Ventebuer

Share

No når hausten set inn med mørke, regn, vind og kvit nedbør etter kvart, blir det igjen tydeleg at vi hadde hatt trong for ventebuer til buss i Valle kommune. Det er pussig at det er ei slik ventebu på haldeplassane på Hallandsbru og Skagebru, men ikkje i Valle sentrum eller i Rysstad sentrum.

Eg har skrive om dette tidlegare. Då tok eg utgangspunkt i ei hending der tre av elevane mine skulle reise til Evje og Arendal. Dei søkte ly for uveret i inngangen til Menighetshuset tidleg om morgonen, og bussen, som kom frå Hovden og var noko sein, kjørte rett gjennom sentrum og såg ikkje dei tre kalde sjelene som stod att og ikkje skjøna kva som hadde skjedd.

No har mange av elevane frå den tida fått seg bilar og er ikkje like avhengige av bussen ein tidleg morgon. Men denne veka har det kome nye flyktningar til bygda, så eg lurer på om dei kjem til å oppleve det same og skulle jo ønske at dei slapp det.

Sist eg tok opp denne saka blei det sagt at det var vegvesenet som måtte på banen. Men eg hadde vel tenkt at kommunen og kunne bidra, eit samarbeid mellom to offentlege etatar burde vel ikkje vere så vanskeleg.

Eg hadde vel og tenkt at sentrum er vel så mykje nytta som avreisestad som Hallandsbru og Skagebru, altså ville endåtil ei flytting av ventebu frå Hallandsbru til Valle sentrum og frå Skagebru til Rysstad sentrum vere til glede for fleire passasjerar enn dei no kan vere til nytte for. Truleg har nok sjåførane eit inntrykk av om det kjem mange folk på bussen på dei to aktuelle stadene samanlikna med sentrum.

Endeleg kunne elevane på vidaregåande skule trenge ei ventebu der dei går på bussen. Men ingen av dei aktuelle passasjerane kan vel rekne med at det kjem ventebu denne vinteren heller.

Gode vaflar

Share

Esso har vaffeltorsdag, og i dag tok eg og Niklos turen dit for å ha ein prat over ein kopp kaffe og vaflar. Det er triveleg å sjå tidlegare elevar i full jobb, smilande og servicevennlege. Vafflane var lunka og jordbærsyltetøyet kom frå flaske der eg sjølv kunne dosere, kunne det verte betre?

Niklos kunne fortelje om ein tur til Kristiansand der det er orgelfestveke i domkyrkja. Ein fransk organist hadde halde lunsjkonsert der i går, og Niklos var overvelda, ikkje bare over spelet, som var virtuost som hjå Dupré, men og over publikumsoppmøtet, det var over hundre personar til stades.

På ein halv time hadde han demonstrert dei ulike stemmene som orgelet er sett saman av, med mikrofon vendt mot publikum, som og kunne fylgje med på skjerm, om eg forstod Niklos rett. Han meinte i alle fall at dette kunne vere framtida for orgelkonsertar, slik at ein fekk kontakt med utøvaren, ikke bare sat og høyrde musikken langt borte frå spelepulten.

Og så spelte han det virtuose stykket Dance Macabre av Camille Saint-Saëns, eit stykke som speglar alt som er mogleg å gjere med eit så flott instrument som Klais-orgelet i Kristiansand. Ein måtte bare gje seg ende over.

Vi prata om laust og fast og om neste program i serien Postludium i Valle Radio. Medan vi sat der, fekk eg og stadfesta at til tysdag kjem Hans-Jürgen Wiehe og kona i radioen for å vere med og fortelje kvifor dei er blitt så glade i Bygland og Åraksbø. Wiehe deltek ofte med musikk i Bygland når han er på desse kantar, han skal vere med på gudstenesta på Vonheim Bygland sundag klokka 17, som Svein Kleivane fortalde om i Valle Radio tysdag.

Det gledde Niklos at han skulle kome i radioen, kan hende kunne dei vere saman om Postludium komande tysdag. Du får fylgje med i radioen og sjå kva som skjer.

Sentrumsbygget møtte motbør

Share

Sist tysdag hadde eg Torunn Charlotte Lund med meg i studio. Ho fortalde om det nye sentrumsbygget, slik prosjektet no skulle leggjast fram for kommunestyret. Dagen etter vart det vedteke i formannskapet med 3 mot to røyster.

I går var det mange lesarinnlegg i Setesdølen som handla om dette nye bygget, og det har vekt mykje engasjement i bygda i haust. I kveld var det tid for å gjere vedtak i kommunestyret, og det var nok mange som sette på radioen klokka 18 for å fylgje med.

Sjølv kom eg inn i sendinga litt uti programmet, men fekk likevel med meg nokre innlegg, og eg skjøna at her kom det ikkje til å bli plankekøyring. Etter at debatten var ferdig, gjekk dei til avstemming, og då var det ingen som støtta rådmannens forslag. I staden vart det stemt over eit justert framlegg frå ordføraren og eit forslag frå Bjørgulv N. Berg. Bjørgulv sitt forslag vart vedteke med 8 stemmer. Det lyder slik, Valle Radio la det ut på facebooksida si:

Kommunestyret ber styringsgruppa omarbeide forprosjekt med dette innhaldet:
– Nytt bibliotek med tilhøyrande møterom,- størrelse får ein finne ut av gjennom ein prosess med involverte partar
– Godt kjøkken, offentlege toalett, veg, uteområde og parkeringsplass
– Avklare drifts og investeringskostnader om ny kyrkjestoge med soknerådet/fellesrådet
– Storstoga i Valle kultursenter skal framleis vere Valle si kulturstoge og opprustast med amfiscene mm. Arbeide med nytt bibliotek i sentrum vert prioritert først. Opprustinga av storstoga må innarbeidast i seinare økonomiplanar.
– Kommunestyret ber om at det vert starta opp reguleringsplanarbeid på område, som betre parkerings- og rasteområde i Valle sentrum og gangveg til nedre bustadområde i Leite slik områdeplanen legg opp til.
– Kostnader med bygget, tomtekjøp og utanomhus arbeid vert å vurdere i neste års økonomiplan som kjem om ca. 1 mnd.
– Oppvekst og kulturutvalet vert referansegruppe
– Når nytt bibliotek er bygd og det er avklart kor flyktningane skal ha si undervisning, kan det gamle kommunehuset leggjast ut for sal.

Armenia i fokus

Share

Ein lærer mykje om mangt når ein driv med radio. I kveld var Svein Kleivane gjest, og han fortalde om ei reise han hadde gjort til Armenia i sommar.

For ei par år sidan hadde han vore med på ein tur til Sibir, og reiseleiaren var så flink at han blei med på turen til Armenia og. Praktisk lagt opp var det, dei budde på same hotellet i Jerevan heile tida, og så tok dei buss rundt til stadene dei skulle besøke.

Armenia var eit land der kristendomen slo gjennom tidleg og alt i 301 vart han statsreligion. Som Svein sa det: Då Olav den Hellige rasa rundt i Norge og skulle kristne landet, hadde Armenia bak seg fleire hundre år som kristent land.

Dermed vart det mange kyrkjer og kloster å sjå på turen. Men og museum og anna fekk dei med seg. For ein sagbruksmann var det rart å sjå så lite skog, knapt noko ein kunne kalle skog var å sjå. Men om det var vatn, var det grøderikt som i Edens Hage, som kan hende var nettopp i Armenia. Fjellet Ararat, som Noas Ark stranda på, låg i Armenia før, men ligg no i Tyrkia.

Landet har vore heimsøkt av mange krigar og mange har flykta frå landet og busett seg rundt om i andre land. I perioden frå 1918 og framover var landet ein del av Sovjetunionen, men språket er armensk, og det var få som kunne engelsk og tysk av folka dei møtte. Men guidane var flinke og gode til å informere.

Sundag klokka 17 er det musikk-gudsteneste på Vonheim Bygland. Etter kyrkjekaffien blir det program frå turen, då med bilete til forteljinga, noko som jo ikkje er så lett å få til på radio. Men ta turen til Vonheim og få med deg litt ekstra informasjon om eit land ikkje så mange besøker.

Siste tysdagskveld i oktober 2014

Share

Tysdag 28. oktober
Ansvarleg: Harald Haugland, teknikar: Siri Johannessen

17.30 Burmesisk halvtime
18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open bibel
18.30 Spor i Setesdalsjord. Leonhard Jansen fortel
19.30 Sangkveld
20.30 Postludium
21.00 Kyrkjebakken

NETTRADIO: http://159.171.56.26:8000/live.m3u
Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
Les meir om programma: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

Dette er programmet for morgondagen. Eg har i helga bladd i Spor i Setesdalsjord, der er det umåteleg mykje stoff. Eg vonar at noko av det kan danne grunnlag for artiklar på Setesdalswiki etter kvart. I denne omgang er det grunnlag for programmet i Valle Radio klokka 18.30 i morgon. Truleg kunne vi hatt mange program med dette temaet. Vi får og eit intervju som Ørnulf gjorde med Camilla Cecilie Wenn under lanseringa av boka.

Onsdag veit eg ikkje om det blir Bykle kommunestyre eller Valle kommunestyre som blir overført, begge har møter klokka 18. Til vanleg pleier Bykle å ha på torsdagane, så vi får sjå korleis det går.

Mørke kveldar

Share

Så er sommartida slutt, og det blir endå mørkare kveldar enn det har vore. Når skyene heng tunge over landskapet og sola held seg borte ei veke, då sukkar vi og tenkjer at det hadde vore godt med litt lys, ikkje bare mørke.

Mange pyntar opp med elektriske lys når november og førjolstid står for døra. På turen oppover Setesdal i dag såg eg eit hus på Moisund med meir lys enn andre, så nokon tek kanskje til litt tidleg med å skaffe lyspunkt i tilværet.

Langs riksveg 9 har det blitt sett opp bautaer med Setesdal Regionråd sin logo på. Den første møter oss på Hornnes, og til vanleg er det lys på bautaen i mørke kveldar. Men no har fleire av desse stått mørke i fleire veker.

Sjølv om vi lagar nye kraftverk og fine dammar som skal skaffe straum til hundrevis av bustader, burde vi vel klare å halde lyset på dei punkta som alt no skulle ha lys. Difor går utfordringa til rette vedkomande, kven det no er: Kan vi få lys på merkesteinane langs riksveg 9?

Det vil lyse opp dei mørke kveldane og markere at Setesdal er ein region som bringer lys og varme til folk som fer langs vegane, ja til heile landet og utlandet med.

Tysdag som var

Share

Det har skjedd så mykje siste veka at eg heilt har gløymt å leggje ut programmet for sendinga tysdag 21. oktober. Her er programmet:

Tysdag 21. oktober
Ansvarleg: Harald Haugland, teknikar: Siri Johannessen

17.30 Burmesisk halvtime
18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open bibel
18.30 Aktuell time
19.30 Sangkveld
20.30 Postludium med Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken

NETTRADIO: http://159.171.56.26:8000/live.m3u
Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
Les meir om programma: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

I den burmesiske halvtimen hadde vi tre tema i nyhetsdelen: Burmesisk kafe, Burmesisk kulturkveld, Ung Data undersøkelse

I den aktuelle timen hadde vi og tre tema:
Miljøgate i Evje sentrum. Bjørn Ropstad på telefonen
Kulturveka 2014. Leif Kvinlog i studio
Ungdata-undersøkinga i Setesdal 2014. Interkommunal ruskonsulent Wenche Gauslaa Hægeland på telefonen

I Postludium presenterte Niklos K. Besteland musikk frå USA og eg trur det var første gong han hadde orkestermusikk utan orgel på programmet då han tok med Ferdinand Rudolph von Grofé (1892-1972): Missisippi-suite. Orgelmusikken var denne kvelden representert ved Leo Sowerby: Requiescat in Pace

Spor i Setesdalsjord

Share

Fersk frå forlaget til lansering på Setesdalsmuseet i kveld kom boka med tittelen Spor i Setesdalsjord. Det var ein del av kulturveka, og årets kulturveke har til no hatt gode besøkstal. Slik var det i kveld og, sikkert over femti tilhøyrarar benka seg i møtesalen på museet klokka 17. Der fekk vi høyre fylkeordføraren så vel som Hallvard T. Bjørgum. Hallvard spelte på ei fele etter Gunnar Lund, så det var på eitt vis i familien.

Deretter vart boka presentert før det var tid for kortreist mat, lammekjøt kokt i kokegrop utanfor museet, poteter og grønnsaker frå Leonhard Jansen sin hage. Etter ein halv times pause fekk vi eit times foredrag om dei arkeologiske utgravingane i Setesdal dei siste åra, frå den pågåande utgravinga på Sandnes og Kveste så vel som frå Langeid og Bjørgum for nokre år sidan. Dei siste utgravingane var det boka handla om, og arkeolog Camilla Cecilie Wenn fortalde levande på både innpust og utpust og synte bilete frå arbeidet og funna.

Etter arrangementet laga Ørnulf Hasla eit intervju med henne, og det sender eg i programmet komande tysdag. Då vil og Leonhard Jansen vere med i sendinga klokka 18.30.

Her er litt av forlaget sin omtale av boka:

Boka spor i setesdalsjord er en artikkelsamling om forhistorie og historisk tid i Setesdal.

I 2009 inviterte Aust-Agder fylkeskommune, Setesdalsmuseet og Kulturhistorisk museum til et arkeologiseminar på Rysstad for å gjøre ferske utgravingsresultater kjent for folk flest. Det kom over 140 personer til seminaret. Denne store interessen initierte arbeidet med boka. Denne utgivelsen er den første skriftlige sammenfattingen av Setesdals forhistorie på nesten 100 år. Boka inneholder elleve artikler skrevet av norske forskere. De presenterer funn og spor fra forhistorisk og historisk tid i Setesdal og diskuterer disse i større sammenhenger. Resultater fra nyere undersøkelser utført etter seminaret er tatt med i artiklene som omfatter bl.a. hvordan finner arkeologene spor, gravskikk gjennom tidene, de viktige utmarksressursene, byggeskikk m.m. Artikkelsamlingen passer både for den brede allmennheten og den mer historieinteresserte leser.

Spor i Setesdalsjord blir et referanseverk for forhistorien i Setesdal.

Sangkveld i Spelestoga

Share

Kulturveka rullar og går i Valle og i kveld var det tid for sangkveld i Spelestoga. Dette var eit initiativ frå Kirsten Bråten Berg, ho hadde vore på ein slik kveld i Arendal i vår og opplevd at Mads Berg si songbok, som er 100 år i år, har teke vare på ein sangskatt som held på å gå i gløymeboka. Men om vi syng frå denne sangboka, vil han vel kanskje leve ei stund til.

Sjølv har eg hatt glede av denne sangboka, den er ein del av den kulturelle arven vi som er over 50 har med oss. Kan hende burde vi seie over 60, songar frå Mads Berg si songbok var nytta i skulen langt ut i forrige hundreår, men no er ho nok helst nedstøva på eit materialrom, om ho i det heile tatt finst i skular rundt om.

Det er jo haustmørkt no i oktober, i kveld var det regn i Valle. Likevel hadde ganske mange funne vegen til Spelestoga då vi starta opp klokka 19. Hylestad bygdekvinnelag hadde rigga seg til med kaker og kaffe, og etter ein god halvtime smaka det godt med ein prat og litt å bite i.

Kirsten har hatt ei kvedargruppe i regi av Bygdefolkets studieforbund, og fem av åtte stilte opp og kvod nokre av steva som står i Mads Berg. I tillegg hadde ho fått med tre barn som og synte kva dei kunne, og det var ikkje lite. Men mest skulle vi vere med sjølv, ho hadde teke harpeleiken, den er god til allsang, for den overdøver ikkje sangen. Og i Spelestoga er det god akustikk, så det ljoma alt frå første strofa, sangglade folk i alle aldrar. Og så kunne vi glede oss over at Harald Knutsen hadde alle tekstane på skjerm, då var det bare å lyfte hovudet og syngje ut.

Halvannan time gjekk unna som ein røyk med mat og prat midt i. Eg trur alle som var til stades, opplevde dette som ein triveleg kveld, og kan hende vert det ein ny sangkveld att når det lid på.

Burmesisk kafe

Share

I samband med TV-aksjonen 2014 inviterte kyrkja til Burmesisk kafe i Menighetshuset i Valle. Hundre kroner for ein person, 250 for ein familie, alt skulle gå til TV-aksjonen Vatn i regi av Kirkens Nødhjelp og NRK.

Vi som har hatt gleda av å smake maten dei lagar, visste at det ville vere velsmakande. Eg tenkte at eg ville sjå korleis dette arta seg, så eg reiste tidleg frå Mandal. Å kome til Valle alt klokka 13.30 ein sundag, det er det sjeldan eg gjer, og denne gongne kom eg fram ca. 14.15. Utanfor Menighetshuset var det bilar alle stader, eg måtte parkere heilt borte med Joker.

Men det var ikkje bare bilar. Nøgde, smilande gjester kom ut frå matsalen. -Du må skunde deg om du skal få noko. Det er visst nesten tomt.

Då eg kom ned i matsalen, måtte eg sjå i augo at det var tomt. Litt ris, litt agurk, litt nudlar, det var alt. Elevane mine veit at nudlar ikkje er det eg likar best, så Hser Nya sa at ho ville lage ein porsjon spesielt for meg, men det takka eg nei til. Det kom mange folk etter meg, kan hende 10-15 personar. Dei måtte gå svoltne heim att.

Eg sette meg ned med Ånund K., han hadde vore ute i tide og fått seg ein god middagsporsjon. Men 300 vårrullar gjekk unna i ein fart i tillegg til alt det andre dei hadde laga. Kyrkjesjef Sissa hadde tenkt at det kom 30 personar, så var det kanskje langt over 100. Dei måtte bare sjå i augo at det ikkje var råd å legge til rette for at alle skulle få.

I alt kom det inn om lag 14.000 kroner. Alle smilte i oppvask og rydding, å oppleve suksess på denne måten er jo moro. Og gjestene var vel nøgde med maten. Då skal ein vere takksam.

Totalresultatet i dag var då eg såg i dag tidleg at Valle låg 1,50 bak Bykle i gåver per person. Så nær har ein knapt vore før. Så får det våge seg at ikkje alle fekk besøk av folk på døra då dei sat klar med pengane. Noko må gjerast i evalueringa for å sikre at alle får besøk. Men det vert ikkje før til neste år.