Store endringar på Setesdalswiki

Share

I september har det skjedd store endringar på Setesdalswiki. For det første held vi på å legge inn personmalar på dei nærare 1500 personartiklane i leksikonet. Personmalane gjev informasjon om fødselsdato og dødsdato og reknar ut alder. I tillegg fungerer dei slik at om det er ein person som har fødselsdag i dag, vil det kome på framsida av leksikonet.

Ved bruken av personmal vil mange datoar verte genererte i leksikonet. Men koplinga mellom person og dato gjekk bare frå person til dato, og det førte til mange røde lenker for alle datoar der vi ikkje hadde oppretta sider. Difor er det no sett i gang ein robot som lagar datoartiklar for alle datoar frå 1. januar 1800 og framover. Om ei veke vil vi har datoartiklar for alle 214 åra. Fødselsdagane vil vere blå, dødsdagar likeså, og om det er ei hending med ein person, vil det stå på den aktuelle dagen.

Så vidt eg veit er det ikkje noko anna leksikon som har laga noko slikt. Kva det kan føre til på sikt å ha ferdige datoartiklar, er ikkje godt å seie, men erfaringa frå andre tilsvarande prosjekt er at om det ligg ein liten artikkel klar til å legge stoff inn i, vil det ofte kome noko der. Eg håpar sjølvsagt at det vil skje også på Setesdalswiki.

Når vi lagar så mange sider på ei veke, vil jo leksikonet vekse ganske mykje. Før vi starta hadde vi nettopp passert 5800 artiklar. Før eg starta på denne bloggposten, låg talet på 13800. Det var altså kome til 8000 artiklar på ein kveld, medan dei første 5800 hadde vi brukt over fem år på å skape.

Robotskapte artiklar har vore kontroversielt i Wikipedia-samanheng. I Sverige har dei ein bot som har brukt ein database over vatn til å generere artiklar om alle innsjøar i landet. Sidan tok han føre seg ein database over insekt og ein over soppar, så den wikien, som før dei starta med robotproduserte artiklar hadde om lag 100.000 artiklar meir enn bokmålswikipedia, har no nesten to millionar artiklar, medan bokmålswikipedia nærmar seg ein halv million.

Eg er open for å prøve robotskapte artiklar om vi har ein database som høver til føremålet. Kalender kan ikkje vere kontroversielt, og med desse artiklane får vi eit rammeverk for hendingar i Setesdal som kan hjelpe oss til å notere ned meir av det som skjer og har skjedd i dalen. Du som les dette, er velkomen til å bli med og skrive. Det er bare å registrere seg og så ta tastaturet fatt. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

Herleg spiseri

Share

Onsdag hadde eg høve til å stikke innom Spisekroken på Evje litt seint på dagen. Dermed var det parkeringsplass utanfor, det er ofte eit problem å få sett frå seg bilen utanfor den populære spisestaden lengst nord i sentrumsgata.

Innanfor dørene møtte eg ei smilande Heidi Ose. Ho er alltid oppteken av korleis ho kan hjelpe ein svolten gjest, og då eg denne dagen ville ha ein kopp kaffe og eit kakestykke, var det lett for henne å finne hjelpa eg skulle ha. Ho hugsa til og med at ho på Facebook for ein månad sidan hadde sagt at neste gong eg kom innom, skulle eg få kaffe og kake på huset, sidan ho gratulerte meg med bursdag.

Dermed vart det ein billeg rast denne gongen. Saman med nokre hyggelege ord og litt påfyll før eg heldt fram oppover dalen, gjorde Heidi dagen min svært mykje betre, slik eg har inntrykk av at ho gjer det for så mange kvar dag på Evje. Difor vil eg anbefale deg å stikke innom Spisekroken neste gong du er på Evje. Der vil du få ei smilande vitamininnsprøyting som kurerer det meste du måtte ha av haust-gruff.

Kollisjon i eteren

Share

Eg veit ikkje heilt om Radio Evje fungerer, for i det siste har eg ikkje fått inn noko når eg køyrer gjennom Evje og Hornnes. Eg veit at Valle Radio ikkje fungerer, men Bykle Radio fungerer vel. Difor reknar eg med at du i morgon kveld kan høyre overføring frå møtet i Bykle kommunestyre. Det tek til klokka 18.

Men med tanke på at vi i vårsemesteret hadde overføring av sendingane i Valle Radio ikkje bare til Bykle, men og over sendarane til Radio Evje, ville det i morgon blitt kollisjon i eteren, i alle fall om møtet i Evje og Hornnes kommunestyre, som tek til klokka 12, hadde blitt langvarig. For både Bykle kommunestyre og Valle kommunestyre skal ha møte klokka 18.

Det har vore diskutert om også Bygland kommunestyre sine møte skal overførast via radio. Etter det eg veit, har også dei møta sine på onsdagane. Om det er eingongstilfelle for Bykle å ha møte på ein onsdagskveld, veit eg ikkje, dei har tidlegare minst ein gong hatt møte tysdagskvelden, noko som gjorde at tysdagssendinga i Valle Radio måtte vike plassen.

Om det no skulle gå slik at alle fire kommunestyra vil ha sendingane på onsdagane, opplever eg at det vil verte kollisjon i eteren. Difor har eg laga den overskrifta på bloggen i kveld.

Når eit kommunestyre vil at møtet skal verte overført i radio, må det jo vere fordi lyttarane skal få innsikt i kommunalt styre og stell, i dei sakene som vert handsama. Men når alle kommunestyra har møte samstundes, vil det jo ikkje vere råd å oppnå dette. Difor bør det leggjast ein plan, slik at det ikkje vert kollisjon i eteren. Den bør og ta omsyn til at dei to radioane som lagar eigne program, har ei sendetid som folk kjenner. Det bør kanskje ikkje vere slik at desse programma skal vike kvar gong eit kommunestyre må byte plass på kalenderen.

SVR i utstrekning

Share

Eg held fram med å skrive om Setesdal Vesthei – Ryfylkeheiane landskapsvernområde. Teksten er henta frå høyringsutkastet Forslag til Forvaltningsplan for verneområda i Setesdal Vesthei.

Setesdal Vesthei – Ryfylkeheiane landskapsvernområde omfattar eit stort og samanhengande heiområde frå Bykle i nord til Hægebostad i sør. Store deler av dei nordlege delane omfattar snaufjell i høgdelaget 1000-1400 moh, bortsett frå nokre skogsområde i dalføra som går inn i verneområdet frå aust. Sør for Brokke–Suleskardvegen ligg heiområda lågare (800-1000moh) og innslaget av skog er større i kantane av verneområdet.

Det nordlegaste punktet i Setesdal Vesthei–Ryfylkeheiane landskapsvernområde ligg i Holmavatnet der fylkesgrensa for Telemark, Rogaland og Aust Agder møtast. Der frå går nordgrensa søraust over fram til Rv 9 ved Breidvatn.

Vidare sørover følgjer austgrena i all hovudsak fjellbrynet ned mot Setesdal med unntak av dalføra ved Store Førsvatn, Vatndalsvatnet og Botsvatn kor grensa går lenger vest. Frå fylkesgrensa til Vest Agder blir grensa for verneområdet trekt lenger inn i heia vest for Ljosland og Kyrkjebygdi. Sørgrensa går rett vest over frå Tindefjellet til Flofjellet.

Lengst i sør går vestgrensa nordover eit stykke inne i heia forbi Knaben og vidare til Kvifjorden. Her går grensa etter austbreidda og vidare opp langs Kvina til Øyarvatnet og Brokke – Suleskardvegen. Nå går grensa mot nordaust og fram til Siravassdraget ved Dyggjandvatnet. Vidare går grensa sørover, først langs Sira og etter kvart langs Valevatn.

Ved Hestekveven bryt grensa mot nordvest fram til Tjodanvatnet og vidare nordaustover til Andersvatn. Nå går grensa på nytt mot nordvest og kryssar Lysedalen før den går mot nordaust og fram til Siravassdraget ved Grauthellervatnet. Vidare følgjer grensa HRV på Svartavatnet mest rundt heile magasinet før det går rett vestover til Skumreknuten. Frå her går grensa rett nordover til Beinleivatnet. Vidare følgjer grensa Blåsjø til fylkesgrensa mellom Aust Agder og Rogaland lengst nordaust i magasinet. Vidare følgjer grensa for verneområdet fylkesgrensa over Holmavatnet, Austre Kaldafjell og Storhidlernuten fram til Holmavatnet.

Setesdal Vesthei – Ryfylkeheiane landskapsvernområde omfattar 418 gards- og bruksnummer. Om lag 1/3 av verneområdet omfattar statsgrunn fordelt på Njardarheim (Statskog) og Bykle statsalmenning. Dei øvrige 2/3 av arealet ligg på privat grunn. I verneområdet er det fleire store sameiger (drifteheier), og ei lang rekke andre private eigedommar av ulik storleik.

Meir om SVR

Share

I går skreiv eg litt om jakt i SVR, i dag vil eg sitere litt frå forvaltningsplanen om det som gjeld beiting og landbruksaktivitet i området.

Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane landskapsvernområde er eit svært viktig beiteområde for sau, og blir nytta av både grunneigarane i bygdene rundt heia og sauebønder på Jæren som leigar beite i verneområdet. I 2013 beitte om lag 60.000 sau og lam i Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane landskapsvernområde. Områda på begge sider av Brokke-Suleskardvegen er dei lokalitetane med flest sau og det hardaste beitetrykket. Dei gamle stølane blir i nokon grad brukt i samband med tilsyn og sanking av beitedyr, i tillegg er det fleire driftshytter i område som nyttast i samband med beitebruken. Til dømes eig og disponerar Jæren smalelag, som er det klart største beitelaget i området, til saman 20 driftehytter i verneområdet. Hyttene er av ulik standard og storleik frå små buer på 10-20 m2 til større hytter på 70 m2. Beitebruken fører og med seg ei del motorferdsle med både snøskuter og helikopter i samband med frakt av saltstein og gjerdemateriell, samt ferdsle i samband med vedlikehald og frakt av brensel og proviant til driftehyttene. Pr 1.1.2014 var det gjeve om lag 100 motorferdsleløyve i samband med beitebruk og anna landbruksdrift. Sidan verneområdestyret vart konstituert i 2011 har det vorte gjeve løyve til fire nye driftehytter/sankebuer og mindre utvidingar av til saman fire driftehytter.

Det veks ein del drivverdig skog i dei lågareliggande delane av Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane landskapsvernområde som til dømes Ljosådalen i Valle, Lognadalen i Bygland og Homstøldalen i Hægebostad. Dei fleste stadene gjer likevel vanskeleg terreng og store avstandar skogressursane vanskeleg tilgjengeleg. Dei siste åra har derfor omfanget av skogsdrifta i området vore avgrensa. Mange grunneigarane tek likevel ut ved til eige bruk.

Fjellgarden Pytten i Bygland er den einaste garden innafor verneområdet kor det framleis er ei viss drift. Her blir innmarka slege og det blir halde beitedyr på garden.

Når det gjeld anna verksemd innafor landbruket er det lite aktivitet i verneområda. Dei siste 15 åra har det ikkje vore søknader om nydyrking, grøfting, landbruksveg eller treslagsskifte.

Jakt i SVR

Share

No er Forvaltningsplan for verneområda i Setesdal Vesthei‎ ut på høyring. I slike planar kjem det fram ein del interessant stoff, så eg vil prøve å ta med litt på bloggen. Ettersom det no er jakttid, her er det som står om jakt i SVR:

Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane landskapsvernområde har alltid vore eit viktig område for storvilt- og småviltjakt. Talet på fellingsløyve for villrein varierar med storleiken på stamma, men i 2013 var det gjeve xxx løyver i verneområdet. Dette gjeld særleg villreinjakt i dei austre delane av verneområdet.

Dei siste åra har talet på fellingsløyve for villrein vore lågt samanlikna med tidlegare. Dei siste åra har det vore gjeve om lag xxx fellingsløyve på elg og xxx løyve på hjort. Småviltjakta er særleg god i dei sørlege delane av verneområdet, og særleg rypejakta har lange tradisjonar. I 2013 vart det selt om lag xxxx jaktkort for småvilt i verneområdet.

Grunneigarane jaktar ein del sjølve, men det er lang tradisjon for utleige av jakt i verneområdet og omfanget av utleige av jakta er framleis stort. Statskog er største grunneigar i område og leigar ut både reinsdyrjakt og småviltjakt på mest heile arealet.

Det er eit svært godt fiske mange stader i Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane landskapsvernområde, og mange grunneigarar og grunneigarlag sel fiskekort. I tillegg gjeld medlemskort i Stavanger turistforening som fiskekort langs store delar av løypenettet. Det er ikkje noko samla statistikk over salet av fiskekort.

Det går ikkje føre seg næringsfiske i stor skala nokon stader i verneområdet, men fleire grunneigarar fisker mykje til eige bruk.

Om tala for fellingsløyve er hemmelege eller om dei skulle setjast inn etter kvart, det står det visst ikkje noko spesielt om.

Hurtigladarar i Setesdal

Share

Sjølv om regionrådet ikkje fekk pengar frå sentralt hald til ladestasjonar i Setesdal, det var vel bare Evje som fekk slik støtte, kjem det ladestasjonar også i dei andre kommunane. Det vedtok regionrådet i dag. Finansiering er slik:

Aust-Agder fylkeskommune har løyvd kr. 400.000.
Transnova har løyvd kr. 288.000 til landestasjon Evje.
Regionrådet har avsett kr. 300 000 (frå 2013) og kr. 300 000 (årets budsjett) som er øyremerka prosjektet.

Dette er mykje mindre enn det som var budsjettert opprinneleg, men regionrådet gjekk inn for at det skal etablerast fire stasjonar i Setesdal. Det er i premissa opna for at ein kan yte støtte på inntil 25.000 kroner til mindre stasjonar som private vil setje opp. Fleire har vore i kontakt med administrasjonen i regionrådet om dette.

Innkallinga til styremøtet i Setesdal Regionråd for september finn du her: http://www.setesdal.no/styremoete-17-09-14.5574998-310992.html Det er ei stor pdf-fil.

Jakten på kjærligheten

Share

Eg reknar med at mange i Setesdal ser på programmet måndagskveldane, og det ser til og med ut til at Setesdølen får sjå det på førehand, for dei skriv om episoden måndagskvelden alt i tysdagsavisa, og den kjem jo ikkje på TV før lenge etter avisa er trykt.

Eg synest Tor Espen Helle gjev eit godt inntrykk slik vi ser han på skjermen. Han er seg sjølv, slik vi kjenner han frå det daglege livet her i Setesdal. Det synest eg er godt gjort, å vere seg sjølv med dialekt og alt når tv-kamera går, eg trur nok nokon kvar kunne begynt å stotre og stamme når dei skulle snakke i ein slik situasjon.

Så spørs det om kjemien fungerer med nokon av friarane hans, å date framom augo på heile Norge er nok noko anna enn å gå ut med ei jente ein treffer og likar i det stille. Å date med tv-kamera i hælane kan heller ikkje vere særleg naturleg og lett, så den som skal gjere det, må ha ei eiga evne til å slå av rampelyset og konsentrere seg om den ein er saman med, tenkjer eg. Tor Espen har så langt sett ut til å klare dette, det er imponerande.

Bilete frå gamle dagar

Share

På Facebook er det to grupper som eg set stor pris på. Bilete frå Bygland i gamle dagar og tilsvarande gruppe frå Valle og Bykle. Her er det mykje interessant, til og med for ein som ikkje er innfødd i dalen.

Geir Daasvatn hadde laga ein artikkel om ein hoppbakke på Byglandsfjord, Vinddalsbakken. Den mangla bilete, og bakken var riven før 2. verdskrig. Men eg etterlyste bilete på Facebook, den blei gjenteken av Knut William Bygland, og sanneleg, der dukka det opp eit bilete. Det var Willfrid Rike Nilsen som delte biletet, no kan du sjå det i artikkelen om denne hoppbakken, som var artikkel 5700 på Setesdalswiki: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Vinddalsbakken

Eg veit at Reidar Tveito hadde stor glede av dei same sidene då han laga boka om Riksveg 9 – Bruer og særtrekk langs vegen. Då kom han i kontakt med folk som hadde bilete og historier som han kunne bruke i boka.

Når bileta ligg på Internett, kan ein nytte dei når det høver slik og slepp å avtale med eigar om å få kome innom og bla i eit fotoarkiv. Slik sett er det mykje lettare at dei kan kome til nytte.

Situasjonen for Valle Radio

Share

Laurdag var Ørnulf saman med Jørgen Lien på inspeksjon av Åmlid-sendaren. Boksen der var brent opp, det vil kanskje ta ein månad å få ein ny på plass.

Fullt så lang tid tek det nok ikkje å få på plass ny straumforsyning til PC i studio, men det vil og ta litt tid. Difor er det vel mest realistisk å vente med tysdagssendingar til etter haustferien, som jo er om eit par veker.

Slik eg vurderer det no, vert første tysdagssending då 7. oktober. Vi har i haust tenkt å ha onsdagssending annankvar veke, så truleg vil det bli vanleg onsdagssending 8. oktober. Det skal vere kommunestyremøte 24. september, om vi får ting klart til den onsdagen, veit eg ikkje enno. Om det ikkje vert klart, går kanskje dette møtet utan radiooverføring om ikkje Jørund finn ei løysing som går rundt problema med datamaskinen i studio.