Først i Norge

Share

Bykle er ein føregangskommune på mange måtar, og no gjer dei det igjen. Bygdesogeverket Heimar og folk i Norge vert fulldigitalisert i haust, og Bykle blir den første første kommunen i landet som gjer noko slikt.

Tysdag kveld var Chris Nyborg i studio i Valle Radio og fortalde om dette, og Olav Mosdøl, som er leiar i bygdesogenemnda, var med på telefonen. Nyborg hadde vore på møte i Bykle same kvelden og på vegen heim att til Oslo stoppa han i Valle Radio for å fortelje om Lokalhistoriewiki, nettstaden der Heimar og folk i Bykle skal leggjast ut.

Det vart ein interessant samtale der Olav Mosdøl fortalde om kvifor dei no går vil dette. Ved å digitalisere bøkene vil dei kunne bli oppdaterte på ein heilt annan måte enn om dei bare er på papir. Når nokon oppdagar feil, kan dei sjølve registrere seg på Lokalhistoriewiki og korrigere feilen. Fagfolka på Norsk Lokalhistorisk Institutt fylgjer med og ser til at det blir rett. Olav peika og på at ein kan lage lenker i stoffet som bind informasjonen saman på ein rikare måte enn ein kan få til i ei bok.

Chris Nyborg fortalde at Lokalhistoriewiki vart starta i 2008 for å ta vare på lokalhistorisk stoff som fordi det ikkje hadde nasjonal interesse, ikkje kunne få plass i Wikipedia. No har leksikonet nesten 28.000 artiklar og om lag 58.000 bilete og det veks kvar dag. Fordi ein samarbeider med Digitalt Museum får leksikonet mange historiske bilete.

Chris fortalde og om prosjektet der dei prøver å lage små artiklar om alle hundreåringane i Norge. No som folk lever lenger og mange vert over hundre år, har ein medarbeidar i lokalhistoriewiki starta eit prosjekt der han skriv om alle han kjem over og oppfordrar andre til å skrive om lokale hundreåringar.

Når det gjeld Heimar og folk i Bykle, har ein til no lagt ut dei første sju artiklane frå første bindet.

Om det kjem mange rettingar, vil dei kunne danne grunnlag for eit trykt bind. Alt som vert gjort med artiklane, vert registrert i artikkelen sin historikk.

Vi fleipa litt om at det burde vore Setesdalswiki som la ut Heimar og folk i Bykle, men det seier seg sjølv at eit forskningsinstitutt med mange folk kan gjere ein betre jobb enn frivillige i eit så stort prosjekt. Men noko informasjon kan nok og kome Setesdalswiki til nytte, og informasjon frå Setesdalswiki kan kome til nytte i oppdateringa av stoffet i den digitale versjonen av bøkene.

Til slutt i samtalen utfordra Olav Mosdøl Valle kommune til å gjere det same med sine bygdebøker, ja, kanskje heile Setesdal kunne tenkje på dette, då ville verdien av tiltaket bli mykje større, ettersom lenking mellom bøkene ville vere mogleg. Chris Nyborg støtta tanken, så no spørs det korleis det går i tida som kjem.

http://lokalhistoriewiki.no/index.php/Heimar_og_folk_i_Bykle

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *