Påskebasaren 1. påskedag

Share

Så er påskesendinga over. Den første timen av programmet var ein aktuell time med desse innslaga:

*Opning
*Studio, ynskje velkomen til påskesending, jingel med alle tlf.nr
*Telefon til Kristiansand Røde Kors på [[Hovden]]
*Telefon til Vennesla Røde Kors [[Clas Bjørge Bäckstrøm]]
*DDE: »Lange late dager»
*Opptak fra samtalar med [[Kent Even Andersen]] på [[Joker Valle]], [[Anne Kristine Andreassen]] på [[Coop Valle]], [[Gunveig Kaarvand]], Olav, [[John Arne Nilsen]], [[Eva Nilsen]], [[Signe Kile]], [[Lise Mitander]] og [[Gunnar A. Helle]] på [[Statoil Rysstad]]
*Telefon til UP-sjef [[Øystein Krogstad]]
*Telefon til [[Dag Hovden]], [[Valle lensmanskontor]]
*Emmylou Harris: »First Aid Kit»
*Telefon til [[Sigurd Haugsgjerd]] nyheiter frå [[Setesdølen]]
*Hellbillies: »I morgon har eg fri»

Ørnulf Hasla hadde ansvaret for den timen. Frå klokka 20 var han saman med Britta Lise Homme og Rolf Erik Homme i studio, med rebusar og samtalar med folk som ringde inn i studio. Salet vart avslutta om lag midnatt, deretter var det trekning. Premielista kjem på bloggen med det første, men Brokke Eigedom vart vinnar av hovudgevinsten Setesdalsbunad for mann, eller gåvekort på 30.000,- frå ein eller fleire av våre faste sponsorar. GRATULERER!

Påskegudstenester

Share

I det flotte veret er det kanskje lett å tenke at påske er som ei vinterferieveke, men det er all grunn til å feire den kristne høgtida også i 2014. I Setesdal har ein godt høve til det:

Gudsteneste i Bykle kyrkje ved prost Gunnar Ellingsen klokka 9. Ofring til Normisjon, region Agder
Gudsteneste i Valle kyrkje ved prost Gunnar Ellingsen klokka 11. Ofring til Den norske Israelsmisjon
Gudsteneste i Årdal kyrkje ved sokneprest Lønningen klokka 11. Påskelyset blir tent. Nattverd. Dåp. Vonheimkoret deltek. Takkoffer til NLM
Gudsteneste i Evje kyrkje ved sokneprest Kjell Steinbru klokka 11. Dåp og nattverd. Offer til Isrealsmisjone. Kyrkjekaffi i prestegarden
Gudsteneste i Åseral kyrkje ved sokneprest Olav Lehne klokka 11. Nattverd. Offer til kyrkjelydsarbeidet
Påskeandakt ved Ljosland skisenter ved Elisabeth Fladstad klokka 11
Gudsteneste i Bygland kyrkje klokka 19 ved Fredrik Netland. Påskelyset blir tent. Nattverd. Takkoffer til NMS
Gudsteneste i Fjellgardane kyrkje ved prost Gunnar Ellingsen klokka 19.30. Ofring til Vest-Agder søndagsskolekrets

Sponsorar påska 2014

Share

Klokka 19.00 i skjærtorsdag starta sendinga og den store påskebasaren. Håper du blir med oss! Kjøper du lodd så stør du lokalradioen, samstundes som du kan vinne mange fine gevinstar.
Bare sjå her:
Valle Radio – Setesdalsbunad for mann, eller gåvekort på 30.000,- frå ein eller fleire av våre faste sponsorar.
STATOIL RYSSTAD – hovedsponsor- 20 gåvekort á 250,-
EVJE GLASS SERVICE – hovudsponsor- 20 gåvekort á 250,-

VALLE:
Valle Vev v/ Karin Bøe- 2 bøker Åkle i Valle (á 399,-)
Valle Bensin- 10 stk Gullvask
Coop Marked Valle- 2 elektroniske gåvekort á 500,-
Setesdal husflidsentral- 4 gåvekort á 250,-
Joker Valle- 4 gåvekort á 250,-
Aamli Klipperi as- 4 gåvekort á 250,-
B-Beauty, Valle- 4 gåvekort á 250,-
Hasla- 2 gåvekort á 500,-
Valle Blomar og Gåver- 4 gåvekort á 250,- i kafeen eller blomar.
Georg Viki Byggeforretning.- 3 stk gåvekort á 200,-
Tveiten Rammeservice- 2 gåvekort á 300,-
Valle Landbrukssenter v/Lars- 4 gåvekort á 250,-
Valle motell- 2 stk middagsbuffé
Valle Bil og Masik v/Henry- 3 stk sekker/bag, verdi 300,-
Setpro Valle- 10 sekker bjørkeved (60 liters)
Setesdalsbygg- gåvekort 1000,- Brukast hjå Georg Viki Byggf.
Systog Dale- Gåvekort 300,-
Grimstad Trykkeri- 2 gåvekort- vinterjakker m/hette og avtagbart fleecefór

RYSSTAD:
UTA gåvekort kr. 2000,- brukast på motorsenteret
Motorsenteret v/Jon Atle- Skoterklede verdi kr.2000,
Bergsam A/s gåvekort kr.1000,- brukast hjå Bjørgulv Bjørgum
Straume Handlaft – Bålponne verdi kr,2000,-
Valle Håndlaft- Gåvekort verdi kr. 500,- brukast på Statoil
Sølvgarden Hotell – 2 x 2 dagens middag
Coop Marked Hylestad Gåvekort verdi kr 500,-
Kvisle Eigedom – Gåvekort verdi kr. 500,- brukast på Statoil
Rysstad Laftebygg- gåvekort Sunwing hyttekatalog verdi kr 2000,-
Nomeland Anlegg – gåvekort verdi kr. 500,- brukast på Motorsenteret
Bjørgulv Bjørgum – 1.stk Arctic Cat jakke verdi kr. 3000,-
Heimegard Rysstad- Gåvekort – eit stk. fenalår
Tora Treskjerer – Slektslopt

EVJE/ BYGLAND:
Intersport – 3 x 300kr gåvekort
Databutikken – Gåvekort 500,-
Fargerike – gåvekort 200,-
Expert – Dockingstasjon.
Alle tiders, gave og interiør, barneklær og leker-Gåvekort 500kr
Oasen- gavekort 1 x 100kr
Pernille – 1 x 200 kr gavekort
Libris – 4 x små puslespel
Erling Haugaa – diverse småting.
Sjarm – 1 x 300kr gavekort
Lars Kile – Gåvekort 500,-
Spisekroken- 2x gavekort på valgfri kaffi og kake
Hodne Design- gåvekort på 500 kr.
Setesdølen- 1 års abonement
Evje Gull og Sylv – gåvekort á 500,-
Gunnar Helle As, Byglandsfjord- gåvekort á 500,-
Glasshytta- Bygland- gåvekort á 500,-
Atelier Mona Ida, Bygland- gåvekort á 1000,- og 1 pk. kort (200,-)
Dekkomsetning Evje/Hornnes- Gåvekort 500,-
Coop Marked Ose- Gåvekort 500,-
Reidar Tveito- 6 stk. bøker «Setesdalsbanen 1962, eit 50-årsminne om nedlegginga»

BYKLE/ HOVDEN:
Fjellgarden Hovden- 2 Gåvekort á kr 1000,-
Hovden Sport- Barts skinnlue, hentast innan 1 mai-14 (600,-)
Hovden Badeland- dagskort for 2 voks/2 barn + 3 dagskort for 1 pers.
Hovden Alpinsenter- 2 ferdige gåvekort (dagskort m/kveld, gyldig til 2/5-15)
RIMI Hovden- 2 kasser Friele-kaffe
Hovdehytta- Week-end opphald, hytte m/peis 5 pers, 3400,- (innan 20 des-14)
Texaco Bykle- tursekk (200,-)
Bykle Bygg- gåvekort på 500,- brukast på Georg Viki Byggeforretn.
Bykle Maskin v/Arvid, NAF/Falck/Viking- 4 stk gåvekort på 500,-
Coop Marked Bykle- Bjørn Dæhli sportsundertøy, dame(M/L)
Bykle Hotell- sundagsmiddag m/ dessert 2 pers.
Bykle Vindu- gåvekort 1000 kr , brukast på Valle landbrukssenter

Skjærtorsdag 2014

Share

Kjøyreplan skjærtorsdag 2014 frå 19-20

Opning

Studio, ynskje velkomen til påskesending, jingel med alle tlf.nr

Musikk Certain kind of fool, Arly Karlsen

Ringe UPsjef Øystein Krogstad

Musikk Påsketur, Øystein Sunde

Ringe Dag Hovden Valle lensmanskontor

Musikk This is life, Amy Macdonald

Ringe Kristiansand raude kross Alfred Georg Klausen tlf. 37939666

Ringe Vennesla raude kross Bjørge Bekkstrøm

Musikk Hytta mi, vassendgutane

opptak med Tom Arild Uppstad, løypekjøring i Brokke

Musikk, Abbor terapi

Ringe til Sigurd Haugsjerd nyheiter frå Setesdølen

Musikk! Wagon Wheel, Darius Rucker

Påskereisa 2014

Share

Det er ikkje alle som dreg til fjells i påska. Mange held seg heime og reiser heller på tur med Thor Bjarne Bore i Den store påskereisen. I dag var spørsmåla hans å finne i Fædrelandsvennen, og eg fann dei og på bloggen hans: http://bore-aktuelt.blogspot.no/search?updated-min=2014-01-01T00:00:00%2B01:00&updated-max=2015-01-01T00:00:00%2B01:00&max-results=17

Så sit vi der og lurer på kva det kan vere han har klekt ut av finurlege variantar i år. Ta til dømes dette spørsmålet: En pionér klarte ikke å kvalifisere seg, men ble likevel invitert. Hun kommer fra denne kommunen, en annen pionér flyttet hit og var med i en historisk gulltrio. I kommunen ligger det en by med et annet navn. Kommunenavnet er det eneste i Norge som ender på tre konsonanter.

Eg hadde ikkje tenkt på at det er ein kommune i Norge som endar på tre konsonantar, sjølv om eg etter litt leiting fann ut at eg har køyrt gjennom kommunen mange gonger, ja, til og med overnatta der fleire gonger. Det er bare ein kommune som kan vere aktuell, og for å få det bekrefta, må ein rote litt rundt og sjå kor Anette Sagen kjem frå. Ho vart jo invitert til OL i vinter utan å vere kvalifisert.

Slik sit ein og funderer saman rundt bordet, det kjem potetgull på bordet, kanskje litt sjokolade, og så gløymer ein det meste og lurer på spørsmål etter spørsmål saman. Det vert neppe noko reisegåvekort i år heller, men ein kan jo lure og sjå og leite på nettet og i veiboka og andre kjelder som kan gje stadfesting av at ein hugsar litt frå nyhetsbiletet den siste perioden.

Gong etter gong let ein seg imponere over finurlege vinklingar som dukkar opp. Men moro er det.

Podcast og litt til

Share

Vi har i mange år snakka om korleis vi kunne få til ein podcast som gjer at ein kan høyre program på Valle Radio også etter at sendingane er avslutta. Det har vore vanskeleg å få til eit system som var så enkelt at ein dugnadsinnsats kunne løyse oppgåva.

I det siste har eg teke til å lure på om det kunne vere mogleg å leggje lydfiler ut på Setesdalswiki. Eg lagar jo nokså detaljerte oversyn over programma for tysdagskveldane der, så kanskje kunne ein få til eit system der ein kunne finne programma att på dei sidene.

Eg kom til å diskutere det med Helge no i påska, det er jo han som har serveren til Setesdalswiki. Så fann vi ut at vi ville prøve på eit par program som eg hadde i opptak på minidisk. Det var då eg fekk vite at minidisk ikkje var det enklaste å nytte, for Sony har gjort opptaka der svært så proprietære. Ein kan ikkje ta eit opptak frå ein md og kopiere over til ein datamaskin, ein må spele det over, det tek like lang tid som opptaket er. Helge hadde funne ut at visstnok skal vere ein måte å gjere det på, men ein slik spelar kostar så mykje pengar at bare svært profesjonelle aktørar kan ha råd til det.

Vi sette oss likevel til med ein md-spelar og kopla han til ein pc med dei rette ledningane, og så fekk vi spelt over eit opptak. Det vart litt tilfeldig, eg fann ein md eg hadde frå 2006. Det er var eit intervju med Lisbeth Dalquist Homme der vi snakka om bøker før sommarferien.

Men det var ikkje bara å legge det over på serveren, for den må konfigurerast til å ta lydfiler, det var det ikkje lagt opp til i utgangspunktet. Men det er mogleg med programvaren, så vi får sjå om vi får det til etter kvart. Det skal bli spennande å sjå om vi lukkast. Og så spørst det om eg kan få det til når han reiser tilbake til Oslo. Eg er ikkje særleg vågal når det gjeld å prøve ut nye program på pc, så vi får sjå korleis det legg seg til rette.

Leirstader og andre eigedomar

Share

Opp gjennom åra har kristelege organisasjonar etablert leirstader og andre eigedomar å drive arbeidet sitt ut frå. I dagens Fædrelandsvennen stod det om leirstaden Havglimt som NMS har i Lillesand: Etter 60 år i misjonsselskapets eie kan skjærgårdsidyllen bli avhendet. I dagens Vårt Land stod det og om Den indre Sjømannsmisjon, som eig Oslo Sjømannskirke. Etter ei årrekke der eigedomen på Bygdøy har vore organisasjonen sitt hovudsette på Austlandet, kan den og bli seld.

Bakgrunnen for dette er at inntektene i organisasjonane går nedover og at det er dyrt å sitje med eigedomar, ein kan heller prøve å få inn pengar for å halde oppe drifta nokre år til. For NMS har ein etter kvart fått større regionar, og der er parolen at ein bør prøve å klare seg med ein leirstad i kvar region. Då vinn leirstaden på Åpta i Farsund kommune over den meir nedslitne leirstaden Havglimt i Lillesand. For DISM blir det viktigare å halde misjonsbåten Elieser i drift enn det meste av bygningar organisasjonen har på land.

Det er helst noko vemodig å lese slike oppslag. I generasjonar har folk samla inn pengar og jobba i dugnadsøkter for å få det til å gå rundt slik at vedlikehald og andre utgifter kan dekkast. Men no går det mot slutten. For ein som har hatt eit engasjement i kristne organisasjonar sitt arbeid, kjennest det som ei avkorting av arbeidet at eigedomar må gjerast om til månadsløner for folk. Tanken melder seg: Det vil nok ikkje halde så lenge, så er det botnskrapa att.

Sjølv var eg redaktør for DISM sitt organ Fiskerens Venn frå 1972 til 1976. Då kom bladet ut om lag kvar veke, det var i avisformat og eg hugsar at eg måtte skrive om lag 40 maskinskrivne A4-ark for å ha nok stoff til å fylle bladet kvar veke. No kjem bladet knapt ein gong i månaden, det har bladformat i A5, rett nok med fargar og fint papir, men det er heilt klart ikkje like mykje informasjon å sende ut til misjonsfolket no som for 40 år sidan.

Om leirstadene vert selde, om pengane kan fungere som hjelp til å snu ein trend eller om dei bare blir naudhjelp før avvikling av arbeidet, det står att å sjå.

Meir om etterkomarane

Share

Eg har dei siste vekene lese boka som Svein Inge Olsen laga om ei grein av etterkomarane etter Olav Knutsson Tveiten. I dag var det ei lenke på Facebook om ein hjemmealene-fest i Haugesundsområdet som enda i masseslagsmål. Då kommenterte Johs Bjørkeli det slik: Ja søndags- og mandagsavisene viser at vi ikke er etterkommere etter vikinger for ingenting. Pluss at vi ikke har drikkekultur i dette landet.

Så tenkjer eg på Bjørgulv Uppstad, kjempa frå Setesdal som slo inn døra hos eidsvollsmannen på Tveitetunet og kravde dottera hans medan han klynga han opp etter veggen. Han fekk dottera, dei fekk etter kvart fleire barn, sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/Sigrid_Olsdotter_Tveitens_barn

I boka Kjempa frå Setesdal fortel Svein Inge Olsen om fleire av etterkomarane, dei heldt fram med slåssing og drikking i fleire generasjonar. Han siterer frå rettsprotokollar der det går fram at slektningar saksøkjer kvarandre etter slåsskampar. Det er så ein mest ikkje kan tru det er sant, det var bare skytevåpen som mangla for at det skulle vere ville vesten, sa han i samtalen vi hadde i Valle Radio.

Truleg er det noko betre i våre dagar. Men han dukkar opp, stridslysten, der ein kanskje minst skulle vente det. Då kan jo palmesundagsbodskapen kanskje ha noko for seg, der vi høyrer om han som rid inn i Jerusalem på eit esel og som vender det andre kinnet til og lærer hissige fiskarar og andre som let seg fascinere av han om eit anna liv og andre verdiar. Men det tek si tid å implementere dei, det kan ein nok slå fast.

Frå Tveitetunet i VG

Share

Eg var tidleg i butikken i dag og fekk meg VG. PÅ side 58 og 59 er reportasjen frå Tveitetunet som Kristine Hellem Aanstad laga saman med fotografen Petter Emil Wikøren. Ho skriv: For å samle flest mulig personer til det nye slektsbildet i regi av VG, sendte Jansen ut epost til flere titalls personer. Både han og VGs utsendte ble i forkant invitert med på Valle Radios direktesending for å snakke om bildeideen. Til tross for plaskregn og vind, lot likevel mange seg lokke til å ta turen.

Dei som er med på biletet er: Leonhard Jansen, Pål Dale, Tjodgeir Tveiten, Tor D. Lunden, Tarald Myrum, Gjermund S. Hoslemo, Lars Tarald Myrum, Knut Hasla Myrum, Tor Hoslemo, Torjus Lunden, Hallvard Nylund, Kjell Ove Tveiten, Daniela Eikholm Tveiten, Ronny Åkre, Karianne Åkre, Tara Dale, Svein Inge Olsen, Margit Dale, Tone Å. Rygnestad, Birgit Hoslemo, Inger Hoslemo Dale, Jorunn Rysstad Berg, Gerd Torhild Helle Aakhus, Pål Brage Dale, Una Dale, Malena Ingela Hamner Olsen og Johannes Hamner Olsen.

I reportasjen er Leonhard Jansen sitert: -Det er flere hundre av oss her, så det er helt rett å si at dalen er full av etterkommere…. det er et veldig bredt spekter av folk i bygda som har røtter tilbake til Tveitetunet.

Også Chris Nyborg på Norsk Lokalhistorisk Institutt er sitert: Man kan si at Setesdal sannsynligvis er det sted i landet med størst tetthet av etterkommere i forhold til innbyggertallet.

Om du vil få med deg alt i reportasjen, må du nok på butikken i dag og sikre deg avisa. God lesing.

Du kan og finne det på nettet, klikk på denne lenka: http://www.vg.no/rampelys/1814-2014/er-denne-dalen-stedet-med-flest-eidsvoll-etterkommere-i-norge/a/10138524/

29. juni 2014

Share

Denne dagen bør du alt no merke deg, for det er denne sundagen ein skal markere at Hylestad kyrkje er 175 år. Sissa Ringstad var i Valle Radio tysdagskvelden og då fortalde ho dette og ba alle som ville vere med på jubileet om å merke seg datoen.

Programmet for jubileet held no på å ta form, det skal vere blomenedlegging ved den gamle kyrkjestaden på Bjørgum først, deretter vert det festgudsteneste i Hylestad kyrkje og etter det festmiddag med meir på Soknehuset. Hylestad bygdekvinnelag skal stå for serveringa, då skulle den vere i dei beste hender.

Detaljar i programmet vil eg kome tilbake til seinare, men det høver greitt å minne om det alt no. Sjølv har eg mange gode minne frå Hylestad kyrkje og det er det sikkert mange andre og som har. No kan ein leite i minnet og få eit høve til å dele dei med andre denne dagen, eller kan hende ein eller annan gong før denne dagen. Artikkele på Setesdalswiki om kyrkja vil nok verte utvida noko etter kvart. Difor kan det løne seg å fylgje med der. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hylestad_kyrkje