Sommerkveldsmusikk i Lyngdal kirke

Share

Søster mi, Jorunn Moen, er organist i Lyngdal. Kvar sommar organiserer ho ein konsertserie som vert kalla Sommerkveldsmusikk i Lyngdal kirke. I kveld tok eg turen dit for å få med meg konserten der døtrene hennar, Torunn Irene og Margrete, var aktørar på obo og piano. I tillegg song Ingrid Grøvan på konserten, og så var det ein lativsk pianist, Ilse Jaunzeme, der. På desse konsertane får dei og med ein elev på kulturskulen i Lyngdal, og i kveld var det Anna Eileen Nøtland på fløyte som deltok. Ho spelte Måne og sol og hausta stor applaus for innsatsen.

Eg kalla det konsertserie, og det er for så vidt rett. Men desse kveldane er det fellessang og opplesing i tillegg, så vi fekk høyre opplese ei salme eg ikkje hadde fått med meg frå Norsk Salmebok. Nr. 744, Norges folk og Norges kirke er skriven i 1914 av teologiprofessor Johan Lyder Brun og vart framført ved olsokfesten på Stiklestad i 1914. I tillegg deltok vi 107 som var til stades på første og siste vers av Å, eg veit meg eit land, to vers vart framførte solo av Ingrid Grøvan. Den salma vi song alle versa på, var Å hvilken ære for tanken alt for stor. Og sangen ljoma mellom veggene i den store kyrkja.

Eg skal kome tilbake til det øvrige programmet i morgon. Men etter dei musikalske godbitane er det kaffe og kake på kyrkjebakken, det gjev høve til ein hyggeleg prat for dei frammøtte. I slikt strålande ver som vi har hatt i sommar er det triveleg å møte folk når ein har hatt ei musikkoppleving og så dele kommentarar og ikkje bare gå rett heim etterpå. Truleg vil det kome nokre ord i Farsunds Avis, for det såg ut til å vere ein journalist der. Ho knipsa ivrig.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *