Armenia i fokus

Share

Ein lærer mykje om mangt når ein driv med radio. I kveld var Svein Kleivane gjest, og han fortalde om ei reise han hadde gjort til Armenia i sommar.

For ei par år sidan hadde han vore med på ein tur til Sibir, og reiseleiaren var så flink at han blei med på turen til Armenia og. Praktisk lagt opp var det, dei budde på same hotellet i Jerevan heile tida, og så tok dei buss rundt til stadene dei skulle besøke.

Armenia var eit land der kristendomen slo gjennom tidleg og alt i 301 vart han statsreligion. Som Svein sa det: Då Olav den Hellige rasa rundt i Norge og skulle kristne landet, hadde Armenia bak seg fleire hundre år som kristent land.

Dermed vart det mange kyrkjer og kloster å sjå på turen. Men og museum og anna fekk dei med seg. For ein sagbruksmann var det rart å sjå så lite skog, knapt noko ein kunne kalle skog var å sjå. Men om det var vatn, var det grøderikt som i Edens Hage, som kan hende var nettopp i Armenia. Fjellet Ararat, som Noas Ark stranda på, låg i Armenia før, men ligg no i Tyrkia.

Landet har vore heimsøkt av mange krigar og mange har flykta frå landet og busett seg rundt om i andre land. I perioden frå 1918 og framover var landet ein del av Sovjetunionen, men språket er armensk, og det var få som kunne engelsk og tysk av folka dei møtte. Men guidane var flinke og gode til å informere.

Sundag klokka 17 er det musikk-gudsteneste på Vonheim Bygland. Etter kyrkjekaffien blir det program frå turen, då med bilete til forteljinga, noko som jo ikkje er så lett å få til på radio. Men ta turen til Vonheim og få med deg litt ekstra informasjon om eit land ikkje så mange besøker.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *