Målpris og Årets Sørlending

Share

«Å håyyy adde samen. For en dage det hive vore i dag. I fyrmiddag fekk eg tlf at eg va årets sørlands kjendis åsså va eg ti flateland å der fekk eg målprisen. Mange takk adde samen for flotte tilbakemeldingar». Slik skreiv Tor Espen Helle på Facebook i dag.

Å bli kåra til «Årets sørlandskjendis» og å få målprisen same dagen kan nok bli mykje for nokon kvar. Når ein ser på dei som var nominerte til Årets sørlandskjendis, er det nok mange som på ulike måtar har stått sterkt, men ingen slo altså Tor Espen. Det seier litt om kor sterkt programmet på TV har vore. For her var det mange kjende namn:

Marte Wulff (33)
Zlatko Tripić (22)
Lila Elveseter Abrahamsen (12)
Toffen Gunnufsen (53)
Raylee (Charlotte Kristiansen, 17 år)
Alejandro Fuentes (27)
Cecilie Thunem-Saanum (42)
Thor Hushovd (36)
Siri Tollerød (27)
Erlend Ropstad (40)
Veronica B. Vallenes (35)
Steinar J. Olsen (44)
Sarita Sehjpal (47)
Bartek Kaminski (36)
Terje Formoe (65)

Her er lenke til artikkelen om dei nominerte: http://www.fvn.no/kultur/Na-kan-du-stemme-pa-Arets-sorlandskjendis-2725195.html

Gratulerer så mykje, Tor Espen

Juleselskap

Share

I dag var det tid for storfamilien sitt juleselskap. Med storfamilie meiner eg i denne samanheng alle oss søskena sine familiar. Mor var samlingspunkt for oss, men ho døydde i mai, så no er eg den eldste av etterkomarane hennar.

Vi er fem søsken, når vi alle samlast med barn og barnebarn kan vi vere over sytti personar, men det er ikkje lett å samle alle, så i dag var vi 46 personar samla i Lyngdal, der søster mi bur. Det er lagleg mellom Oslo og Rogaland.

Etter kvart er det blitt mindre vanleg med juletrefestar. I Valle var det også i år juletrefest i menighetshuset og i Oveinang, men før var det juletrefestar i alle grendehus i alle skulekrinsar. Då søster mi i går var innom staden der vi hadde vårt juleselskap, var det juletrefest der, men dei var færre enn vi var då storfamilien samla seg.

Men unge og eldre fekk høve til å gå rundt, syngje julesalmar og juleviser, praten gjekk lett og oppgåver rundt småbord var fine for å trekkje med dei fleste i samtale. Så lyt ein tåle litt støy frå dei yngste, i kveld var den yngste bare eit par månader og den eldste over 70. Det er godt å kunne kome saman slik, elles vert det lett bare i gravferder ein møtest. Nå var det ikkje sorg over ein som hadde gått bort, men tvert om ei glede over å kunne vere saman og dele fellesskap og vennskap.

Så gjekk praten lett om laust og fast, nokre hadde mykje å dele, andre kunne lene seg tilbake og lytte. Ikkje bare om opplevingar i året som låg bak, men og om utviklinga i storfamilien, kven som bur her og der, kven som hadde lang reiseveg og difor ikkje hadde høve til å kome, kven som var på andre julebesøk og difor ikkje var med oss i år. Nokre har opplevd dramatiske ting i året som gjekk, for andre har livet vore meir på det jamne. Slike ting kan og delast i eit juleselskap. Og så er det mat, ikkje bare ein pose med appelsin og snop, men bugnande bord med koldtbord-oppdekking og kakebord seinare, kvar tek med seg litt, og så deler vi. Det blir litt oppvask og høve til skalkefest dagen etterpå, men triveleg er det.

Jol i Setesdal 2014

Share

I joleferien kunne det jo høve å lese årets utgåve av Jol i Setesdal. 60 sider lokalhistorisk stoff. I år er det bare ei novelle, det er Bjarne Tveiten som har skrive med tittel Konfrontasjonar i høgfjellet. Der tek han utgangspunkt i historisk stoff knytt til Langevassgruvene, gruvedrifta i Breiveheiane.

Soknepresten i Bygland, Eiliv Lønningen, har skrive joleandakten i dette nummeret. Ingebjørg Nesland Steen minnest ein tur til Gyvatn og Aurådalen i 1967 og Bjug Åkre har skrive om oppvekst i Valle på 1940-talet.

Andres Helle har artikkelen Det ukjente brevet frå 1905 og Klara Retterholt har skrive artikkelen Helsing heim. Knut Gunnar Solberg har skrive Færdaminner frå ein veglaus gard og Olav M. Holen har ein artikkel om Gunstein Tveiten – ein ekte byklar. Torkjel Segberg har Minne frå krigsåra i Åraksbø. Arne T. Aabø har skrive “riksveien Lyse – Sætesdal – Telemarken” og Tormod Tveitå har skrive To bryllup og ein tragedie. Astrid Mjåland har skrive Før jul – før og nå og dei store artiklane vert avslutta med Marte Viki sin artikkel Sakn, som var vinnarstilen i mållagstevlinga 2013.

I tillegg er det fleire dikt av S. Stenersen, Knut K. Homme og Oddbjørn Årdalen, og som vanleg ei rekke stev i tilknytning til lysingane i bladet. Illustrasjonar er ved Mona Ida og heftet kostar 90 kroner.

I år er det nytt skriftstyre: Anne Margrete Bjåen, Olav T. Åkre, Olav Arnfinn Arneberg, Birgit S. Haugen og Marit Fjordheim. Opplaget er på 1800 i 53. årgangen av Jol i Setesdal.

Litteraturtog

Share

I kveld vart eg sitjande og sjå på programmet om året med kongefamilien. Eg var ikkje klar over Mette Marit sitt engasjement for litteratur. Ho les for barna sine, det er jo ikkje så uvanleg, men det var og eit glimt frå eit litteraturtog der ho hadde reist frå Bodø til Trøndelag og stoppa på stasjonar for å ha litteraturprogram, åtte stopp på to dagar. Ho hadde til og med funne bøker i ein bokhandel i Vietnam som ho ville sitere frå på reisa.

– Tanken med Litteraturtoget er at folk skal få være med å dele leseropplevelser som har betydd noe for dem i livet. På hver stasjon kan barn, ungdom eller voksne komme og fortelle om viktige opplevelser de har hatt mens de har lest. Det gleder jeg meg veldig til, sa ho til nrk.
http://www.nrk.no/kultur/bok/h.k.h-mette-marits-litteraturtog-1.11622372

Sidan opna ho pop-up bibliotek i Dronningparkens lysthus, og vi såg bilete frå benker fulle med bøker.

Bøker er den beste julegaven, og i år var det bøker under treet hos oss. Sjølv fekk eg boka om Nicolai Wergeland, den gleder eg meg til å lese. Han var jo Eidsvollsmann, akkurat som dei to Setesdølane som er omtalte i Leonhard Jansen si bok, Setesdal, setesdølar, Eidsvoll og 1814. Kanskje var den under juletreet ditt?

Boka om Wergeland er nokså omfattande, han sette spor etter seg litterært gjennom fleire bøker. Dermed er det meir å ta fatt i enn det er etter dei to bøndene frå Setesdal når ein skal skrive.

Formidling av litteratur gjennom eit litteraturtog og eit pop-up-bibliotek. Kanskje burde vi få eit pop-up bibliotek i Setesdal på nyåret?

Julebrev som sjanger

Share

Julebrevet er ein sjanger eg set pris på. I år har det vore diskutert om det er på veg ut, sosiale medier tek over så sjøl litt fjerne venner kan fylgje med korleis vennene har det.

Det er blitt forska på julebrev og forskarane har funne ut at dei er ein slags sosial årsrapport. Dei fleste skriv om positive ting i julebreva. Men i år klarte Mari Maurstad å skrive om noko trist på ein måte som mange har delt, eg las avsnittet både i Vårt Land og Aftenposten:

«Livet er lyst! Ikke SÅ rosenrødt for Aage, som nå stod foran julekonserter med cello og rød sløyfe. Sløyfen ble byttet ut med fatle. Etter­ styrt på sykkel. (Heldigvis MED hjelm.) Han knuste albuen, da han i et sinnsforvirret RUSKEN-­øyeblikk i luften ikke ville forsøple gaten med isen han holdt i hånden. Nå er albuen full av ståltråd og lego­klosser. To tenner gikk og ansiktet så helt KORREKT ut: det var ­nemlig HALLOWEEN den ­dagen. Kunne ha fått mye ­godteri med DET trynet!»

Mari Maurstad skriv 600 julebrev, så ho har god trening. Dermed kan ho skrive morosamt om ein slik trist sak.

Sjølv les eg dei julebreva eg får med interesse og glede. Dessverre er eg ikkje så flink til å skrive dei. Av og til tenkjer eg at folk les bloggen min og dermed er dei oppdaterte, men når sant skal seiast skriv eg jo mest om Valle Radio her og ikkje så mykje om meg og mine. Så julebrevet vil nok ha sin funksjon for å fortelje om meg og mine.

I vår epost-tid får eg håpe at eg får skrive eit slikt brev i romjula. Det er nok sikkert betre enn å ikkje skrive noko i det heile.

Jolesending 2014

Share

Som vanleg var det sending i Valle Radio lisle joleaftan. Det var Ørnulf Hasla som var ansvarleg, han hadde med seg Bjørgulv T. Berg, og teknikar var Jørund Georg med hjelp av Kjetil Carolis Jore og Torleiv Haugen Soltun.

Sendinga starta klokka 17 med direkte sending frå sentrum. Der fekk eg med meg at det var ein vinnar frå Bykle i pepparkakehuskonkurransen, Sissel Åkre hadde vore med i juryen og var med i sendinga.

Deretter var det trekning i lotteriet der ein kunne vinne ein iPhone. Det var mange gevinstar, ikkje alle loddnummera som vart trekte ut, var til stades, så då måtte dei trekke ein gong til. Det var Flavia Johnson Homme som vann telefonen.

Då sendinga i sentrum var slutt, var det tid for boksemat, det vil seie program som var laga for ei veke sidan. Først var det Tankar frå Bibelen, der var det dei faste andaktshaldarane Bjørgulv T. Berg, Torleif Harstad og Håvard Viki, i tillegg var sokneprest Terje Seilskjær med. Dei hadde og ein telefonprat med Knut Svein Dale om hans jolefeiring. Torleif Harstad fortalde om jolefeiring på 1950-talet i Valle.

Siste delen av kvelden hadde så Bjørgulv og Ørnulf ansvaret for. Dei hadde ein prat med Jan Olsen på Cuba og med Kirsten Bråten Berg i studio. Deretter fekk vi den årlege ordførarhelsinga frå Tarald Myrum. Om det var meir på programmet etter det, fekk eg ikkje med meg, for då vart eg oppteken med andre gjeremål. Men det vart ei fin sending så langt eg kunne høyre.

Då er det bare å ønske alle lyttarar av Valle Radio ei god jol.

Litt statistikk for Setesdalswiki

Share

I desse førjulstider er det litt nedgang i besøkstalet på Setesdalswiki. Folk er nok opptekne av anna enn å lese i eit leksikon for Setesdal. Likevel er besøket til no i desember nesten like høgt som for heile februar i 2014, 3720 unike gjester, mot 3939 i heile februar. Årets topp var i september, då hadde vi 5775 unike gjester som såg på over 117.000 sider.

Det totale talet på sidevisninger er 2 718 539.

Vi skriv om smått og stort på Setesdalswiki, kjente folk og ukjente folk, prestar og predikantar så vel som stader, gatenamn og fjelltoppar. Etter at vi i haust la inn datoartiklar tilbake til år 1800 og i kjølvatnet av det fekk personmalar med fødselsdatoar, kan vi på framsida vise kven som har fødselsdag på dagen i dag. 23. desember 2014 har fyller Knut Svein Dale 65 år, Sigurd Wiberg 46 år og Wenche Tangene 51 år. Det er blitt ei kjelde som gjer at folk som kjenner den som fyller år, kanskje og hugsar på å sende helsing til fødselsdagen, anten via facebook eller ved ei melding. Slik fungerer Setesdalswiki sosialt som ei hjelp til deg og meg.

Bli gjerne med i dugnaden, anten det er aktuelle eller historiske ting du er mest oppteken av. Jola kan for nokre vere ei godt tid til å prøve skriving, det er bare å registrere seg og gå i gang.

Diamantar

Share

I innspurten før jol hadde elevane på Valle vidaregåande skule kurs om diamantar. Leiar av Norges Gullsmedforbund, butikkavdeling, var kurshaldar, og tysdagskvelden hadde eg ein prat med han. Han fortalde om ivrige og flinke elevar.

Dette kurset var eit informasjonskurs, ikkje eit kurs der elevane skulle arbeide med diamantar, men eit kurs der dei skulle lære om dei fire kjenneteikna, på engelsk Carat, Colour, Clarity og Cut.

Nore fortalde at elevane i Valle er svært flinke og ivrige, to elevar frå Valle konkurrerer no om å bli Norge sin representant i VM i gullsmedfag i Brasil neste år, ein tidlegare og ein noverande elev. Dei har kvalifisert seg gjennom å vinne NM i gullsmedfag.

Oppgåva er ikkje eigen kreativitet, men handverksmessig dugleik. Dei får oppgitt eit smykke dei skal lage, alle måla er der, og så skal dei jobbe i 22 timar på å fullføre oppgåva.

Då eg spurde han om sølvsmedane i Setesdal jobbar med diamantar, vart Ragnvald Nore noko usikker, han visste jo at i Setesdal er det mykje tale om bunadsølv. Men seinare på kvelden kunne Ørnulf Hasla fortelje at dei hadde smykke med diamantar i butikken, så om nokon ønsker seg eit slikt smykke, kan dei finne det hos Hasla i Valle sentrum.

Av og til

Share

Tysdagskvelden snakka eg med koordinator for Av og til i Setesdal. Wenche Gauslå Hægeland hadde eit innlegg i Setesdølen tidlegare i desember der ho tok opp problemet med at barn opplever å bli utrygge når foreldre og besteforeldre drikk. Og i våre dagar er det meir alkohol i jolefeiringa enn det var før.

Kommunane i Setesdal har blitt med i Av og til og skal arbeide for å redusere bruk av alkohol, særleg der barn er til stades.

Vi snakka ikkje særleg mykje om dagen derpå-promille, men Wenche Gauslå Hægeland minna om at det er lurt å planlegge korleis ein skal kome heim når ein dreg på jolebord. Om ein står der etter ein morosam kveld og ikkje har sjåfør, blir jo ikkje kvelden så morosam likevel. Det er best å vere heilt alkoholfri når ein skal køyre bil. Og heilt bilfri når ein skal drikke alkohol.

Det er eit telefonnummer barn og vaksne kan ringe om ein opplever at omsorgspersonar ikkje kan ha omsorg for barna. Alarmtelefon for barn og unge 116 111.

Joleavslutning 2014

Share

I kveld, torsdag 18. desember, samla 15 av medarbeidarane i Valle Radio seg på Valle motell for å ha joleavslutning. Det vart ei hyggeleg samkome, god mat og god prat.

Styreleiar Ørnulf Hasla takka alle for innsatsen i året som gjekk. Det har vore eit rart år, svært forkorta i talet på sendingar ettersom vi ikkje hadde meir enn fem vanlege onsdagssendingar i haust. Det tok lang tid å få ny sendar i Åmlid.

Vi snakka og om det nye systemet med at vinnaren av påskelotteriet får eit gåvekort som kan takast ut hos ein av sponsorane. Det er ei ordning alle er nøgde med.

Sjølv var eg spesielt nøgd med at vi har fått i gang sendingar på burmesisk i radioen. Det bur hundre menneske med burmesisk språk i Setesdal, og no får dei lokalradio på sitt språk, akkurat som samar får i NRK. Nyhetsstoffet lagar eg på norsk, og så omset opplesarane det til burmesisk. Diverre kunne ingen av dei vere med oss i kveld, ein hadde teke joleferie og reist frå Valle og ein var sjuk. Men vi held fram på nyåret.

Til våren er det bare to kommunestyremøte i perioden vi har sendingar. Om vi skal halde fram med sending annankvar veke, eller om vi skal prøve å kome på lufta kvar onsdag att, det skulle vi sjå litt på snarast og så vil det kome liste med oppsett over korleis systemet vert til våren.

Til slutt var det bare å ønske kvarandre god jol og takke for året som ligg bak oss.