Ingen statsstøtte til Wikipedia

Share

Som mange av dykk som les bloggen min veit, er eg noko aktiv på Wikipedia, sjølv om det har minka mykje etter at eg begynte å skrive på Setesdalswiki. Men eg er framleis administrator der, i tillegg har eg i nokre år hatt verv som pressetalsmann for leksikonet.

I dag fekk eg ein epost frå digi.no som ville ha ein kommentar i samband med at det er løyvd fem millionar kroner til nettleksikon. Løyvinga har mange avgrensingar, mellom anna må artiklane vere signerte, slik at ein kan øve kjeldekritikk. Ettersom artiklane i Wikipedia er laga av mange som har små og store bidrag, er det ikkje ein forfattar, men mange som saman lagar leksikonet. Eg sende eit svar til digi.no, og det var med i artikkelen denne nettavisa, som mest skriv om datateknologi, publiserte noko seinare.

Her er lenke til artikkelen i digi.no: http://www.digi.no/928202/gir-ikke-penger-til-wikipedia

Måten som dei nytta svaret mitt på, var etter mi meining veldig god, for dei brukte alt eg skreiv og prøvde ikkje å omformulere noko. Det likte eg.

Rebusar og musikk

Share

I kveld var det Ronny Stavsholt som hadde Opi sending. Han har eit variert utval av musikk og rebusar som ikkje er henta frå Setesdølen. Dessverre er det ikkje så mange telefonar ein vanleg onsdagskveld, så av og til kjem same personen inn fleire gonger, men etter det eg høyrde i kveld, var det varierte innringarar og hyggelege samtalar mellom Ronny og Anne Lise Harstad, Gyro Kopperud, Anne Liv Mork, Åsmund Rygnestad, Torhild Lunden, som var dei eg høyrde på før eg fekk ein telefon som tok meg bort frå radioen ein periode. Jorunn Lund Harstad var og innom.

Sjølv kom eg inn på ein rebus der løysinga var VÅRFLAUM. I samtalen kom vi inn på det store reservoaret som no vert fylt i Sarvsjuvet i Bykle. Ronny jobbar på Bykle Vindu og har utsikt rett til dammen. Som den fiskeentusiast han er, gleder han ser til oppfyllinga, for då kan han fiske i lunsjpausen eller forlenge dagen i Bykle litt og fiske etter arbeidstid. Han fortalde at dei har det travelt på vindusfabrikken, dei leverer vindu til rehabiliteringa av Bærum Rådhus, eit hotell i Oslo og skal også levere vindu til rehabiliteringa av Hornnes gymnas sin store bygning. Så Daniel Homme, sjefen på Bykle Vindu, som hadde bursdag i dag og fekk helsing frå tanta Anne Liv Mork, har mykje å henge fingrane i.

Dermed fekk eg smette inn opplysning om at Daniel fortalde om Bykle Vindu på Setesdalskonferansen. Eg sa at det var i fjor, men det var i 2012. Då var konferansen på Bykle Hotell, og derifrå var det kort veg til eit bedriftsbesøk. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Setesdalskonferansen_2012 Men eg oppdaga at eg ikkje hadde artikkel om Daniel enno.

Påmeldinga til Setesdalskonferansen 2014 går for fullt no. Påmeldingsfristen er 11. april, så no må folk sende mail til post@setesdal.no og melde seg på. Konferansen er på Revsnes Hotell 23. og 24. april, prisen for opphald og konferanse er 1000 kroner.

Sjølv om eg løyste rebusen, kom eg ikkje opp av bollen, så det vart ingen premie på meg. Det får våge seg, premien er ikkje det viktige, men at vi får eit triveleg program for lyttarane våre.

Om reisa frå Valle til Eidsvoll

Share

Då Leonhard Jansen var i Valle Radio og fortalde om Olav Knutsson Tveiten, kom vi inn på reisa han gjorde til Eidsvoll. Då spekulerte vi på om han gjekk på ski til Telemark og Kongsberg, men i Thomas Bryns blogg fra 1814 står det at han reiste saman med dei to andre frå Råbyggelaget, så då får vi vel gå ut frå at han som skriv bloggen, Thomas Bryns sønnesønns sønnesønn Knut Bryn, fødd 1947, har rett.

Denne bloggen er ganske så interessant. Ta gjerne turen innom den: http://bryn-1814.blogspot.no/

I sendinga i kveld kom eg til å seie at dei 8. april 1814 reiste frå Herefoss, men det var feil, for dei drog av stad 1. april. Eg må nok lese meir.

Program for veke 15, 2014

Share

Eg likar når programleiarane sender meg progammet for onsdagskvelden, slik at eg kan leggje det og ut på bloggen saman med tysdagsprogrammet:

Tysdag 8. april

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Siri Johannessen

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Grunnloven 200 år. Sissa Ringstad i studio
19.00 Country Gospel Timen med Per Govertsen
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 9. april

Ansvarleg: Ørnulf Hasla
Teknikar: Kåre Rike
Telefonvakter frå 20.30: Ingebjørg Helle Haugen og Torbjørg Hoftuft

19.00: Tankar frå Bibelen ved Bjørgulv T. Berg.
19.30 Kommunen informerer ved Wenche Gundersen
20.00 Ørnulfs time med blant anna opptak frå 2005 med Birgit Nomeland, som fortel om opplevingane under krigen.
21.00 Opi sending ved Ronny Stavsholt.

Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
Les meir om programma: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

50000 til Valle folkebibliotek

Share

Eg såg eit oversyn over løyvingar til bibliotek og der har Valle folkebibliotek fått 50.000 kroner til eit prosjekt som heiter Biblioteket som møteplass. Prosjektomtalen er ikkje lagt ut enno, så kva prosjektet går ut på, veit eg ikkje.

Men at biblioteket er ein møteplass, det er det ingen tvil om, og kan det verte ein endå betre møteplass, så er det eit godt tiltak. Ein dag eg var på biblioteket, spurde eg Lisbeth og det nokon gong hadde hendt at ho hadde hatt ein dag på biblioteket der det ikkje hadde kome folk innom. Det kunne ho ikkje minnast, det kjem alltid nokon innom, mest same kva tid på året og kva slags ver der måtte vere.

Sjølv har eg møtt mange folk på biblioteket, eg er så heldig at eg har arbeidsplassen min svært nær biblioteket, så det er lett å stikke innom når biblioteket er ope. Etter kvart har eg lært meg opningstidene, så eg veit når eg kjem til ei opi dør. I vinter har eg til og med lånt dvd, i tillegg til bøker, og mang ein samtale har det blitt med andre folk som er innom.

Difor er eg spent på kva dette prosjektet inneber. Nederst på denne sida er lenka til dokumentet som fortel om dei mange prosjekta som Nasjonalbiblioteket har støtta i 2014: http://www.nb.no/Hva-skjer/Aktuelt/Nyheter/62-bibliotekprosjekter-faar-stoette

Jeg velger meg april

Share

Slik skreiv Bjørnstjerne Bjørnson:

Jeg velger meg april
I den det gamle faller,
i den det ny får feste;
det volder litt rabalder,-
dog fred er ei det beste,
men at man noe vil.

Jeg velger meg april,
fordi den stormer, feier,
fordi den smiler, smelter,
fordi den evner eier,
fordi den krefter velter,-
i den blir somren til!

Der er blitt sagt at han knapt valde månaden, det var den som var att når andre hadde vald kva månad dei skulle skrive dikt om i ein kalender. Men av ein eller annan grunn er det Bjørnson sitt dikt vi hugsar.

Måten han omtalar månaden på, stemmer med erfaringa til dei fleste som bur i Norge. I denne månaden har vi alt slags ver, frost og snø og sol og regn. Slik har det vore i år og, sanneleg kom det ikkje snø i Setesdal i dag, medan det var regn ved kysten.

Svein Inge Olsen og Olav Knutsson Tveiten

Share

Tysdagskvelden hadde eg med meg på telefonen frå Kristiansand ein etterkomar etter Olav Knutsson Tveiten. Svein Inge Olsen er leiar av Protestfestivalen, som han skipa til for første gong saman med Kai Erland for 15 år sidan.

Som etterkomar etter Olav Knutsson Tveiten var han på Tveitetunet då VG var der for å fotografere etterkomarar etter eidsvollsmannen. Veret var ufyseleg, men han trudde det hadde vore om lag 50 personar der. Eg trefte forresten Pål Dale i Valle i dag og han hadde og vore der og var den einaste som kom i bunad, noko som i grunnen var høveleg i det stygge veret, for ein frys ikkje så lett i skinnfu, sa han.

Svein Inge Olsen har skrive boka Kjempa frå Setesdal. Han er sjølv etterkomar etter Sigrid Olavsdotter Tveiten og Bjørgulv Eivindsson Uppstad, kjempa frå Uppstad som i vaksen alder flytta til Gautestad i Evje og der uttalte at det er ikkje verande i Evje sokn, dei fylgjer lovi. Boka var laga i 1999, i august det året hadde dei slektsstevne med over 400 deltakarar frå Norge og USA. I boka er det og eit slektsregister over den greina av slekta, og omtale av mange av etterkomarane etter Olav i den aktuelle greina.

Men han visste ikkje om nettstaden eidsvollsmenn.no, så vi fekk ein sjeldan samtale der intervjuobjektet også er nysgjerrig på det intervjuaren kan. Medan vi snakka, gjekk han inn på nettstaden og vart litt interessert i dette. Han fortalde at då han laga boka, var han svært oppteken av slekta på morssida, sidan hadde han laga ei bok om slekta på farssida og, den kjem frå Nord-Norge. Boka om Kjempa frå Setesdal hadde han sjølv kjøpt restopplaget av, så han hadde ho framleis til sals.

Journalisten i VG har no meldt at artikkelen om Olav Knutsson Tveiten og etterkomarane hans kjem i avisa palmelaurdag, så då tenkjer eg det er mange som vil skaffe seg avisa for å sjå kva ho fekk ut av besøket i Valle. Svein Inge Olsen tok det som ein tur med to av barna sine og var godt nøgd med turen til Valle, sjølv om veret var heller ulageleg.

Førebuing av påskesendingane

Share

I kveld var det livleg i studio. Reklamene for påskesendingane og hovudsponsorane våre, Statoil Rysstad og Evje Glasservice , vart spelte inn. Hilde Straume og Egil Åmlid, frå Hylestad og Valle Revylag var med og då kan du nok tenke deg resten.

Om lag slik var Britta Lise si melding på Facebook saman med nokre bilete frå kvelden i studio. Det har visst gått strålande å få inn gevinstar. Systemet for gevinstane er no at vinnarane får gåvekort som dei må bruke hos dei som gjev gåvekorta. Dermed er administrasjonen mykje lettare for dei som står for påskesendingane.

Bakgrunnen for denne løysinga er at då vi hadde gjenstander som premiar, og desse skulle hentast på bensinstasjonar, var det mange som ikkje kom innom og henta det dei hadde vunne. Dermed vart premiar liggjande i veker og ta plass. Dette var ulagleg for alle partar, så det nye systemet er betre for både radioen og dei som gjev premiane og bensinstasjonane. Der er altså ein vinn, vinn, vinn-situasjon.

Reidar Tveito ville gjerne gje boka om Setesdalsbanen som han laga som premie. Den måtte trykkjast i nytt opplag, første opplaget var utseld. Men han har ingen butikk. Difor allierte han seg med Birting Libris i Kristiansand og Setesdalen Libris på Evje, så vinnarane kan hente premiane der. Vona er at dei kanskje kjøper noko anna når dei først er innom bokhandelen for å hente premien.

Då eg hadde sendinga på tysdag denne veka, var Jorunn Lund Harstad innom i radioen og førebudde påskesendinga. Ho har ansvar for at det er nok folk til å ta imot telefonar desse kveldane, og ei opptelling syner at totalt, med programleiarar og øvrige medhejlparar, er det 18 personar i sving kvar av dei to kveldane. Det er vel bare å gle seg, to veker fram i tid er første kvelden med påskelotteri i Valle Radio.

Eidsvoll og Petra

Share

-Eg har budd ei veke i ei ørken, sa Sissel Åkre i Valle Radio tysdag 1. april. Det var ingen aprilsnarr ho og Olav hadde vore på tur til Jordan og då budde dei ei veke med ugjestmild natur der dei var.

I samtalen vår starta ho med å fortelje om då ho reiste til Eidsvoll i samband med starten på Grunnlovsjubileet. Ho tok toget frå Oslo i lag med mange andre og så var det eit stykke å gå før ho kom til Eidsvollsbygningen. Der var det laga til som ein marknad, ein kunne mellom anna kjøpe mat ikkje ulik det dei åt der for 200 år sidan. Sjølvsagt var det og souvenirar å få kjøpt til minne om dette.

Sissel fortalde levande frå besøket, som enda med at ho reiste heim att for å sjå showet på TV, det var kaldt og bare ståplass, så ho ville ikkje utsetje seg for det. Men det var moro å ha vore der, sa ho.

Endå meir interessant var det å ha vore på Nebo berg og som Moses ha stått og sett inn i det lova landet. Sissel las frå siste kapittel i 5. Mosebok: Moses gikk fra slettene i Moab opp på Nebo, toppen av Pisga-fjellet, som ligger rett imot Jeriko. Og Herren lot ham se hele landet: Gilead like til Dan, hele Naftali, Efraims og Manasses land og hele Judas land til havet i vest, -Det var ei spesiell oppleving, sa ho. Fjella låg i ein dis, så vi kunne ikkje sjå så langt som det her er skrive, men det gav meg lyst til å lese meir om dette i Bibelen, sa ho. Men fyrst måtte ho lese seg opp på det som skjedde for 200 år sidan, den historia og er interessant å ta med seg.

Så fortalde ho om korleis dei hadde teke fly til Amman og deretter reist ut i øydemarka. Det var rart for henne som til vanleg elskar shopping i byar å oppleve at shopping ikkje var interessant på denne turen. Dei kom til Petra, byen som er hogd ut i fjellet. På toppen av eit fjell der var det eit kloster, også hogd ut i fjellet. Det var 800 trappetrinn opp, og folk kunne sitje på esel eller gå sjølve. Ho prøvde å sitje på esel, men det var ikkje hennar greie, så ho klatra dei 800 trappetrinna til toppen og overraska nok Olav litt då ho kom opp der for eigne bein.

Så var det underlåg å sjå Jordan-elva, som ikkje var særleg stor. Rart å vere på staden der Jesus vart døypt, rart å sjå over grensa mot Israel der det stod soldatar med våpen bare 20 meter unna. Eit bad i Dødehavet vart det og plass til på turen, som var ei heilt spesiell oppleving frå ende til annan, slutta ho.

Diverre fall linja til Bykle ned då ho fortalde, så det var kanskje bare dei som høyrde på Internett som fekk med seg den interessant forteljinga. Det gjekk ei stund før vi oppdaga det og fekk kople opp att. Eg skulle ønske at vi kunne ha ei stabil linje slik at slikt ikkje skjedde, men veit ikkje korleis det skal ordnast.

Setesdalskonferansen 2014

Share

No er det vel tre veker til Setesdalskonferansen 2014. Den startar onsdag 23. april og sluttar dagen etterpå. Eg har i eit tidlegare innlegg på bloggen nemnt at Geir Lippestad skal vere foredragshaldar med foredraget «Verdikommunikasjon som motivasjon for å treffe gode val!». Det kom eit oppslag i Setesdølen om det for ei tid tilbake, og på siste møte i Setesdal Regionråd vart det diskutert om dette foredraget skulle vere ope for alle, slik at folk som ikkje var på konferansen, kunne få det med seg. Det har vore fleire spørsmål til Signe Sollien Haugå om dette.

Konferansen er for bedriftsleiarar i Setesdal. Sjølv har eg fått høve til å vere med på Setesdalskonferansen sidan 2009, det var konferansen det året som førte til at Setesdalswiki vart oppretta, og sidan har eg vore med på desse arrangementa. I utgangspunktet var eg med fordi eg var styreleiar i Valle Radio, som vel ikkje akkurat er næringsliv, men som er ein viktig aktør i mediesamangeng, endå viktigare har vi blitt etter at vi tok til å sende til heile dalen.

I samband med at eg skriv på Setesdalswiki, har eg laga artiklar om foredragshaldarane på Setesdalskonferansen. I går leita eg difor fram stoff til informasjon om Kjell O. Johannessen, han som var leiar for industriklynga CNC NODE til i fjor haust. Han skal ha opningsforedraget på konferansen, med tittelen «Løyndomar bak klyngeteoriane – nyklar til regional utvikling i Setesdal?». Om du har høve til det, bør du gå til sida om han på Setesdalswiki og sjå den lille filmen som ligg der frå Forskiningsdagane 2011. Den er lærerrik på mange måtar. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Kjell_O._Johannessen

Sist onsdag hadde eg ansvaret for sendinga og intervjua då Terje Greibesland, direktøren i Setesdal Bilruter. Han har vore fast deltakar på Setesdalskonferansen i mange år og sa at han sette stor pris på dette høvet til å møte næringslivsleiarar frå heile Setesdal, på tvers av bransjar og fag. Det same sa Vidar H. Homme, banksjefen i Valle Sparebank, då eg spurde han om han hadde meldt seg på. Det hadde han, og han såg fram til konferansen, som han meinte hadde eit svært godt program. Det meiner eg og, så eg vonar du som høyrer på dette og er næringslivsleiar, melder deg på. Dei tusen kronene det kostar for mat og overnatting og konferanse er ikkje mykje for eit så spennande og flott opplegg. «Samarbeid og arbeidsglede» er motto for konferansen.