Ein bursdag å minnast

Share

Å fylle år etter at Facebook kom, er ikkje det same som før. No renn gratulasjonane inn frå alle hjørner av verda.

Den som har vakse opp i åra då vi lærte at vi burde seie takk når nokon sender gratulasjonar, har helst ein stri jobb med å takke og kommentere, og etter å ha sendt over hundre takkeord tilbake til dei som gratulerte meg med dagen i går, skjønar eg dei som sender felles takk til alle når dagen er over. Men denne gongen trur eg at eg nådde alle med takk, det er jo litt moro også, og så tenkjer ein litt på kvar og ein av dei som er innom med ei helsing, det er interessant å minnast kva relasjon ein har til folk rundt om.

Ein god del av bursdagen dette året var eg i bilen saman med Reidun. Vi reiste frå Valle klokka eitt for å treffe familie på Ålgård, det er tid for å dele etter mor, og denne dagen høvde det for oss å møte kvarandre. Å dele innbo i eit hus der foreldra budde i 60 år betyr jo at det er mykje å ta fatt i, så det er ikkje gjort på ein dag. Og så fekk vi tid til å feire litt og, så det vart ein hyggeleg dag.

I våre dagar går jo dei fleste av når dei blir 67, men eg har vald å halde på litt lenger, eg seier at eg vil halde på når helsa elles held. Elevane på vaksenopplæringa i Valle var med på feiring, vi åt jordbærpynta bløtkake som Reidun ordna til, og eg fekk høyre Happy Birthday då eg kom inn døra på skulen. Så det vart ein bursdag å minnast.

Søskena mine gav meg produkt frå Forever Living, det høver jo godt med gode ønske på ein bursdag. Så alt i alt var det ein dag å minnast. Ettersom eg sat i bil store deler av dagen og ikkje fekk takka på Facebook for alle helsingane medan dei kom, har i kveld site og skrive takk og kommentarar. Så startar eit nytt år. Vonleg vil det gje glede og gode dagar.