Ventebuer

Share

No når hausten set inn med mørke, regn, vind og kvit nedbør etter kvart, blir det igjen tydeleg at vi hadde hatt trong for ventebuer til buss i Valle kommune. Det er pussig at det er ei slik ventebu på haldeplassane på Hallandsbru og Skagebru, men ikkje i Valle sentrum eller i Rysstad sentrum.

Eg har skrive om dette tidlegare. Då tok eg utgangspunkt i ei hending der tre av elevane mine skulle reise til Evje og Arendal. Dei søkte ly for uveret i inngangen til Menighetshuset tidleg om morgonen, og bussen, som kom frå Hovden og var noko sein, kjørte rett gjennom sentrum og såg ikkje dei tre kalde sjelene som stod att og ikkje skjøna kva som hadde skjedd.

No har mange av elevane frå den tida fått seg bilar og er ikkje like avhengige av bussen ein tidleg morgon. Men denne veka har det kome nye flyktningar til bygda, så eg lurer på om dei kjem til å oppleve det same og skulle jo ønske at dei slapp det.

Sist eg tok opp denne saka blei det sagt at det var vegvesenet som måtte på banen. Men eg hadde vel tenkt at kommunen og kunne bidra, eit samarbeid mellom to offentlege etatar burde vel ikkje vere så vanskeleg.

Eg hadde vel og tenkt at sentrum er vel så mykje nytta som avreisestad som Hallandsbru og Skagebru, altså ville endåtil ei flytting av ventebu frå Hallandsbru til Valle sentrum og frå Skagebru til Rysstad sentrum vere til glede for fleire passasjerar enn dei no kan vere til nytte for. Truleg har nok sjåførane eit inntrykk av om det kjem mange folk på bussen på dei to aktuelle stadene samanlikna med sentrum.

Endeleg kunne elevane på vidaregåande skule trenge ei ventebu der dei går på bussen. Men ingen av dei aktuelle passasjerane kan vel rekne med at det kjem ventebu denne vinteren heller.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *