Eit storverk

Share

Når Bykle kommune no får lagt ut Heimar og folk i Bykle på Internett, er det eit vågestykke. Det hadde vore lett om dei hadde lagt ut pdf-filer som folk kunne lese, men ikkje redigere. Men byklarane ville meir, dei ville nytte høvet til å rette opp feil og å oppdatere verket.

Ei gards- og ættesoge er eit verk som er vanskeleg å gje ut, for livet er jo slik at ei bok ville trenge oppdateringar heile tida. Når pressa har stilna og boka er komen mellom permar, vil det ha skjedd så mykje som ikkje har kome med.

Tidlegare måtte ein leve med at slik var det. Mange kommunar har av den grunn og av økonomiske grunnar gjeve ut eitt og eitt bind, så kunne ein ta med rettingar i neste bind om det var aktuelt. Bykle gav ut fem bind same året, og feila som eventuelt var på dei mange tusen sidene, ville bli ståande om ein ikkje samla dei i ei bok og eventuelt sende den ut til kjøparane, noko som ville vere både tungvindt og kostbart.

I staden valde Bykle å inngå samareid med Lokalhistoriewiki og å legge ut heile verket der. Det er eit lokalhistorisk leksikon, folk kan registrere seg og skrive lokalhistoriske artiklar der, akkurat som på Setesdalswiki. På framsida til Heimar og folk i Bykle på Lokalhistoriewiki er det eit oversyn over dei mest viste artiklane. Då eg såg det oversynet, vart eg overraska.

Det er bare gått knappe tre veker sidan ein tok til å legge stoffet ut på nettet. Artikkelen «Hovden (Bykle gnr 2)» vart lagt ut 20. oktober. Pr. 3. november er det den mest viste artikkelen, med 154 visningar.

Sjølv om heile verket ikkje er lagt ut enno, har altså folk teke til å bruke det, i langt større grad enn eg hadde tenkt, sjølv om eg nok trudde at det kom til å bli brukt ein del når det kom på nett. Eit overslag syner at dei 25 mest viste artiklane har over 1000 visningar.

At en påkosta bokverk blir lest, er jo viktig, det var difor det vart laga. Eg skulle tru at dei pengane kommunen har løyvd for å få dette til, vil synes seg å vere vel verd innsatsen etter kvart som heile verket kjem på plass og folk får tid på seg til å finne stoff dei er på leiting etter. http://lokalhistoriewiki.no/index.php/Forside:Heimar_og_folk_i_Bykle