Ein leirstad i Sirdal

Share

Rundturen i går minna meg på eit engasjement som foreldrene mine hadde på sine eldre dagar. Far hadde ein livslang kjærleik til sundagsskulen, og eg er sikker på at han helst ville ha vore lærar om tilhøva hadde gjort det mogleg for han å bli det då han var ung. Men sundagsskulelærar kunne han bli, og i over 50 år var han aktiv i sundagsskulen heime på Ålgård. For dette fekk han i 1993 Kongens fortenstmedalje.

Engasjementet hans førte ikkje bare til at han gjekk på sundagsskulen kvar sundag det ikkje var gudsteneste i kyrkja og han måtte gjere jobben som kyrkjetenar. Han vart engasjert i Rogaland søndagsskolekrets, der han som pensjonist tok på seg kasserarjobben. På 1980-talet ein gong, eg hugsar ikkje heilt sikkert, for då budde me i Vesterålen, fekk folk med kjærleik til sundagsskulen ideen om å få til ein leirstad i Sirdal som kunne nyttast i kretsen sitt arbeid, til dømes med leirar i vintersesongen eller når det elles måtte høve.

Kvar gong eg køyrer over Suleskarvegen og kjem til Roskreppdammen, tenkjer eg på den brakkeriggen som stod der då dei bygde dammen. Etter det eg hugsar, fekk dei ivrige sjelene i sundagsskulen lov til å hente materialar og utstyr der då riggen skulle rivast. Dette frakta dei til Omlid, grenda ei god mil sør for Sinnes, og gjekk i gang med å byggje leirstaden. Frå 1989 til 1993 jobba dei som heltar for å bygge opp anlegget, som i dag består av to hus med plass til nærare 40 personar. Standarden er ikkje hotellstandard, det er køyesenger, men prisane er heller ikkje hotellprisar.

Eg hugsar at mor var kokke på nokre slike leirar og far var og med som leiar. I 2001 gav far ut ei lita bok på Setesdalsforlaget med barneandaktar. Han hadde skrive dei under vignetten Onkel Henrik i Fiskerens Venn, der eg var redaktør frå 1972 til 1976. Bak på boka Jesus har bruk for deg er det reklame for Søndagsskoletunet Omlid.

På turen i går kom eg til å tenke på dette då me kjørte gjennom Sirdal. Eg hugsar at eg ein gong hadde med mor dit då eg sjølv hadde vore på Ålgård og skulle tilbake over fjellet til Setesdal, så eg tenkte at eg ville syne det til Helge og Reidun. Men det var lettare sagt enn gjort, for det var godt gøymt i skogen som hadde vakse opp, og det var ikkje noko skilt. Så vi måtte snu nede ved butikken og køyre opp bakkane att for å finne det. Då køyrde vi og forbi, så vi måtte heilt opp til Dorgefoss for å snu, men på turen ned tok vi det så seint at vi fann stikkvegen inn til tunet. Det var inga merking som sa at vi var komne på rett plass, men det stod eit kors mellom dei to husa og indikerte at vi var der vi skulle vere.

I dag googla eg det og fann informasjon om Søndagsskoletunet Omlid på http://www.omlidleir.no/ Kikk gjerne innom og sjå kva iver og dugnad kan føre til.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *