Engasjement

Share

I gårsdagens Aftenposten, nede på side 2, hadde avisa sitert Setesdølen si melding om at Torunn Charlotte Lund er på veg inn i fylkespolitikken, medan mannen hennar er på veg ut. Kommentaren hos “tanta i Akersgata” var nokså lakonisk: “Endringen ventes bare å få helt beskjedne følger for hverdagslivet til folk flest i Aust-Agder.”

Det er ikkje så vanskeleg å vere einig i det avisa skreiv her. Kvardagslivet til folk flest i Aust-Agder vil neppe bli endra noko særleg av at Bjørgulv skal vere meir i Valle enn i Arendal og at Torunn ein gong i månaden eller så, dreg til fylkeshuset for å vere med på fylkestinget. Men for dei to det gjeld, vil det nok bli ei stor endring.

I avisene kan vi no lese om førebuingane til kommuneval og fylkestingsval. Vi ser at mange seier nei takk til å halde fram og at det ikkje alltid er like lett å få nye til å stille opp. Det gjeld både i politikken og elles i samfunnslivet, mange avviklar det engasjementet dei har hatt, og det er ofte vanskeleg å få nye til å engasjere seg.

Dette har vi og sett i Valle Radio. Difor ser det ut til at vi må ha redusert frekvens på sendingane når vi kjem i gang att i neste veke. Eg vil halde fram med tysdagssendingane kvar veke, men onsdagssendingane vil bare gå annankvar veke, om ikkje nokon finn ut at dei vil lage ekstra sendingar. No blir dette semesteret kort, og så får vi sjå korleis det går når vi skal evaluere hausten og planlegge våren.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *