Meir om SVR

Share

I går skreiv eg litt om jakt i SVR, i dag vil eg sitere litt frå forvaltningsplanen om det som gjeld beiting og landbruksaktivitet i området.

Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane landskapsvernområde er eit svært viktig beiteområde for sau, og blir nytta av både grunneigarane i bygdene rundt heia og sauebønder på Jæren som leigar beite i verneområdet. I 2013 beitte om lag 60.000 sau og lam i Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane landskapsvernområde. Områda på begge sider av Brokke-Suleskardvegen er dei lokalitetane med flest sau og det hardaste beitetrykket. Dei gamle stølane blir i nokon grad brukt i samband med tilsyn og sanking av beitedyr, i tillegg er det fleire driftshytter i område som nyttast i samband med beitebruken. Til dømes eig og disponerar Jæren smalelag, som er det klart største beitelaget i området, til saman 20 driftehytter i verneområdet. Hyttene er av ulik standard og storleik frå små buer på 10-20 m2 til større hytter på 70 m2. Beitebruken fører og med seg ei del motorferdsle med både snøskuter og helikopter i samband med frakt av saltstein og gjerdemateriell, samt ferdsle i samband med vedlikehald og frakt av brensel og proviant til driftehyttene. Pr 1.1.2014 var det gjeve om lag 100 motorferdsleløyve i samband med beitebruk og anna landbruksdrift. Sidan verneområdestyret vart konstituert i 2011 har det vorte gjeve løyve til fire nye driftehytter/sankebuer og mindre utvidingar av til saman fire driftehytter.

Det veks ein del drivverdig skog i dei lågareliggande delane av Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane landskapsvernområde som til dømes Ljosådalen i Valle, Lognadalen i Bygland og Homstøldalen i Hægebostad. Dei fleste stadene gjer likevel vanskeleg terreng og store avstandar skogressursane vanskeleg tilgjengeleg. Dei siste åra har derfor omfanget av skogsdrifta i området vore avgrensa. Mange grunneigarane tek likevel ut ved til eige bruk.

Fjellgarden Pytten i Bygland er den einaste garden innafor verneområdet kor det framleis er ei viss drift. Her blir innmarka slege og det blir halde beitedyr på garden.

Når det gjeld anna verksemd innafor landbruket er det lite aktivitet i verneområda. Dei siste 15 åra har det ikkje vore søknader om nydyrking, grøfting, landbruksveg eller treslagsskifte.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *