Gudsteneste på svensk TV2

Share

Sundagsmorgonane er det gudsteneste på svensk TV2. Den tek til klokka 10.05 og varer i 40-50 minutt.

I dag var det overføring av sanggudsteneste i samband med nordisk kirkesangfest i Klaksvik på Færøyane. Det var eit opptak frå juni, men det var ei oppleving å få med seg.

Eg søkte litt og fann at også NRK hadde sendt programmet, så her har du ei lenke til ein time med flott kyrkjemusikk og -sang.

http://tv.nrk.no/program/DMPT63005814/nordisk-gudstjeneste-fra-faeroeyene

5600 artiklar på Setesdalswiki

Share

Setesdalswiki veks stadig. Eg prøver å notere kvar gong vi passerer 100 nye artiklar, og i dag runda vi 5600. Det gjekk på 20 dagar, frå 10. august til 30. august. I første rekke kan vi takke Geir Daasvatn for dette, han har teke initiativ til å skrive ei rekke artiklar relatert til Otra IL. Ettersom idrettslaget lengst sør i Setesdal er over 50 år, er det både folk og anlegg å skrive om.

I tillegg veks besøkstalet. I august rundar vi truleg 5000 unike gjester, morgondagen vil vise om vi klarar det. Morgondagen vil også vise om vi klarer å nå 10.000 sider besøkt. Då må nok litt fleire enn normalt sjå på litt fleire sider enn dei pleier å gjere, men når det kom 14 nye sider i dag, så er det jo litt nytt å sjå på for dei som vil fylgje med.

Etter kvart er det mange sider som har fått mange visningar. Det er eit oversyn over populære sider, og den syner at 630 sider er vist over 500 gonger, ta gjerne ein tur innom den og sjå sjølv: http://www.setesdalswiki.no/w/index.php?title=Spesial:Popul%C3%A6re_sider&limit=500&offset=500

Sjølv om ein artikkel ikkje er så stor i utgangspunktet, så vil det ofte bli lagt til meir stoff etter ein liten start. Framleis ønskjer eg at fleire registrerer seg som brukarar og tek til å redigere på Setesdalswiki, då kan det gode arbeidet vekse endå meir.

Kan vi starte i neste veke?

Share

Måndag er det 1. september. Då er det tillyst samling for alle som er interesserte i at Valle Radio skal gå ein ny sesong i møte. Det skal vere på Sølvgarden klokka 18, og etter ei drøfting om situasjonen, vert det middag.

Eg hadde intensjon om å starte opp alt midt i august med tysdagssendingar, men det lukkast ikkje på grunn av tekniske problem. Det vart sagt at den nye boksen i Bykle skulle vere klar 1. september, men eg lurer på korleis det har gått, eg har ikkje fått noko melding om det enno. Difor veit eg framleis ikkje om vi kan starte med tysdagssendingar 2. september heller.

Du som har lyst å vere med i radioarbeidet, meld interessa til Ørnulf Hasla, og ver velkommen til Sølvgarden måndagskvelden.

Bykle og Valle kunstlag treng deg

Share

No er det nesten på dagen eit år sidan eg sist skreiv om Kunstlaget. Då vona eg at det kunne verte ei løysing, og at nye folk kunne vitalisere laget. Ånund K. Homme hadde sagt at han ikkje kunne halde på lenger, men han kvidde seg for å legge laget i møllposen.

Det lukkast ikkje å finne nye folk i fjor. I dag hadde eg ein prat med Ånund, og då lurte han på om det kunne vere ein idé å gjere som sogelaget og sjå ut over Bykle og Valle og heller tenkje på eit Setesdal kunstlag. Slik stoda er no, er det ikkje andre kunstlag, eller kunstforening som det heiter i byane, i bygdene i Aust-Agder, knapt nok i indre Agder i det heile.

Ånund oppmoda meg til å skrive på bloggen min om problemet kunstlaget har med å skaffe eit styre. Om tre personar kunne ta på seg oppgåva, ville han vere svært takksam, då kunne Bykle og Valle framleis ha eit kontaktpunkt for utstillingar og biletkunst. Med tanke på dei flotte fotografia som er med på den årlege utstillinga i Valle kommunehus, burde det jo vere folk som er interesserte i biletkunst, inkludert fotografi, og som kunne ta vare på arven frå kunstlaget si verksemd.

Kanskje du som les dette er den personen som skulle ta kontakt med Ånund K. og bli med på å gje kunstlaget nytt liv i den komande sesongen.

Pussig samantreff

Share

I går skreiv eg om den nye boka til Reidar Tveito, Riksveg 9 – Bruer og særtrekk langs vegen.

Då eg snakka med han i går, fortalde han at han hadde fått bestilling frå Lyngdal, og eg lurte på om kanskje han skulle prøve å få selje boka i Mandal og. Eg fortalde at Reidun kjenner dei som driv Libris-bokhandelen i Mandal og at ho kanskje kunne ta ein prat med dei. Det syntest Reidar var ein god ide, så eg fortalde om dette til Reidun og ho ville gjerne snakke med dei.

I kveld fortalde ho at då ho ringde til bokhandelen, lo de og sa at det var eit pussig samantreff, for i går hadde dei lese om boka i Fædrelandsvennen og lurt på korleis dei skulle få tak i henne. Og så ringde Reidun om det same dagen etter. Dei vart enige om at eg skulle ta med ein kartong frå Byglandsfjord til Mandal i morgon, så skulle dei kome innom og hente den hos meg, og laurdag er den vel då å finne i butikken i gågata i Mandal.

Reidar samtykka i det, og dermed vert det slik.

Pussige samantreff kjem når ein minst anar det.

Flott intervju

Share

I Setesdølen i går var det eit flott intervju på ei heil side med Reidar Tveito. Sigurd Haugsgjerd hadde teke eit fint bilete, og teksten var av godt Haugsgjerd-merke. Ei veke tidlegare hadde Johs. Bjørkeli eit intervju i Fædrelandsvennen. Det fylte og ei heil side. Temaet i begge avisene var den nye boka han har laga: Riksveg 9 – Bruer og særtrekk langs vegen.

Sjølv hadde eg planlagt å ha eit intervju med Reidar i Valle Radio sist tysdag, men det gjekk i vasken då det var tekniske problem etter sommarferien. Truleg kjem vi ikkje på lufta før i september, etter det eg har fått vite.

Eg hadde ein prat med Reidar i dag og han fortalde at boka har seld godt. Han må stadig etterfylle bøker på utsalsstadene, og mange spør etter boka også i bokhandlar som ikkje har fått boka. Vest-Agder fylke tinga 90 bøker. Eg hadde tenkt at Aust-Agder, som har det meste av vegen, ikkje ville vere dårlegare.

At Setesdal Regionråd ikkje ville støtte boka, skulle vel ikkje hindre dei i å kjøpe boka og bruke henne i samband med kampanjen om Gul stripe til Hovden. Regionrådet burde i alle fall kjøpe inn boka til Agderbenken og gje dei førstehands informasjon om vegen dei kjempar for å utbetre. Når ein såg i same avisa som intervjuet med Reidar stod, kunne ein sjå at det var løyvd støtte til mange kulturføremål, så eit kulturføremål så nært opp til det Regionrådet elles arbeider for, burde etter mi meining vere ei god sak å støtte.

Nå ser det ut til at salget av boka går så godt at den store investeringa det er å trykke ei bok med fargebilete på kvar side i stort format, kan kome ut i balanse for Reidar. Det unner vi han, han fylgjer godt opp både informantar og forhandlarar, så han treng inntekta for å klare det.

Den som blar i boka vil oppdage at ho er vanskeleg å legge frå seg. Og etterpå er ikkje turen opp eller ned Setesdal den same som før, for ein har fått svar på spørsmål ein knapt hadde og informasjon om ting ein aldri hadde sett, sjølv om ein har kjørt turen hundrevis av gonger.

Flott intervju. Flott bok.

Ein bursdag å minnast

Share

Å fylle år etter at Facebook kom, er ikkje det same som før. No renn gratulasjonane inn frå alle hjørner av verda.

Den som har vakse opp i åra då vi lærte at vi burde seie takk når nokon sender gratulasjonar, har helst ein stri jobb med å takke og kommentere, og etter å ha sendt over hundre takkeord tilbake til dei som gratulerte meg med dagen i går, skjønar eg dei som sender felles takk til alle når dagen er over. Men denne gongen trur eg at eg nådde alle med takk, det er jo litt moro også, og så tenkjer ein litt på kvar og ein av dei som er innom med ei helsing, det er interessant å minnast kva relasjon ein har til folk rundt om.

Ein god del av bursdagen dette året var eg i bilen saman med Reidun. Vi reiste frå Valle klokka eitt for å treffe familie på Ålgård, det er tid for å dele etter mor, og denne dagen høvde det for oss å møte kvarandre. Å dele innbo i eit hus der foreldra budde i 60 år betyr jo at det er mykje å ta fatt i, så det er ikkje gjort på ein dag. Og så fekk vi tid til å feire litt og, så det vart ein hyggeleg dag.

I våre dagar går jo dei fleste av når dei blir 67, men eg har vald å halde på litt lenger, eg seier at eg vil halde på når helsa elles held. Elevane på vaksenopplæringa i Valle var med på feiring, vi åt jordbærpynta bløtkake som Reidun ordna til, og eg fekk høyre Happy Birthday då eg kom inn døra på skulen. Så det vart ein bursdag å minnast.

Søskena mine gav meg produkt frå Forever Living, det høver jo godt med gode ønske på ein bursdag. Så alt i alt var det ein dag å minnast. Ettersom eg sat i bil store deler av dagen og ikkje fekk takka på Facebook for alle helsingane medan dei kom, har i kveld site og skrive takk og kommentarar. Så startar eit nytt år. Vonleg vil det gje glede og gode dagar.

Scener fra norsk kristenliv

Share

I dag var det festgudsteneste i Mandal kirke for å markere Adolph Tidemands fødsel i 1814. Kunstnaren som og er kjent for samarbeidet med Hans Gude var frå Mandal og Magne Malmanger hadde sett saman ei utstilling av bileta hans. Den har vore synt i Rosendal i sommar og 40.000 har vore innom. No skal ho stå frå 14. august til 14 september i Buen kulturhus.

Utstillinga er gåve frå Kirkerådet i samband med 200-årsjubileet for Grunnloven. Difor hadde biskop Stein Reinertsen teke turen til Mandal, og han heldt preika for dagen. Den illustrerte han med bilete frå utstillinga. Då var det kanskje ikkje unaturleg for folk å ta kyrkjekaffien på utstillinga. Sjølv gjorde eg ikkje det, det passa ikkje i programmet mitt for i dag.

Men gudstenesta gav meg tanken om at å illustrer ei preike med kunst på den måten som det vart gjort i dag, var ein god ide. Då var det ikkje bare auditive sansar ein nytta, men og visuelle, og mange av oss som var i kyrkja er nok meir visuelle enn auditive. Når ein i våre dagar har tilgang til store bibliotek med bilete, skulle det ikkje vere så vanskeleg å finne gode illustrasjonar. Fleire og fleire kyrkjer får prosjektorar der salmene vert viste, og då kan ein nok og vise illustrasjonar der.

Mandal kirke er stor, men det gjorde ikkje så mykje, for det var sikkert minst 500 personar der, koret DaCapo, som består av eldre folk, talde sikkert nærare 50 personar, så det var folksamt. Med musikk og bilete var det ei festgudsteneste, og kyrkjelyden var aktiv og engasjert i salmesang og det som elles skjedde i kyrkja.

Stolte Handelskvinner i Setesdal

Share

Denne veka har det dukka opp nokre benker utanfor fleire butikkar med Stolte Handelskvinner i Setesdal. Eg har sett benkene utanfor Bergtun, der Valle Blomar og Gåver har flytta inn. Det står og ein benk utanfor Husfliden, om det er dei eller Aamli Klipperi som står for benken, kan ein jo spekulere på.

I dag då eg kom til Evje, stod den og utanfor Spisekroken til Heidi Ose, så eg stakk innom og fekk meg både brød og kake i ein travel butikk. Utanfor sat folk og hadde kaffe i sola, inne var det fullt av folk framom disken og på stolar i den vesle kafeen.

Der fann eg og ei lita brosjyre om tiltaket og det syner seg at det er mange som er med på prosjektet, dei har til og med ei facebook-side.

I teksten i brosjyra les eg: Kvinner i Setesdal har gjennom åra stått fram som stolte gründerar og hatt styring i gardsdrift og handel. Stolte Handelskvinner i Setesdal skal vere eit samlingspunkt for informasjon og inspirasjon, både for oss og for våre kundar.

Ut frå brosjyren kunne det sjå ut som om benken er laga av Stock på Rysstad, og desse er med: Pernille kafe, Tip Top, B-Beauty, Natasha’s, Lars Kile, Spisekroken, glashytta, Atelier Mona Ida, Setesdal Hotell, Kjøreutstyr.no, Tytingen, Agnethes Håndtverksmie, Setesdal Gestaltterapi, Kellys Kennel, Aamli klipperi, Valle Blomar og Gåver, Hasla. Av kartet på baksida av brosjyra ser det ut til at dette er eit tiltak for Valle, Bygland og Evje og Hornnes, ingen frå Bykle er med.

Eg har ikkje prøvd benkane enno, men det vert vel ei råd med det og. Det var eit morosamt tiltak som synleggjer at mange kvinner driv handel og service i Setesdal.

Framfor ein ny sesong

Share

I kveld var det styremøte i Valle Radio. Vi står framfor ein ny sesong og det er nokre faktorar som gjer at vi er litt usikre på korleis det skal gå.

Eg fekk høve til å vere med på styremøtet og fekk høyre at vi må ha ein ny boks i Bykle for å kome på lufta, så når eg hadde tenkt å ha sendingar i august, må eg nok bare vente.

Elles har Ørnulf gått ut i Setesdølen, det kjem kanskje i morgon, med spørsmål om å få nye medarbeidarar, for det er både teknikarar og programleiarar som går ut av turnusen, og då treng vi nye. Om vi ikkje får nye, må vi kan hende redusere sendingane til annankvar veke.

Det er kome eit initiativ frå Bygland kommune om at vi kanskje kan overføre kommunestyremøta deira, og det skulle vi finne ut meir om, både med omsyn til utstyr og tidsavklaring.