Stolte Handelskvinner i Setesdal

Share

Denne veka har det dukka opp nokre benker utanfor fleire butikkar med Stolte Handelskvinner i Setesdal. Eg har sett benkene utanfor Bergtun, der Valle Blomar og Gåver har flytta inn. Det står og ein benk utanfor Husfliden, om det er dei eller Aamli Klipperi som står for benken, kan ein jo spekulere på.

I dag då eg kom til Evje, stod den og utanfor Spisekroken til Heidi Ose, så eg stakk innom og fekk meg både brød og kake i ein travel butikk. Utanfor sat folk og hadde kaffe i sola, inne var det fullt av folk framom disken og på stolar i den vesle kafeen.

Der fann eg og ei lita brosjyre om tiltaket og det syner seg at det er mange som er med på prosjektet, dei har til og med ei facebook-side.

I teksten i brosjyra les eg: Kvinner i Setesdal har gjennom åra stått fram som stolte gründerar og hatt styring i gardsdrift og handel. Stolte Handelskvinner i Setesdal skal vere eit samlingspunkt for informasjon og inspirasjon, både for oss og for våre kundar.

Ut frå brosjyren kunne det sjå ut som om benken er laga av Stock på Rysstad, og desse er med: Pernille kafe, Tip Top, B-Beauty, Natasha’s, Lars Kile, Spisekroken, glashytta, Atelier Mona Ida, Setesdal Hotell, Kjøreutstyr.no, Tytingen, Agnethes Håndtverksmie, Setesdal Gestaltterapi, Kellys Kennel, Aamli klipperi, Valle Blomar og Gåver, Hasla. Av kartet på baksida av brosjyra ser det ut til at dette er eit tiltak for Valle, Bygland og Evje og Hornnes, ingen frå Bykle er med.

Eg har ikkje prøvd benkane enno, men det vert vel ei råd med det og. Det var eit morosamt tiltak som synleggjer at mange kvinner driv handel og service i Setesdal.