Solstad-foredrag i Kulturveka 2014

Share

Onsdagskvelden hadde eg med meg Hans Georg Kohler på telefonen frå Oslo i Haralds time i Valle Radio. Han fortalde at i Kulturveka 2014 skulle han stå for Solstad-foredraget. Det skulle vere i Riddarsalen på Sølvgarden sundagskvelden.

Hans Georg Kohler hadde blitt kjent med Dag Solstad då han budde i Berlin på same tid som Dag Solstad budde der. I kveld skulle vi bli kjent med han og den siste boka hans, Det uoppløselige episke element i Telemark i perioden 1591-1896.

Eg trur det var over 50 personar i kjellaren på Sølvgarden klokka 19 då Hans Georg helsa velkommen og gav ordet til Dag Solstad. I eit timelangt foredrag tok han opp situasjonen for romanen i landet vårt så vel som i Europa og USA no. Kapitalismen styrer alt, og dersom romanen ikkje har ei form som ligg på linja mellom Dickens og Jo Nesbø, bør forfattaren innordne seg, elles kan han ikkje rekne med å få gitt ut romanen. Dei tradisjonelle forlaga blir meir og meir like Juritzens forlag, og til og med Gyldendal gir ut fire binds porno og kallar det roman, meinte han og synte til femti gråfargar-bøkene frå i fjor.

Etter å ha teke eit oppgjer med denne kommersialiseringa av romanen, vende han seg til dei kritikarane som hadde meldt romanen hans i fjor. Særleg fekk Aftenposten sin kritikar gjennomgå, utan namn, men då eg kom heim, googla eg litt og fann fort ut at det var Ingunn Økland han meinte. http://www.dagsavisen.no/kultur/solstad-pa-turn/

Han fortalde og at han laga foredraget til eit arrangement på Hamar og kalla det Til Hamar med slakt, fritt etter Prøysen, men at det sidan heller har fått namnet Solstads Svanesang. Han har halde foredraget fleire stader, og han var svært engasjert i den timen foredraget varte.

Etter han var ferdig, kom Kirsten Bråten Berg på scenen saman med Hallvard T. Bjørgum og Gunnar Stubseid. Dei delte slåttar, stev og ballade før Hans Georg hadde ein samtale med Solstad om romanen. Heile kvelden vart avslutta av Sigurd Brokke på munnharpe. Då var det gått over to timar til ein interessant og annleis kulturkveld i Kulturveka 2014.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *