Sentrumsbygget møtte motbør

Share

Sist tysdag hadde eg Torunn Charlotte Lund med meg i studio. Ho fortalde om det nye sentrumsbygget, slik prosjektet no skulle leggjast fram for kommunestyret. Dagen etter vart det vedteke i formannskapet med 3 mot to røyster.

I går var det mange lesarinnlegg i Setesdølen som handla om dette nye bygget, og det har vekt mykje engasjement i bygda i haust. I kveld var det tid for å gjere vedtak i kommunestyret, og det var nok mange som sette på radioen klokka 18 for å fylgje med.

Sjølv kom eg inn i sendinga litt uti programmet, men fekk likevel med meg nokre innlegg, og eg skjøna at her kom det ikkje til å bli plankekøyring. Etter at debatten var ferdig, gjekk dei til avstemming, og då var det ingen som støtta rådmannens forslag. I staden vart det stemt over eit justert framlegg frå ordføraren og eit forslag frå Bjørgulv N. Berg. Bjørgulv sitt forslag vart vedteke med 8 stemmer. Det lyder slik, Valle Radio la det ut på facebooksida si:

Kommunestyret ber styringsgruppa omarbeide forprosjekt med dette innhaldet:
– Nytt bibliotek med tilhøyrande møterom,- størrelse får ein finne ut av gjennom ein prosess med involverte partar
– Godt kjøkken, offentlege toalett, veg, uteområde og parkeringsplass
– Avklare drifts og investeringskostnader om ny kyrkjestoge med soknerådet/fellesrådet
– Storstoga i Valle kultursenter skal framleis vere Valle si kulturstoge og opprustast med amfiscene mm. Arbeide med nytt bibliotek i sentrum vert prioritert først. Opprustinga av storstoga må innarbeidast i seinare økonomiplanar.
– Kommunestyret ber om at det vert starta opp reguleringsplanarbeid på område, som betre parkerings- og rasteområde i Valle sentrum og gangveg til nedre bustadområde i Leite slik områdeplanen legg opp til.
– Kostnader med bygget, tomtekjøp og utanomhus arbeid vert å vurdere i neste års økonomiplan som kjem om ca. 1 mnd.
– Oppvekst og kulturutvalet vert referansegruppe
– Når nytt bibliotek er bygd og det er avklart kor flyktningane skal ha si undervisning, kan det gamle kommunehuset leggjast ut for sal.