Avslutning for kvedargruppa

Share

I kveld var det avslutning for kvedargruppa som Kirsten Bråten Berg har hatt. Tre gonger før sommarferien og tre gonger etter, denne gongen var vi heime hos Kirsten i det nye musikk og bakeromet ho har fått ved sida av garasjen.

På det meste har vi vore åtte personar i gruppa, denne gongen var vi seks, og temaet i kveld var jolestev og jolesongar. Fleire hadde høyrt på steva på plata Stev for dagen, så det tok ikkje så lang tid før vi var nokså samkøyrte, og Åse Ingebjørg prøvde seg til og med solo.

Kirsten var vel nøgd med oss, så det vart ein triveleg avslutningskveld, kaffe, te, eplekake med is var på menyen denne avslutningskvelden. Ein god prat høyrer og med på desse kveldane, så vi var glade og nøgde då vi reiste heim att.

Kan hende får du høyre oss live i Valle Radio når det nærmar seg jol. Vi var jo med på sangkvelden i kulturveka, då song vi nokre stev frå Mads Berg si songbok. Så i kveld snakka vi og om den fine kvelden vi hadde då, mykje folk og god sang, det er triveleg å syngje saman.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *