Kollisjon i eteren

Share

Eg veit ikkje heilt om Radio Evje fungerer, for i det siste har eg ikkje fått inn noko når eg køyrer gjennom Evje og Hornnes. Eg veit at Valle Radio ikkje fungerer, men Bykle Radio fungerer vel. Difor reknar eg med at du i morgon kveld kan høyre overføring frå møtet i Bykle kommunestyre. Det tek til klokka 18.

Men med tanke på at vi i vårsemesteret hadde overføring av sendingane i Valle Radio ikkje bare til Bykle, men og over sendarane til Radio Evje, ville det i morgon blitt kollisjon i eteren, i alle fall om møtet i Evje og Hornnes kommunestyre, som tek til klokka 12, hadde blitt langvarig. For både Bykle kommunestyre og Valle kommunestyre skal ha møte klokka 18.

Det har vore diskutert om også Bygland kommunestyre sine møte skal overførast via radio. Etter det eg veit, har også dei møta sine på onsdagane. Om det er eingongstilfelle for Bykle å ha møte på ein onsdagskveld, veit eg ikkje, dei har tidlegare minst ein gong hatt møte tysdagskvelden, noko som gjorde at tysdagssendinga i Valle Radio måtte vike plassen.

Om det no skulle gå slik at alle fire kommunestyra vil ha sendingane på onsdagane, opplever eg at det vil verte kollisjon i eteren. Difor har eg laga den overskrifta på bloggen i kveld.

Når eit kommunestyre vil at møtet skal verte overført i radio, må det jo vere fordi lyttarane skal få innsikt i kommunalt styre og stell, i dei sakene som vert handsama. Men når alle kommunestyra har møte samstundes, vil det jo ikkje vere råd å oppnå dette. Difor bør det leggjast ein plan, slik at det ikkje vert kollisjon i eteren. Den bør og ta omsyn til at dei to radioane som lagar eigne program, har ei sendetid som folk kjenner. Det bør kanskje ikkje vere slik at desse programma skal vike kvar gong eit kommunestyre må byte plass på kalenderen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *