Scener fra norsk kristenliv

Share

I dag var det festgudsteneste i Mandal kirke for å markere Adolph Tidemands fødsel i 1814. Kunstnaren som og er kjent for samarbeidet med Hans Gude var frå Mandal og Magne Malmanger hadde sett saman ei utstilling av bileta hans. Den har vore synt i Rosendal i sommar og 40.000 har vore innom. No skal ho stå frå 14. august til 14 september i Buen kulturhus.

Utstillinga er gåve frå Kirkerådet i samband med 200-årsjubileet for Grunnloven. Difor hadde biskop Stein Reinertsen teke turen til Mandal, og han heldt preika for dagen. Den illustrerte han med bilete frå utstillinga. Då var det kanskje ikkje unaturleg for folk å ta kyrkjekaffien på utstillinga. Sjølv gjorde eg ikkje det, det passa ikkje i programmet mitt for i dag.

Men gudstenesta gav meg tanken om at å illustrer ei preike med kunst på den måten som det vart gjort i dag, var ein god ide. Då var det ikkje bare auditive sansar ein nytta, men og visuelle, og mange av oss som var i kyrkja er nok meir visuelle enn auditive. Når ein i våre dagar har tilgang til store bibliotek med bilete, skulle det ikkje vere så vanskeleg å finne gode illustrasjonar. Fleire og fleire kyrkjer får prosjektorar der salmene vert viste, og då kan ein nok og vise illustrasjonar der.

Mandal kirke er stor, men det gjorde ikkje så mykje, for det var sikkert minst 500 personar der, koret DaCapo, som består av eldre folk, talde sikkert nærare 50 personar, så det var folksamt. Med musikk og bilete var det ei festgudsteneste, og kyrkjelyden var aktiv og engasjert i salmesang og det som elles skjedde i kyrkja.