Burmesisk halvtime

Share

I kveld starta vi opp att i Valle Radio etter ein alt for lang sommarferie. Men du som les bloggen min veit at grunnen var naturens luner.

Siste sending før ferien hadde eg med burmesarar som bur i Bykle og Valle for å lage ei prøvesending på burmesisk. Det bur nærarare hundre burmesarar i Setesdal og vi sender til heile dalen. Så vi kom til at vi vil prøve å ha faste sendingar på burmesisk med nyheter frå Setesdal på deira språk. Dei fleste har karensk og chin som morsmål, men burmesisk er felles språk, så vi nyttar det.

I kveld hadde eg tenkt at Htoo Thaw og Michael frå Valle skulle ha nyheter og Eh Ka Mwee frå Bykle skulle ha andakt. Men han var på jobb og kunne ikkje vere med. Difor tok Eh Ka Mwee på seg også nyhetsjobben.

Dei kan lese nyheter frå den store verda på burmesisk frå BBC på internett, men lokale nyheter er det ikkje så lett å få. Difor plukka vi ut nokre nyheter frå Setesdølen. Her er overskriftene:

Burmesisk kafé i Valle menighetshus sundag 19. oktober frå 13.30
Burmesisk kulturkveld på kulturkafeen i Bykle samfunnshus neste onsdag frå klokka 19
Elevar i Åseral har samla inn leiker og anna i prosjeket Barn hjelper barn, som går til Cuba
Riksveg 9 mellom Valle og Rysstad har fått 25 mill. frå Staten og utbygging vil starte neste år

Vi møttest klokka 16.30 og laga dette saman. Eg skreiv kort notis på bokmål og dei omsette til burmesisk og gjorde det klart til sendinga starta 17.30. Etter ein kort presentasjon, var vi i gang. Ti minutt med nyheter, så ein burmesisk sang. Deretter andakt og ny sang.

Plutseleg var halvtimen gått.

Etterpå var alle nøgde med resultatet. Neste tysdag blir det likeeins. Eg trur vi er einaste lokalradioen i Norge som har slike sendingar. Eg vonar at folk vil høyre oss på Internett etter kvart som tiltaket blir kjent.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *