Joleavslutning 2014

Share

I kveld, torsdag 18. desember, samla 15 av medarbeidarane i Valle Radio seg på Valle motell for å ha joleavslutning. Det vart ei hyggeleg samkome, god mat og god prat.

Styreleiar Ørnulf Hasla takka alle for innsatsen i året som gjekk. Det har vore eit rart år, svært forkorta i talet på sendingar ettersom vi ikkje hadde meir enn fem vanlege onsdagssendingar i haust. Det tok lang tid å få ny sendar i Åmlid.

Vi snakka og om det nye systemet med at vinnaren av påskelotteriet får eit gåvekort som kan takast ut hos ein av sponsorane. Det er ei ordning alle er nøgde med.

Sjølv var eg spesielt nøgd med at vi har fått i gang sendingar på burmesisk i radioen. Det bur hundre menneske med burmesisk språk i Setesdal, og no får dei lokalradio på sitt språk, akkurat som samar får i NRK. Nyhetsstoffet lagar eg på norsk, og så omset opplesarane det til burmesisk. Diverre kunne ingen av dei vere med oss i kveld, ein hadde teke joleferie og reist frå Valle og ein var sjuk. Men vi held fram på nyåret.

Til våren er det bare to kommunestyremøte i perioden vi har sendingar. Om vi skal halde fram med sending annankvar veke, eller om vi skal prøve å kome på lufta kvar onsdag att, det skulle vi sjå litt på snarast og så vil det kome liste med oppsett over korleis systemet vert til våren.

Til slutt var det bare å ønske kvarandre god jol og takke for året som ligg bak oss.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *