Bykle og Valle kunstlag treng deg

Share

No er det nesten på dagen eit år sidan eg sist skreiv om Kunstlaget. Då vona eg at det kunne verte ei løysing, og at nye folk kunne vitalisere laget. Ånund K. Homme hadde sagt at han ikkje kunne halde på lenger, men han kvidde seg for å legge laget i møllposen.

Det lukkast ikkje å finne nye folk i fjor. I dag hadde eg ein prat med Ånund, og då lurte han på om det kunne vere ein idé å gjere som sogelaget og sjå ut over Bykle og Valle og heller tenkje på eit Setesdal kunstlag. Slik stoda er no, er det ikkje andre kunstlag, eller kunstforening som det heiter i byane, i bygdene i Aust-Agder, knapt nok i indre Agder i det heile.

Ånund oppmoda meg til å skrive på bloggen min om problemet kunstlaget har med å skaffe eit styre. Om tre personar kunne ta på seg oppgåva, ville han vere svært takksam, då kunne Bykle og Valle framleis ha eit kontaktpunkt for utstillingar og biletkunst. Med tanke på dei flotte fotografia som er med på den årlege utstillinga i Valle kommunehus, burde det jo vere folk som er interesserte i biletkunst, inkludert fotografi, og som kunne ta vare på arven frå kunstlaget si verksemd.

Kanskje du som les dette er den personen som skulle ta kontakt med Ånund K. og bli med på å gje kunstlaget nytt liv i den komande sesongen.