Fjelltur

Share

Sundagskvelden sette eg av to personar på parkeringsplassen til Øyuvsbu. Dei skulle gå over til hytta, sove der til neste dag og så gå til Håheller og ut til vegen, der eg skulle hente dei neste dag.

Øyuvsbu hadde eit hyggeleg vertskap som tok vel imot gjestene og denne kvelden var det høveleg plass i hytta, på parkeringsplassen stod det eit titals bilar og mange av folka som høyrde til i bilane hadde kanskje gått lenger enn til næraste hytte denne sundagen. Då eg neste dag kom for å hente mine to turgåarar, var parkeringsplassen stappfull, ja ein bil sto heilt ute i kanten på vegen.

Dei to hadde ein fin tur, mitt barnebarn Håkon fiska i dei vatna dei kom forbi, han fotograferte fuglar og anna han fann verd å feste til minnebrikka. Inntil han fekk gnagsår gjekk turen heilt fint, men med gnagsår vart det tyngre og han var glad då han endeleg såg bilen min og kunne setje seg inn der og slappe av. Etter litt varm mat på Statoil Rysstad gjekk ferda nedover dalen tilbake til Mandal der vi held hus i ferien.

-Flott å gå denne turen, sa Rønnaug då ho kom fram, det hadde vore greitt terreng og ein lagleg tur. Dei møtte nokre folk på turen, men ikkje så veldig mange. Medan eg stod på parkeringplassen, gjekk fire andre forbi meg, tre ut av heia og ein inn i heia.

Han som kasta med sluk på turen hadde hatt nokre napp, men ingen fangst vart teken med heim, så om dei hadde basert seg på fisk til mat på turen, hadde dei blitt svoltne. Om det var fiskaren eller utstyret si skuld, skal eg ikkje døme om.

Setesdalsheiane er ein stor ressurs for folk som vil ut i naturen. Men eit rikt nett av hytter og godt merka løyper kunne nok fleire nytte seg av det. No har turistforeninga fått ein person i Valle som skal promotere hyttene og få folk ut på tur. Eg vonar at dei lukkast i satsinga si og at fleire får del i den flotte naturen og tilsvarande fine naturopplevingane som mine to opplevde på fjellturen sin.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *