Du sundagskveld

Share

I 1855 skreiv Ivar Aasen:

Du Sundagskveld, du Sundagskveld,
du er daa alltid min beste Kveld.
Du ljose, blide Sundagskveld,
du er daa min kjæraste Kveld.

Eg er nok litt usamd med han her, for sundagskvelden betyr at eg vender nasen mot Setesdal etter ei helg i Mandal, og det er nok sundagskveldar eg kunne tenke meg å slå meg til ro noko lenger heime. Men så legg ein i veg oppover dalen, og på denne tida når kveldane er mørke og det ikkje er snø på Hovden, er trafikken ganske høveleg.

Vel komen fram til Valle er det å planlegge tysdagskvelden i Valle Radio. Ofte har eg planar som eg kanskje prøver å få stadfesta, eller så vert det å sende ein meir generell annonse til avisa.

Så er det tid for å sjå litt på Setesdalswiki, kan hende har nokon laga litt der i løpet av kvelden. I kveld kom det ein interessant artikkel, Englevingen. Den vil eg dele med deg som les bloggen:

Englevingen er ei jenteforeining (misjonsforeining) i Evje, tilknytta Det Norske Misjonsselskap (NMS). Hovudføremålet er å arrangere basar kvart år i november på Tryggheim bedehus. Mest kvar veke møtast jentene heime hos ei av dei for sosialt samvær og for å lage gevinstar til basaren. Tidlegare var samlingane mykje heime hos Kari Østensen Skavoll på Tønnesland. For tida er samværet gjerne hos Marri-Ann Galteland i Tingbergheia bustadfelt. Det er ingen formell leiar i gruppa, men Valborg Hauan er som oftast møteleiar under basarane.

Du kan lese meir og sjå bilete om du trykkjer på denne lenka: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Englevingen

Og om du klikkar deg inn til moisund.com finn du stoff på ein annan måte: http://www.moisund.com/2014/11/16/laurdag-er-englevingen-basaren-tilbake/

Eg rota litt rundt på Internett for å finne den byen på Madagaskar som det er tale om, men det var vanskeleg på dei språka eg kan. Men eg fann ein artikkel hos nms.no: http://www.nms.no/aktuelt-fra-prosjektet/felles-loft-for-landsbyen-article6123-2323.html

Det er altså framleis mykje som ein kan lage artiklar om på Wikipedia om ein har bakgrunnsstoff og tid. Av og til har eg lurt på om vi ikkje burde lage ei wikipedia for kyrkje- og kristenliv, det er så mykje stoff som burde vore omtalt frå dette området som aldri kjem fram. Men om så skal skje, må nok fleire enn eg ha tanken.