Flott intervju

Share

I Setesdølen i går var det eit flott intervju på ei heil side med Reidar Tveito. Sigurd Haugsgjerd hadde teke eit fint bilete, og teksten var av godt Haugsgjerd-merke. Ei veke tidlegare hadde Johs. Bjørkeli eit intervju i Fædrelandsvennen. Det fylte og ei heil side. Temaet i begge avisene var den nye boka han har laga: Riksveg 9 – Bruer og særtrekk langs vegen.

Sjølv hadde eg planlagt å ha eit intervju med Reidar i Valle Radio sist tysdag, men det gjekk i vasken då det var tekniske problem etter sommarferien. Truleg kjem vi ikkje på lufta før i september, etter det eg har fått vite.

Eg hadde ein prat med Reidar i dag og han fortalde at boka har seld godt. Han må stadig etterfylle bøker på utsalsstadene, og mange spør etter boka også i bokhandlar som ikkje har fått boka. Vest-Agder fylke tinga 90 bøker. Eg hadde tenkt at Aust-Agder, som har det meste av vegen, ikkje ville vere dårlegare.

At Setesdal Regionråd ikkje ville støtte boka, skulle vel ikkje hindre dei i å kjøpe boka og bruke henne i samband med kampanjen om Gul stripe til Hovden. Regionrådet burde i alle fall kjøpe inn boka til Agderbenken og gje dei førstehands informasjon om vegen dei kjempar for å utbetre. Når ein såg i same avisa som intervjuet med Reidar stod, kunne ein sjå at det var løyvd støtte til mange kulturføremål, så eit kulturføremål så nært opp til det Regionrådet elles arbeider for, burde etter mi meining vere ei god sak å støtte.

Nå ser det ut til at salget av boka går så godt at den store investeringa det er å trykke ei bok med fargebilete på kvar side i stort format, kan kome ut i balanse for Reidar. Det unner vi han, han fylgjer godt opp både informantar og forhandlarar, så han treng inntekta for å klare det.

Den som blar i boka vil oppdage at ho er vanskeleg å legge frå seg. Og etterpå er ikkje turen opp eller ned Setesdal den same som før, for ein har fått svar på spørsmål ein knapt hadde og informasjon om ting ein aldri hadde sett, sjølv om ein har kjørt turen hundrevis av gonger.

Flott intervju. Flott bok.