Krøll med teknikken

Share

I kveld vart det igjen krøll med teknikken i Valle Radio. Jørund er på Tenerife, så Torhild skulle vere teknikar, og ho fekk ikkje kople opp til sendaren i Bykle. P4 var ikkje på lufta, så ho skjøna ikkje kva som var galt og tok ein telefon til meg for å spørje om eg hadde hatt problem i går kveld.

Men i går kveld var alt ok, då vi avslutta, kom P4 inn. Så i løpet av natta eller dagen i dag må noko ha skjedd i Bykle.

Ikkje kom ho heller på at ho kunne droppa Bykle og bare streama sendinga, så ville folk kunne høyre på Internett.

Litt etter klokka 18 tok telefonane til å kome. Eg fekk mine, Britta Lise fekk og telefonar og etter ei stund var ho på tråden til meg for å høyre om eg visste noko. Ørnulf var på møte i Arendal og kunne vanskeleg hjelpe.

Ved sjutida ringde han meg og ba meg gå ned og hjelpe Torhild til å få opp streaming. Men då eg kom til kommunestyresalen, var Torhild gått heim, så det vart det ikkje noko av.

Konklusjonen: Når noko ikkje fungerer, er det mange som ikkje får høyrt på radioen, og mange som vil høyre er det dei fleste kveldane. At sendinga frå Valle kommunestyre i kveld var omfatta med stor interresse er ikkje uvant.

Etter mi meining bør styret drøfte situasjonen og sjå om vi kan få gjort noko med både slike problem og andre problem. Maskinane i teknikken er gamle og kunne trenge fornying, til dømes.