Tonen i debatten

Share

I dag vakna vi opp til eit oppslag i NRK Sørlandet om tonen i debatten i Valle Radio. Det var Torunn Charlotte Lund som tok opp saka i eit brev til arbeidsmiljøutvalet i kommunen. Her er lenke til saka hos NRK:
http://www.nrk.no/sorlandet/kraftig-kritikk-av-politikeres-oppforsel-i-valle-1.12052020

«Det er etterkvart blitt slik i Valle kommune at det er ingen grenser for kva ein politikar kan finne på å seie og tillate seg å seie, i full offentlegheit, for å ramme både administrasjonen og andre, og eg meiner vi må få sett søkelyset på dette», heiter det i brevet.

NRK var i Valle i dag og laga opptak med Torunn i kommunestyresalen og med ordførar Tarald Myrum, som vedgår at han nok kunne brukt klubba meir, men det er Steinar Kyrvestad heilt usamd i. Her er lenke til den saka hos NRK: http://www.nrk.no/sorlandet/_-et-litt-frodig-sprak-er-tvert-imot-en-fordel-1.12054478

Eg har ikkje samla på sitat frå overføringane i kommunestyret i Valle Radio. Eg veit heller ikkje om Torunn har gjort det. Men eit generelt inntrykk er nok at det Torunn tek opp, har ein grunn. I den situasjoen som no er, hadde det vore fint å kunne peike på sitat og seie at dette vart sagt.

Det er elles litt interessant at Steinar ikkje ha høyrt noko, det kan kanskje skuldast at det er han som har snakka når andre har reagert og at han difor ikkje sjølv har vore utsett for det som andre kan ha opplevd som eit språk som ikkje høyrer heime i sakleg debatt om politkk og styring av kommunen.

I går var Torunn i Valle Radio og hadde informasjon relatert til kulturlivet i kommunen, som ho jo er sakshandsamar for. Eg hadde henne med tidlegare i haust, då ho informerte om Sentrumsbygget. Torunn er alltid sakleg og leverer frå seg god informasjon i Valle Radio. Som kommunens representant i programmet i går, opplevde eg det same då eg høyrde ho og Ronny snakke saman. Hyggeleg, vennleg og hjelpsam. Ingen av dei nemnde at ho hadde bursdag i går, at det låg eit slikt brev frå henne til Arbeidsmiljøutvalet vart heller ikkje nemnt.

Sjølvsagt kunne ho teke opp den saka i Valle Radio. Men i rolla som den som informerer frå kommunen, fann ho det sikkert ikkje naturleg, og det har eg forståing for. Det hadde nok heller ikkje fått like stort gjennomslag om det hadde kome gjennom Valle Radio, som når det no kom gjennom NRK Sørlandet. Og saka fortener at vi tek ho på alvor. Om dei som burde ta henne på alvor, gjer det, er nok ei anna sak.