SV-liste i Setesdal?

Share

I kveld var det møte for SV på Sølvgarden. Partisekretær Silje Schei Tveitdal var i Froland i går kveld, og før møtet var slutt, hadde folk fått til ei liste for SV til kommunevalet neste år.

Dette fortalde ho på telefonen i ein samtale eg hadde med henne i den aktuelle timen. I dag tok ho buss frå Froland til Rysstad, og så var det møte på Sølvgarden klokka 18. Der skulle ho fortelje om saker partiet er oppteke av, særleg om miljø og rettferdig fordeling.

Før eg hadde praten med henne, var Åse Ingebjørg Flateland i studio for å fortelje om smaken av Setesdal. Då eg fortalde henne at neste gjest var Silje Schei Tveitdal, fekk eg vite at dei var tremenninigar, så i praten helsa eg til henne frå Åse Ingebjørg.

-Er det SV-medlemmer i Setesdal, spurde eg.

-Det er då det, svara Silje Schei Tveitdal. Når det er stortingsval, får vi ein del stemmer frå Setesdal, så kanskje er det grunnlag for å få til liste i ein eller fleire av setesdalskommunane. Turneen eg er ute på no er for å sondere situasjonen i høve til dette. Møtet på Rysstad er ikkje bare for Valle, men for heile Setesdal, sa ho, og fortalde at denne gongen hadde ho bare høve til det eine stoppet i dalen.

Silje Schei Tveitdal har vore vald partisekretær for SV i 6 år. Ho er ikkje folkevald, men tillitsvald i partiet og dermed ein av leiarane i SV. Ho har bakgrunn som leiar i Natur og Ungdom og har vore engasjert for miljø i heile livet. Du kan lese meir om henne på Wikipedia:
https://no.wikipedia.org/wiki/Silje_Schei_Tveitdal

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *