Meir om Valle vidaregåande skule

Share

Du hugsar kanskje at eg ein tysdag for eit par veker sidan, det var 11. november, hadde ein aktuell time med debatt mellom ordførar Tarald Myrum, gullsmed Ørnulf Hasla og fylkesskulesjef Bernt Skutlaberg. Bakgrunnen var forslag frå fylkesrådmannen om ei styrt avvikling av Valle vidaregåande skule.

Tysdag 25. november var saka oppe i fylkesutvalet. NRK laga ei melding på saka som dei kalla Tenkepause om Valle-skole. Her går det fram at det politiske fleirtalet i fylkestinget ikkje er budde på å legge ned skulen i desember, slik det gjekk fram av samtalen i vår sending. Heller ikkje Ap vil gå for dette, og dermed er skulen sikra inntil vidare. Han skal diskuterast i februar og i mellomtida vil politikarane ha nye utgreiingar. Tellef Inge Mørland frå Ap meiner at skulen bør flytte til Hovden heller enn å bli lagt ned medan det politiske fleirtalet meiner at ein bør samarbeide meir med den lokale gull- og sølvsmednæringa.

Eg veit ikkje om programmet i Valle Radio hadde nokon verknad i høve til konklusjonen politikarane kom til, men etter programmet vart saka drøfta i formannskapet i Valle og det vart truleg teke initiativ til å få gjort noko både frå politikarar og næringsliv. Det er moro å lage radio når ein kan ha svært aktuelle saker på dagsorden.

Og så litt om gårsdagen:
Sendinga i går måtte gå ut, eg trur at det var tekniske problem i Bykle som var årsaka. Men publikum er ikkje så sikre på det, eg møtte ein person i dag som meinte at det var politikarane som ikkje ville at folk skulle høyre på, då kunne dei seie kva dei ville. Det kom i det heile svært mange reaksjonar på at sendinga i går fall ut. Vi tenkjer ofte at det kanskje ikkje er så mange som høyrer på Valle Radio, men når det skjer noko uventa, får vi mange reaksjonar. Det syner at radioen betyr noko for folk flest.

Til slutt litt om prioritering:
Måndag kveld hadde Valle Ap nominasjonsmøte. Tysdag morgon møtte eg Kim Pedersen og spurde kven som hadde lista dei hadde sett opp. Det hadde han, så eg skulle få den seinare på dagen med tanke på å formidle den i Valle Radio. Kan hende kunne det vere aktuelt med eit intervju.

Men seinare på dagen hadde han fått avklart med ein eller annan at Setesdølen skulle få lista og trykke den i avisa før andre kunne få den. Dermed vart det ikkje noko innslag i tysdagssendinga om dette, noko eg tykte var leitt, for folk er opptekne av nominasjonslistene.

I dag hadde likevel NRK Sørlandet fått lista og kunngjorde at Steinar Kyrvestad står på første plass,noko som vel vil kome i Setesdølen i morgon. Om Valle Ap skal få sendetid i Valle Radio, bør dei dele stoff med radioen, det er no mi meining ein sein torsdagskveld.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *