Gode vaflar

Share

Esso har vaffeltorsdag, og i dag tok eg og Niklos turen dit for å ha ein prat over ein kopp kaffe og vaflar. Det er triveleg å sjå tidlegare elevar i full jobb, smilande og servicevennlege. Vafflane var lunka og jordbærsyltetøyet kom frå flaske der eg sjølv kunne dosere, kunne det verte betre?

Niklos kunne fortelje om ein tur til Kristiansand der det er orgelfestveke i domkyrkja. Ein fransk organist hadde halde lunsjkonsert der i går, og Niklos var overvelda, ikkje bare over spelet, som var virtuost som hjå Dupré, men og over publikumsoppmøtet, det var over hundre personar til stades.

På ein halv time hadde han demonstrert dei ulike stemmene som orgelet er sett saman av, med mikrofon vendt mot publikum, som og kunne fylgje med på skjerm, om eg forstod Niklos rett. Han meinte i alle fall at dette kunne vere framtida for orgelkonsertar, slik at ein fekk kontakt med utøvaren, ikke bare sat og høyrde musikken langt borte frå spelepulten.

Og så spelte han det virtuose stykket Dance Macabre av Camille Saint-Saëns, eit stykke som speglar alt som er mogleg å gjere med eit så flott instrument som Klais-orgelet i Kristiansand. Ein måtte bare gje seg ende over.

Vi prata om laust og fast og om neste program i serien Postludium i Valle Radio. Medan vi sat der, fekk eg og stadfesta at til tysdag kjem Hans-Jürgen Wiehe og kona i radioen for å vere med og fortelje kvifor dei er blitt så glade i Bygland og Åraksbø. Wiehe deltek ofte med musikk i Bygland når han er på desse kantar, han skal vere med på gudstenesta på Vonheim Bygland sundag klokka 17, som Svein Kleivane fortalde om i Valle Radio tysdag.

Det gledde Niklos at han skulle kome i radioen, kan hende kunne dei vere saman om Postludium komande tysdag. Du får fylgje med i radioen og sjå kva som skjer.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *