Mørke kveldar

Share

Så er sommartida slutt, og det blir endå mørkare kveldar enn det har vore. Når skyene heng tunge over landskapet og sola held seg borte ei veke, då sukkar vi og tenkjer at det hadde vore godt med litt lys, ikkje bare mørke.

Mange pyntar opp med elektriske lys når november og førjolstid står for døra. På turen oppover Setesdal i dag såg eg eit hus på Moisund med meir lys enn andre, så nokon tek kanskje til litt tidleg med å skaffe lyspunkt i tilværet.

Langs riksveg 9 har det blitt sett opp bautaer med Setesdal Regionråd sin logo på. Den første møter oss på Hornnes, og til vanleg er det lys på bautaen i mørke kveldar. Men no har fleire av desse stått mørke i fleire veker.

Sjølv om vi lagar nye kraftverk og fine dammar som skal skaffe straum til hundrevis av bustader, burde vi vel klare å halde lyset på dei punkta som alt no skulle ha lys. Difor går utfordringa til rette vedkomande, kven det no er: Kan vi få lys på merkesteinane langs riksveg 9?

Det vil lyse opp dei mørke kveldane og markere at Setesdal er ein region som bringer lys og varme til folk som fer langs vegane, ja til heile landet og utlandet med.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *