Sangkveld i Spelestoga

Share

Kulturveka rullar og går i Valle og i kveld var det tid for sangkveld i Spelestoga. Dette var eit initiativ frå Kirsten Bråten Berg, ho hadde vore på ein slik kveld i Arendal i vår og opplevd at Mads Berg si songbok, som er 100 år i år, har teke vare på ein sangskatt som held på å gå i gløymeboka. Men om vi syng frå denne sangboka, vil han vel kanskje leve ei stund til.

Sjølv har eg hatt glede av denne sangboka, den er ein del av den kulturelle arven vi som er over 50 har med oss. Kan hende burde vi seie over 60, songar frå Mads Berg si songbok var nytta i skulen langt ut i forrige hundreår, men no er ho nok helst nedstøva på eit materialrom, om ho i det heile tatt finst i skular rundt om.

Det er jo haustmørkt no i oktober, i kveld var det regn i Valle. Likevel hadde ganske mange funne vegen til Spelestoga då vi starta opp klokka 19. Hylestad bygdekvinnelag hadde rigga seg til med kaker og kaffe, og etter ein god halvtime smaka det godt med ein prat og litt å bite i.

Kirsten har hatt ei kvedargruppe i regi av Bygdefolkets studieforbund, og fem av åtte stilte opp og kvod nokre av steva som står i Mads Berg. I tillegg hadde ho fått med tre barn som og synte kva dei kunne, og det var ikkje lite. Men mest skulle vi vere med sjølv, ho hadde teke harpeleiken, den er god til allsang, for den overdøver ikkje sangen. Og i Spelestoga er det god akustikk, så det ljoma alt frå første strofa, sangglade folk i alle aldrar. Og så kunne vi glede oss over at Harald Knutsen hadde alle tekstane på skjerm, då var det bare å lyfte hovudet og syngje ut.

Halvannan time gjekk unna som ein røyk med mat og prat midt i. Eg trur alle som var til stades, opplevde dette som ein triveleg kveld, og kan hende vert det ein ny sangkveld att når det lid på.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *