Ingeniørutdanning i Setesdal

Share

Onsdag var det informasjonsmøte om planlagd ingeniørutdanning i Setesdal. Eg snakka med Signe Sollien Haugå om dette i tysdagsprogrammet og ho kunne då fortelje at møtet på Sølvgarden dagen etter var ope for både potensielle søkjarar og for bedrifter som lurte på om det kunne vere aktuelt for dei å sende tilsette på kurs for å utdanne dei til ingeniørar.

I annonsa var det tale om fornybar energi, men Signe presiserte at det gjaldt alle slags variantar av ingeniørutdanninga. Setesdal Regionråd har vore aktive for å legge til rette for desentralisert høgskuleutdanning i samarbeid med Universitet i Agder. Lærarutdanning, sjukepleiarutdanning og barnehagelærarutdanning har tidlegare vore arrangert i samarbeid med Listerrådet og UiA, og dette opplegget er etter same malen. Det vil seie at ein samarbeider med vidaregåande skular og nyttar fjernundervisning med videokonferanseutstyret på staden der flest studentar kjem frå. Difor kan studiet gjennomførast lokalt. Kostnadene med opplegget dekker regionrådet, så det er bare studieavgift og bøker som må dekkast av deltakarane, sjølvsagt i tillegg til eventuell tapt arbeidsforteneste om ikkje arbeidsgjevar gjev fri med løn for å gjennomføre studiet.

Eg veit ikkje kor mange som møtte opp på Sølvgarden onsdagskvelden, men om ein går med planar om å utdanne seg til ingeniør, må vel dette vere noko av det beste ein kan få om ein bur i Setesdal. Mange har tidlegare nytta regionrådet sine tilbod, og det syner seg at det å studere saman med folk lokalt, gjer at studiet har større grad av fullføring enn vanleg. Vaksne, målmedvitne studentar jobbar for å skaffe seg kompetanse og styrer unna mange av problema som studentar møter på studiestader og som kan gå ut over studieprogresjonen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *