Diakoni i Otredal

Share

Tysdagskvelden fekk eg ein hyggeleg samtale med Anna Heggland, som er prostidiakon i Otredal prosti. Ho overtok etter Per Emanuelsen i august og noko av det første ho jobba med var Countryfestivalen på Ose. Der har kyrkja i mange år hatt eit rom der folk kunne kome for samtale, vaflar og kaffe, og sjølv om Per slutta, var det ikkje aktuelt å stoppe å være med på Countryfestivalen.

Anna fortalde om seg sjølv, ho har ein mangfoldig bakgrunn som sjukepleiar med tilleggsutdanning i psykiatrisk sjukepleie og diakoniutdanning. Ho arbeidde i si tid på ein sjukeheim i Kvalsund i Finnmark som Samemisjonen dreiv, difor var det interessant for henne å vere kretssekretær for Samemisjonen på Sørlandet eit års tid. I denne tida besøkte ho og arbeidet som vert gjort i Finnmark og på Kola. Men ho har ikkje lært seg samisk, sjølv om ho meiner det er lett å lese, for det vert uttalt som det står skrive.

Etter året i Samemisjonen arbeidde Anna på sjukehuset i Kristiansand før ho søkte på stillinga som prostidiakon. Det er ei 70 prosent stilling som er fordelt på seks kommunar etter ein nøkkel, så ho jobbar helst partalsveker i Setesdal og resten i Vennesla. Ei av oppgåvene hennar er å inspirere diakoniutval i kyrkjelydane i prostiet, dei fleste kyrkjelydane har eit slikt utval.

Stikkord for arbeidet kan vere sorgarbeid, det er grupper for etterlatte mange stader. Ofte opplever dei som har mista ein kjær person at det er godt å møtast med nokon som har opplevd det same. Elles kan skilsmisse vere ein situasjon der det er godt å ha nokon å snakke med, mange opplever sorga det ikkje vert sendt blomar til i vår tid. Rusproblematikk er også aktuell for ein prostidiakon, så det er mange oppgåver å ta fatt i. Ein kan ringe Anna på telefon 9138 2835 eller sende ein epost til henne om ein vil ha kontakt.

Her er eit intervju med henne i Vennesla Tidende: http://www.venneslatidende.no/nyheter/medvandrer-i-sorg-og-glede-1.1349744

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *