Store endringar på Setesdalswiki

Share

I september har det skjedd store endringar på Setesdalswiki. For det første held vi på å legge inn personmalar på dei nærare 1500 personartiklane i leksikonet. Personmalane gjev informasjon om fødselsdato og dødsdato og reknar ut alder. I tillegg fungerer dei slik at om det er ein person som har fødselsdag i dag, vil det kome på framsida av leksikonet.

Ved bruken av personmal vil mange datoar verte genererte i leksikonet. Men koplinga mellom person og dato gjekk bare frå person til dato, og det førte til mange røde lenker for alle datoar der vi ikkje hadde oppretta sider. Difor er det no sett i gang ein robot som lagar datoartiklar for alle datoar frå 1. januar 1800 og framover. Om ei veke vil vi har datoartiklar for alle 214 åra. Fødselsdagane vil vere blå, dødsdagar likeså, og om det er ei hending med ein person, vil det stå på den aktuelle dagen.

Så vidt eg veit er det ikkje noko anna leksikon som har laga noko slikt. Kva det kan føre til på sikt å ha ferdige datoartiklar, er ikkje godt å seie, men erfaringa frå andre tilsvarande prosjekt er at om det ligg ein liten artikkel klar til å legge stoff inn i, vil det ofte kome noko der. Eg håpar sjølvsagt at det vil skje også på Setesdalswiki.

Når vi lagar så mange sider på ei veke, vil jo leksikonet vekse ganske mykje. Før vi starta hadde vi nettopp passert 5800 artiklar. Før eg starta på denne bloggposten, låg talet på 13800. Det var altså kome til 8000 artiklar på ein kveld, medan dei første 5800 hadde vi brukt over fem år på å skape.

Robotskapte artiklar har vore kontroversielt i Wikipedia-samanheng. I Sverige har dei ein bot som har brukt ein database over vatn til å generere artiklar om alle innsjøar i landet. Sidan tok han føre seg ein database over insekt og ein over soppar, så den wikien, som før dei starta med robotproduserte artiklar hadde om lag 100.000 artiklar meir enn bokmålswikipedia, har no nesten to millionar artiklar, medan bokmålswikipedia nærmar seg ein halv million.

Eg er open for å prøve robotskapte artiklar om vi har ein database som høver til føremålet. Kalender kan ikkje vere kontroversielt, og med desse artiklane får vi eit rammeverk for hendingar i Setesdal som kan hjelpe oss til å notere ned meir av det som skjer og har skjedd i dalen. Du som les dette, er velkomen til å bli med og skrive. Det er bare å registrere seg og så ta tastaturet fatt. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *