Kyrkjekonsert med særpreg

Share

Konsert med Knut Reiersrud, Iver Kleive og Povl Dissing i Valle kyrkje klokka 19. Den måtte eg få med meg, så litt over halv sju kom eg til kyrkja, og då var det ganske fullt på parkeringsplassen.

Det var ikkje Svantes lyckliga dag på plakaten denne gongen, men salmer frå den danske salmeskatten. Sjølv om vi reiv oss laus frå Danmark for 200 år sidan, bind salmene av danske salmediktarar oss framleis saman. Her fekk vi Kingo, Brorson, Ingemann og Grundtvig. Eg skulle hatt med meg notisbok og skrive opp kva salmer vi fekk, men det hadde eg ikkje, så eg får nøye meg med å nemne nokre. Dei starta med Kærlighed er lysets kilde, og alle tekstane var på dansk. Den siste var Påskemorgen slukker sorgen, og som ekstranummer kom Deilig er jorden.

Vi som er litt oppi åra kunne kanskje alle salmene vi fekk høyre i kveld, det var interessant å høyre Krist stod opp av døde så vel som Mit hjerte alltid vanker. Påskestemning og julestemning i same konserten.

Musikken var eit kapittel for seg. Iver Kleive på orgelet på galleriet, det ljoma i romet. Framme i koret sat Knut Reiersrud og la på gitarstemme, det var magisk meir enn ein gong i løpet av kvelden. Ein kunne ikkje anna enn å undre seg over det eminente samspelet mellom alle tre, dei tilpassa seg kvarandre på særs fin måte.

27. januar vert Povl Dissing 77 år. Sangen hans var særprega, men det er imponerande gjort av ein mann så pass oppe i åra å halde ein kyrkjekonsert på halvannan time ståande i koret det aller meste av tida.

Takk til Valle og Hylestad sokneråd for at dei arrangerte den flotte konserten.