Inga sending denne veka heller

Share

Du som ser i Setesdølen etter programmet til Valle Radio har nok alt funne ut at det ikkje er sending i dag heller. Om du av gammal vane skrudde på radioen for å høyre tysdagssending med Harald Haugland i kveld klokka 18, fann du nok fort ut at det var P4 og ikkje Valle Radio på frekvensen.

Grunnen til den seine starten etter sommarferien er at sendaren i Åmli ikkje overlevde uver i sommar. Etter det eg veit, brann han opp. Også datamaskinen som teknikaren nyttar, knelte i løpet av sommaren. Den kunne vi nok erstatta nokså lett, men det var verre med sendaren i Åmli. Der måtte det byggjast ein ny boks. Etter det vi forstår, skal ny sendar monterast i slutten av denne veka. Difor satsar vi på å vere på lufta frå veke 42. Det gleder vi oss til.

At vi ikkje har vore på lufta, har jo og blitt avspegla på bloggen. Heile haustferien hadde eg pause og skreiv ingenting på bloggen. Ettersom bloggen i alle fall for ein stor del speglar sendingane i radioen, kunne han nok vore tom for innlegg i heile sommar. Men litt kan ein jo skrive likevel. Og stoff relatert til Setesdalswiki har i staden teke plassen til bloggen.

I tida framover vil kanskje og noko av stoffet i Setesdølen verte gjenstand for kommentarar på bloggen. Kan Aftenposten kommenter Setesdølen, kan vel også eg gjere det, truleg les eg avisa grundigare enn dei fleste. I dagens Aftenposten, nede på side 2, hadde avisa sitert Setesdølen si melding om at Torunn Charlotte Lund er på veg inn i fylkespolitikken, medan mannen hennar er på veg ut. Kommentaren hos “tanta i Akersgata” var nokså lakonisk: “Endringen ventes bare å få helt beskjedne følger for hverdagslivet til folk flest i Aust-Agder.” Det er ikkje så vanskeleg å vere einig i det avisa skreiv her.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *