Fleire spor i Setesdalsjord

Share

Etter at Leonhard Jansen var i studio tysdag og snakka om arkeologi og den nye boka Spor i Setesdalsjord, har eg bladd meir i boka. Ho kan vanskeleg lesast i ein sleng, heller må ho nyttast til å slå opp i om det er noko ein er interessert i.

Så googlar ein litt og så les ein litt og etter kvart opnar ei ny verd seg. Til dømes fann eg eit lite oppslag som eigentleg knapt gjekk opp for meg før etter at eg hadde høyrt Camilla Cecilie Wenn sitt foredrag på Setesdalsmuseet. Det var omtalt i Setesdølen i 2012 at ein hadde funne ein pinsett frå bronsealderen på Nånesodden.

I den arkeologiske samanhengen eg etter kvart har fått, ser eg då at omtalen av gravrøysa i Kulturminnesøk må vere feil, for der står det at det er ei grav frå jernalderen, men når ein har funne ein pinsett frå bronsealderen der, då er grava altså minst tusen år eldre og seier noko om at det budde folk ved Byglandsfjorden i bronesalderen.

Dei mange funna frå oldtida i Setesdal dei siste åra har altså gjort at ein må skrive historia om i høve til det ein har sagt tidlegare. Det er ikkje gjort i ei handvending, noko som til dømes syner seg i Kulturminnesøk-databasen, men sikkert og andre stader.

Eg skreiv ein liten artikkel om Nånesodden på Setesdalswiki siste veka. Her er lenke til den: http://www.setesdalswiki.no/wiki/N%C3%A5nesodden

Klikk på lenka, så kan du sjå pinsetten.