Burmesisk kafe

Share

I samband med TV-aksjonen 2014 inviterte kyrkja til Burmesisk kafe i Menighetshuset i Valle. Hundre kroner for ein person, 250 for ein familie, alt skulle gå til TV-aksjonen Vatn i regi av Kirkens Nødhjelp og NRK.

Vi som har hatt gleda av å smake maten dei lagar, visste at det ville vere velsmakande. Eg tenkte at eg ville sjå korleis dette arta seg, så eg reiste tidleg frå Mandal. Å kome til Valle alt klokka 13.30 ein sundag, det er det sjeldan eg gjer, og denne gongne kom eg fram ca. 14.15. Utanfor Menighetshuset var det bilar alle stader, eg måtte parkere heilt borte med Joker.

Men det var ikkje bare bilar. Nøgde, smilande gjester kom ut frå matsalen. -Du må skunde deg om du skal få noko. Det er visst nesten tomt.

Då eg kom ned i matsalen, måtte eg sjå i augo at det var tomt. Litt ris, litt agurk, litt nudlar, det var alt. Elevane mine veit at nudlar ikkje er det eg likar best, så Hser Nya sa at ho ville lage ein porsjon spesielt for meg, men det takka eg nei til. Det kom mange folk etter meg, kan hende 10-15 personar. Dei måtte gå svoltne heim att.

Eg sette meg ned med Ånund K., han hadde vore ute i tide og fått seg ein god middagsporsjon. Men 300 vårrullar gjekk unna i ein fart i tillegg til alt det andre dei hadde laga. Kyrkjesjef Sissa hadde tenkt at det kom 30 personar, så var det kanskje langt over 100. Dei måtte bare sjå i augo at det ikkje var råd å legge til rette for at alle skulle få.

I alt kom det inn om lag 14.000 kroner. Alle smilte i oppvask og rydding, å oppleve suksess på denne måten er jo moro. Og gjestene var vel nøgde med maten. Då skal ein vere takksam.

Totalresultatet i dag var då eg såg i dag tidleg at Valle låg 1,50 bak Bykle i gåver per person. Så nær har ein knapt vore før. Så får det våge seg at ikkje alle fekk besøk av folk på døra då dei sat klar med pengane. Noko må gjerast i evalueringa for å sikre at alle får besøk. Men det vert ikkje før til neste år.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *