Takk til Niklos

Share

Niklos K. Besteland er orgelentusiasten som gjer at vi har hatt orgelprogram i tysdagssendingane så lenge vi har halde på. Han har ei stor samling orgelmusikk og deler villig med seg annankvar tysdag.

I dag deler eg med dykk litt av den takksemda eg føler for jobben Niklos gjer. Ikkje nok med at han har fine program, han lagar og god informasjon om musikken, komponistar og utøvarar. Kvar tysdag får eg eit ark med den informasjonen så eg kan fylgje med på det han presenterer.

I dag tenkte eg at eg ville skrive på Setesdalswiki om ein av komponistane som eg veit Niklos har stor sans for. Han kjende han personleg, som så mange av organistane han presenterer. Lars Mæland var domorganist i Stavanger og Niklos var mange gonger der borte for å høyre orgelmusikk i domkyrkja.

Setesdalswiki skal jo ha stoff om ting som er relevant for Setesdal, men ettersom wikien og fungerer som informasjonsside for programma eg har i Valle Radio, kan det av og til vere greitt å ha artiklar om noko av det ein møter der. Difor ville eg skrive om Lars Mæland. Han døydde for 20 år sidan, det var før data vart allemannseige, så eg tenkte at det ikkje ville vere så lett å finne stoff om han. Men han var omtalt i Store Norske Leksikon med nokre linjer i utgåva frå 2005-2007, som vel var den siste papirutgåva av leksikonet.

Niklos hadde mykje meir stoff i sine få linjer med presentasjon i Valle Radio. Han likar å ha stoff som kan fungere litt som anekdoter i tillegg til faktastoff, og på arket han skreiv fann eg meir enn nok stoff til å lage ein liten artikkel på Setesdalswiki om Mæland. Den kan du lese her: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Lars_M%C3%A6land

Takk til Niklos for å dele kunnskapen sin med oss gjennom Valle Radio