Smaken av Setesdal

Share

Kortreist mat er i vinden. Det er eit paradoks at det er vanskeleg å få tomatar frå Bjorå på Evje, men ikkje vanskeleg å få dei i Oslo.

Smaken av Setesdal satsar på kortreist mat. Nyleg fekk dei 300.000 kroner frå sentralt hald for å satse på kortreist mat, og Åse Ingebjørg Flateland, som var i studio onsdagskvelden for å fortelje om dette, ho er styreleiar i selskapet, var glad og inspirert då ho fortalde om tiltaket.

I dag har samvirkeorganisasjonen Smaken av Setesdal 12 medlemmer, men fleire er inne på tanken om å bli med, og torsdag 20. november samlast dei på Hovden for å drøfte korleis stoda er no. Dei arbeider mellom anna med å få til eit merke som kan nyttast og det er mange andre spørsmål som melder seg når ein skal marknadsføre kortreist mat frå Setesdal.

Sjølv hadde Åse Ingebjørg i samband med ei oppgåve ho skreiv då ho studerte på Høgskulen for Bygdeutvikling studert tilsvarande prosjekt på Røros. Det er mogleg å få til noko om ein er viljug til å satse. Setesdal Regionråd har vore viktig i arbeidet for å få Smaken av Setesdal på beina og dei har halde arbeidet varmt også når det har vore vanskeleg å kome vidare. Med løyvinga frå sentralt hald ser det ut til at ein no kjem vidare, men det er på ingen måte enkelt å finne løysing på spørsmål om distribusjon for produsentar og marknadsføring for dei som vil selje kortreiste produkt. Det er neppe råd å få avsetnad på alt gjennom gardsbutikk, til dømes.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *