Salmekveld

Share

I kveld er det salmekveld i stova. Eg kom heim til Mandal og på turen hadde eg høyrt om salmeprosjektet på NRK2 mange gonger i radioen. Norgesglasset hadde fleire innslag i dag.

Så då var det bare å setje seg ned og la salmesongen tone frå Vår Frue kirke i Trondheim. For mange år sidan hadde Den indre Sjømannsmisjon landsmøte i den kyrkja, så eg kjente mest at eg var på heimebane, sjølv om det truleg er 40 år sidan eg var der.

Tysdagskvelden hadde eg ein forsmak på salmehelga gjennom ein salmekveld i Valle Radio. Til no er det kan hende bare ei av salmene frå tysdagskvelden som har vore på TV, det var Mitt hjerte alltid vanker. Når eg skriv dette, er dei komne til Langfredagssalmer, så det går vel endå noko tid før Deg være ære kjem, den spelte eg og tysdagskvelden.