Meir aktuell enn venta

Share

Her er programmet for kvelden i Valle Radio:

Tysdag 11. november

Ansvarleg: Harald Haugland

17.30 Burmesisk halvtime
18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Akutell time.
19.30 Sangkveld
20.30 Postludium.
21.00 Kyrkjebakken

Det var visst litt lite plass i Setesdølen, så dei fekk ikkje med lenkene i dag. Og eg måtte vere teknikar sjølv, for Siri er i Fredrikstad ein tur.

Som vanleg gjekk den burmesiske halvtimen fint. Eg likar at vi har fått til dette. Nokre nyheter og ein andakt på burmesisk er ei fin utviding av tysdagsprogrammet.

Så kom den norske sendinga og etter den vanlege innleiinga var det duka for aktuell time, den vart meir aktuell enn eg hadde tenkt. Grunnen til det var at fylkesrådmannen la fram framlegget til budsjett og økonomiplan for neste år og der er det forslag om ei styrt avvikling av den vidaregåande skulen si avdeling i Valle. Då eg i dag høyrde det, tok eg ein telefon til Ann Christin Jacob for å høyre om ho som avdelingsleiar ville vere med. Men det kunne ho ikkje, og ho gav telefonen til Birgit Attestog, som heller ikkje kunne vere med i den aktuelle timen.

Så tenkte eg at eg får få tak i ordførar Tarald Myrum. Han var i bilen på veg heim etter å ha vore på konferanse om Likestilling, integrering og mangfold og sa seg villig til å kome i radioen klokka 19. Så tenkte eg at eg vil høyre kva gullsmed Ørnulf Hasla synest om det, og han var og villig til å kome i radioen. Så fekk eg ein SMS frå Ann Christin om at eg kunne prøve fylkesskulesjef Bernt Skutlaberg, kanskje han kunne bli med. Det kunne han, sjølv om han var i eit møte.

Eg får blogge meir om det i morgon, eg nemner bare at eg og hadde eit innslag om vegnamn i Valle. No får husa nummer. Marit Henriksen hadde mykje og god informasjon. Det hadde også Andres Helle, som fortalde om arbeidet med årsskriftet for Setesdal sogelag. Den aktuelle timen vart altså svært aktuell.

Etter den måtte me roe oss noko og då høvde det godt med country gospel før postludium og Kyrkjebakken.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *