort sett menn som ansvarlege programleiarar den første delen av kvelden.

Kanskje var kvinnedagen puffet som kunne gje ei kvinne lyst til å lage program i Valle Radio. Vi står for opplæring og hjelper deg i gang. Meld deg til redaktør Ørnulf Hasla, så får vi ei endring også på det feltet.

Veka som gjekk, veke 8, 2014

Share

Eg har teke til å lage litt lange kåseri basert på stoff i Setesdølen. Tysdag i veke 9 kåserte eg med utgangspunkt i lesarinnlegg i Setesdølen i veke 8, då var debatten sterk i avisa. Planen har vore å legge kåseria ut på bloggen, slik at dei kunne lesast, men denne gongen vart det ikkje noko av det, så sjølv om det er lenge sidan veke 8, tenkjer eg at det er betre seint enn aldri, og dermed kjem den delen av kåseriet som handla om lesarinnlegga her:

Veka som gjekk, veke 8, 2014

Å få ein aktiv debatt i ei avis har blitt viktigare dei siste åra. Dei fleste avisene med respekt for seg sjølv let lesarane sleppe til orde. Til dømes har Fædrelandsvennen utvida plassen dei gjev til debatt ganske mykje, det er større artiklar og små innlegg og fyller både tre og fire sider kvar dag. Du som høyrer på tysdagssendingane i Valle Radio vil vite at i serien om Grunnloven 200 år har fleire av dei som har skrive innlegg i Fædrelandsvennen, kome til orde også i sendingane våre.

I ein samtale eg hadde med Sigurd Haugsgjerd for ei tid tilbake sukka han litt over at setesdølar flest ikkje var så ivrige til å skrive lesarinnlegg og meinte at det vel burde vore ei side i avisa mest kvar utgåve. Lesarinnlegg er godt stoff, dei kan skape temperatur og engasjement hos lesarane.

Kommunedelplan Hovden
No går debatten for fullt i Setesdølens spalter. Sist veke starta Hans Blattmann, dagleg leiar av Hovden Skigymnas, ein debatt om kalde og varme senger på Hovden, noko som er omtalt i kommunedelplan for Hovden. Kalde senger er senger i private hytter, medan varme senger er senger i hotell, sjølv om dei og kan vere kalde det meste av veka. Det er dei varme sengene som skaper arbeidsplassar over tid, kalde senger skapar bare arbeidsplassar i byggeperioden.

Denne veka fullførte han sitt innlegg med å be om at folk engasjerer seg, ikkje minst barn og unge, og at det lukkast å bevare grøntområdene på Hovden. Til no har Bykle kommunestyre hatt lite engasjement for dette, meinte Hans Blattmann.

Om det var dette innlegget som fekk både legen i Bykle, spesialist i allmennmedisin og petroleumslege Maren Østvold og Anne Liv Lidtveit til å ta pennen fatt. Ingen av dei kan forstå at det skal vere aktuelt å ta området ved Hegni til campingplass. Når New York kan ta vare på Central Park, bør Bykle kunne klare å ta vare på Hegni, skriv Anne Liv, som no bur på Rysstad, men som framleis er levande engasjert i det som rører seg på Hovden.

Sentrumsplan Valle
Spørsmålet om sentrumsutvikling i Valle har vore omtalt i mange innlegg i Setesdølen. I veke 8 var pensjonert kulturkonsulent Ånund K. Homme igjen på banen. Han har ofte sagt at det hadde vore fornuftig å setje opp eit sentrumsbygg med butikkar, bibliotek og leiligheter nede ved riksveg 9 og meinte vel at ideane til Leiv Rygg om kultur- og næringsbygg i Bygland godt kunne tilpassast Valle. Han tenkjer og at det kan høve med leiligheter der Menighetshuset står i dag. I tillegg foreslår han å byggje glastak over sentrum, kan hende skulle ein rive Frikyrkja og gamlebanken, frikyrkja kunne ein bygge opp att i Prestvodden, meiner Ånund K. Homme, som og minner om at ved å slå saman Bykle, Valle og øvre del av Bygland, vil kommunesenteret naturleg hamne i Valle sentrum. Også Kjetil Nomeland er inne på dette og meiner at noverande sentrum i Valle ikkje høver for bilar, bare for syklar og gåande.

Eit anna innspel når det gjeld sentrum i Valle står Daniel Rike for. Han greier ut om korleis ein i moderne tid byggjer kyrkjer med menighetssal i same huset. Difor meiner han at ei kyrkjestoge i Valle må ligge i nær tilknytning til kyrkja, å kombinere kyrkjestoge med eit sentrumsbygg på Menighetshustomta vil vere å gå tilbake til noko som ikkje fungerte så godt.

Sentrum i Bygland
Leiv Rygg, ordføraren i Bygland, km med eit innspel til debatten om idrettshall og kulturbygg i Bygland i veke 7. I veke 8 fekk han svar, først av Turid Skaar Greibrokk frå Årdal sokn og så frå Vidar Frøysnes, gruppeleiar i Ap. Ho meiner at det får halde med opprusting av gymsalen i ei tid der folketalet går ned, medan han forklarar kvifor Ap no har snudd og vil ha stor idrettshall og kultur- og næringsbygg ved riksvegen.

Grendenamn i staden for vegnamn
Vidar Toreid slår eit slag for å nytte grendenamn i staden for vegnamnet Setesdalsvegen i Bygland. Han meiner at ein kan nummerer husa i grenda og til dømes kalle ei adresse på Helle med det rette namnet, Hedde 66, 4748 Rysstad. Tilsvarande kan ein gjere i andre grender i dalen. No er namna alt vedtekne i Valle, men både Bygland og Evje og Hornnes har endå høve til å fylgje Toreid sitt framlegg.

Hoss
Jon Bjones, den pensjonerte gymnaslektoren som bur på Bø i Telemark, men som opprinneleg er frå Bykle, har eit lesarinnlegg om ordet Hoss. Han lurer på om det er vallemål for korleis og meiner å ha sett det i setelarkivet til Norsk ordbok, som snart kjem ut og at det var læraren Bergit Rike som hadde skrive det.

Men han fekk fort svar på tiltale. Torjus Uppstad går gjennom all bruk av ordet koss, som Bergit Rike har skrive opp. Hoss betyr merr, beist (kvikt krøter) eller ugrei kvinne, siterer Torjus etter vallemal.no Språkdebattar plar ikkje stoppe med eit par innlegg, så vi kan nok vente meir om dette i avisa.

Etter så mange lesarinnlegg høver det vel å spele noko musikk frå ein Evje-journalist som har gjort byråkrat av seg i Lyngdal: Her kjem Ole Aa Brattfjord Dalen min

Oppmuntring

Share

Vinterferien kan godt brukast til oppmuntring på andre måtar enn å gå på ski. Eg har aldri likt å gå på ski, noko som sikkert kjem av at snøvintrar i Rogaland var temmeleg sjeldne då eg vaks opp, så praksis som barn hadde eg lite av. Dei gongene eg har gått på ski i vaksen alder, kan vel teljast på ei eller til nød to hender.

Difor valde eg å ta ein tur til Ålgård i vinterferien. Eg svinga til og med innom Varhaug ein snartur og besøkte Brit, søskenbarnet mitt, og det var ei oppmuntring å gå i hagen på vindfulle Jæren og sjå snøklokker og krokus i full bløming. I løpet av samtalen kom ho til å syne meg ei bok om kyrkjegarden ved havet på Varhaug, og Sjur Håland sine tekstar tala så til meg at eg svinga nedom stasjonen på Varhaug og fekk med meg boka heim. Nydelege bilete lyfta boka til å bli eit kunstverk.

Så fann vi vegen til Ålgård, der mor hadde venta på oss og der vi fekk nokre timar saman før vi snudde heimover i kveldinga. Denne kvelden var det liten trafikk, turr og opplyst veg som gjorde heimturen til ei sjeldan oppleving.

I dag var vi på formiddagstreff på Mandal bedehus. Presten Borgenvik, han som skriv dei fine andaktane i Fædrelandsvennen i periodar, hadde gløymt heile treffet, truleg fordi han hadde lova å vere med i fjor, og så hadde ikkje avtalen blitt med frå den gamle almanakken til den nye, det er ikkje alltid lett å hugse avtalar ein gjer i svært lang tid på førehand. Men vi starta treffet og så kom han etter kvart, då klappa forsamlinga, og Reidun Ås si oppmuntrande forteljing kan ein glede seg over i lang tid. Ho fortalde om at ho hadde kome bak ein kjøreskole på turen til Mandal, og ho hadde gledd seg over kor fint han kjørte, så ho fylgde etter han heilt til han stoppa, og då gjekk ho bort til bilen og takka for den fine kjøringa og fortalde at ho hadde bedt for at han måtte klare å få sertifikatet når han skulle kjøre opp. Eleven vart så glad at han tok til å gråte. Oppmuntring ein torsdags føremiddag kan vere sterkt.

Då eg vel var komen heim att, fekk eg ein telefon frå Johnny Haugen, som fortalde at han gledde seg storleg over Setesdalswiki, og at det var ei rik kjelde til informasjon om Setesdal og at han var imponert over arbeidet eg gjer med å skrive der. Det var ei ikkje mindre oppmuntring, og han lurte på om eg hadde digitalisert Setesdølen tilbake til starten, det er jo 40 års jubileum for avisa i år. Eg måtte seie at det hadde eg ikkje, eg har bare skrive inn overskriftene frå 2009, men med enkelte deler av avisa før den tid. Uansett så var han glad for det og vona eg fekk tid og krefter til å halde fram. Slik ei oppmuntring gleder midt i vinterferien.

Kven gav du ei oppmuntring sist?

Program for veke 10, 2014

Share

Denne veka er det vinterferie, og dermed er det ikkje tysdagssending. Ettersom det er første onsdag i månaden, er det heller ikkje onsdagssending, den er flytta til fredag, etter den gamle samsendingsplanen vi hadde med Radio Evje som sa at første fredag i kvar månad alternerer vi på å ha sendingane til heile dalen. No går vel alle sendingane våre til heile dalen, men vi held på den gamle avtalen.

I oversikten over programmet på Setesdalswiki finn du hyperlenker der det er artiklar om dei som er med i programmet: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Fredagssending_i_Valle_Radio_20140307

Ørnulf sende denne annonsa til Setesdølen med kopi til meg:

Kl. 19-19.30
Tankar frå bibelen v/ Håvard Viki.
19.30-20.00
Regionrådet informerar.
20.00-21.00
Aktuell time v/ Ørnulf
Opptak av utdeling av St.Olavsorden til Hallvard T. Bjørgum.
Vi er på soknehuset og tek pulsen på Hylestad revyen.
Opptak med Aron Rysstad,ein ung komet på ski.
21.00
Open sending VBjørgulv T. Berg og Ørnulf Hasla
Teknikkar, Torhild Sandnes
Tlf.vakt Jorun Helle og Solveig Rysstad
Høyr og Valle Radio på www.valleradio.com trykk på live streeming.
Send info/helsingar på post@valleradio.com
Fylg og med på Valle radio sin facebookside.

Turistforeninga Sør

Share

Turistforeninga Sør skal etablere avdelingskontor i Valle. Dei har lyst etter ein person som kan jobbe med utgangspunkt i Valle for å auke aktiviteten på hyttene dei har i Setesdalsheiand. Sist tysdag var dagleg leiar Marit Sølsnæs med meg på telefonen for å fortelje om stillinga og å oppfordre folk til å søke. Torsdag er søknadsfristen, du som vil ha ein interessant jobb i Valle med vekt på å få ungdom ut i naturen i Setesdal bør søke jobben.

Stillingen er ei treårig prosjektstilling og den er blitt finansiert gjennom ei gåve DNT Sør har fått frå SR Bank1. Det er ikkje nok til å dekke heile stillinga, resten har dei fått frå Valle Sparebank, Setesdal Regionråd og Valle kommune. Kontorstad blir kommunehuset i Valle.

I samtalen undra Marit Sølsnæs seg på kvifor Bjørnevasshytta, som ligg like ved vegen, likevel er lite brukt. Den kunne høve godt for grupper som ville ta ei helg i heia med utgangspunkt i hytta, meinte ho. Også andre av hyttene til Turistforeninga kunne med fordel blitt brukt meir, sjølv om ho erkjente at det kanskje ikkje var så høveleg akkurat då samtalen vår føregjekk, for laus snø tre meter oppå taket var vel ikkje akkurat så veldig lagleg for å nytte ei hytte. Men det er ein overgang, og heiane er flotte for rekreasjon og turliv og kunne med fordel bli brukt meir, helst med utgangspunkt i nokre av dei mange hyttene til Turistforeninga.

Målet er å få fleire unge ut på tur, dei er neste generasjons brukarar av det flotte løypenettet foreninga har i heiane, men det gjer seg ikkje sjølv å få dei interesserte, difor opprettar dei no prosjektstillinga som skal stimulere til auka bruk. Med over 6000 medlemmer burde det vere råd å legge til rette for auka aktivitet.

Nærmere informasjon om DNT Sør og stillingen på dntsor.no. Kontakt gjerne daglig leder Marit Sølsnæs på tlf. 952 98 148. Skriftlig søknad med CV sendes innen 7. mars 2014 til marit@dntsor.no.

Om dette er noko for deg, så er det bare å sende ein søknad.

Heilårsdestinasjon

Share

Reiselivsnæringa på Hovden arbeider iherdig for å bli heilårsdestinasjon. Saman med Destination Hovden har dei no etablert reiselivsselskapet Hovden Destination Management. Det kunne næringssjefen i Bykle, Svein Hjort-Olsen fortelje i Valle Radio tysdag for ei veke sidan.

Svein Hjort-Olsen er frå Stavanger og er utdanna maskiningeniør. Han kom til Bykle som næringssjef i 2010 og arbeider med å stimulere næringslivssatsing i kommunen og gleder seg over samarbeidet som aukar, saman vert vi sterke, er eit synspunkt som han gjerne formidlar.

Det er samarbeidet mellom Color Line og Destinasjon Hovden som er bakgrunn for det nye selskapet. Om Color Line skal ha noko å tilby turistar frå Danmark, må det finnast tilbod i Setesdal også utanom skisesongen. Då kan ein få fylt opp varme senger, det vil seie hotellsenger som er til utleige. Det er desse sengene som genererer arbeidsplassar i ein turistkommune. Kalde senger, det vil seie senger som private folk har i hyttene sine og som ikkje vert leigde ut, skapar arbeidsplassar når hyttene vert bygde, men ikkje så mykje når dei står ferdige.

Eit av måla med satsinga er å få Hovden med i Forum for reiseliv sitt prosjekt for å utvide sesongane slik at det vert færre og kortare periodar då det er lite turistar, med andre ord å få ein heilårsdestinasjon på Hovden.

Næringssjefen i Bykle har klare meiningar om korleis ein bør satse for å utvikle næringslivet i kommunen. Han har lova å vere med i Valle Radio ein kveld i vår der vi kan verte meir kjent med mannen frå Stavanger som promoterer næringssatsinga i Bykle kommune. Då eg sa eg skulle spele Fjellfolk: Ulvetuva etter innslaget i radioen, var han svært nøgd over at det var råd å få høyre Helga Jacobsen, ein annan stemme frå Stavanger som har gjort byklar av seg.

Om Setesdølen tysdagskvelden

Share

Tysdag kom opplagstala for norsk presse i 2013. Eg fann oversyn på http://www.moisund.com/2014/02/25/toffe-tak-for-papiravisene/ og tenkte at eg ville få ein kommentar frå redaktøren. Det var ikkje vanskeleg, Sigurd Haugsgjerd hadde mange tankar om opplaget til avisa, som i 2013 måtte tåle ein nedgang på 83 aviser samanlikna med 2012. Han meinte at dei 4553 avisene framleis er godt, Setesdølen er den tredje største avisa i Aust-Agder.

Eit problem som Setesdølen har er at avisa har over 100 prosent dekning i kjerneområda Bygland og Valle. Dekninga er og svært god i dei øvrige setesdalskommunane, så om opplaget skal vekse, må ein få abonnentar utanfor kjerneområdet. Då Sirdølen slutta som papiravis, såg ein at ein kunne få nokre abonnentar der om ein tok inn stoff frå Sirdal, i tillegg skriv avisa ein del om området vestover til Byremo. Men det er fort gjort å forskreve seg når avisa heiter Setesdølen og stoffet kjem frå heile indre Agder. Difor er det grenser for kor langt ein kan strekkje seg, meinte han.

Grunnen til nedgangen er at det er nedgang i folketalet i området avisa dekker. Det er ikkje Internett som tek abonnentar, Setesdølen sine abonnentar må lese papiravisa for å få stoffet, og slik kjem det nok og til å bli i framtida. Men når folk døyr eller flytter frå distriktet, er det ikkje lett å erstatte tapet av aviser.

Elles er det jo og slik at opplagstalet er eit matematisk utrekna tal. Ein tek abonnementinntektene og deler på abonnentprisen, då finn ein den eine delen av opplagstalet. Så tek ein inntektene frå laussal og deler på laussalsprisen og ser kor mange laussalsaviser det har vore. Desse vert så rekna om til årsabonnement ved å dele på tale på utgåver i eit år, i 2013 var det 102 utgåver. Desse vert så lagt til den første delen av opplagstalet, og så finn ein årsopplaget. Det er altså eit teoretisk tal, talet på abonnentar i kartoteket til avisa er annleis, for nokre held avisa i kortare periodar av året.

Setesdølen speglar livet i Setesdal på ein god måte, og den som vil vite kva som rører seg i dalen, kan ikkje basere seg på avisene frå kysten, anten det er Fædrelandsvennen eller Agderposten. Difor vil nok avisa framleis ha ein høgare opplag enn folketalet skulle tilseie i avisa sine kjerneområde.

Sakte TV er bra

Share

I ein samtale med søster mi i kveld kom ho til å nemne at dei såg på NRK2 sitt program om norsk historie i kveld. Då hugsa eg at eg hadde lese om dette programmet, men det var gått i gløymeboka att, sjølv om eg hadde tenkt eg skulle sjå det.

Dermed vart vi sitjande og sjå på professor Frank Aarebrot som gjennomførte 200 år historie på 200 minutt. 200 minutt er 3 timar og 20 minutt og undervegs twitra folk kommentarar til programmet, der dei mellom annan lurte på om han ville kome i mål. I imponerande stil kom han i mål på sekundet, men med fem minutts røykepausar for kvar time, så omlag.

Det var ein imponerande prestasjon, over tre timar med tale, bare illustrert av bilete på ein skjerm framme i salen, vi som såg på tv fekk nærbilete. Men det var stinn brakke, og i eit siderom sat det visstnok 300 personar som ikkje fekk plass i salen.

No har NRK vist Hurtigruten minutt for minutt, Bergensbanen og Nordlandsbanen, og med dette programmet ser ein at sakte TV er ei programform som fengar.

Sett i samanheng med serien i Valle Radio om Grunnloven 200 år gav programmet meg mange tankar om korleis Valle Radio sin serie kan byggjast ut til ikkje bare å handle om eidsvollsmennene og tida dei levde i, men og om tida frå 1814 til no: Langsomt ble landet vårt eget. Han slutta av presis på sekundet med å lese opp diktet, og i mellomtida hadde han vore innom kjente og ukjente folk, både menn og kvinner i eit perspektiv som ein bare må beundre.

Til og med haugianarane var han innom, dei synest eg nok har kome noko lite fram i artiklar eg har lese i samband med grunnlovsjubileet, men det kan jo rette på seg utover våren. I alle fall har jubileet fått meg til å tenkje mykje på historie og det som har ført til at vi har det samfunnet vi lever i no. Å sjå linjer og samanhengar kan vere svært interessant.